Utlandet.

 
Den danske Regjeringi hev visst aa greida seg utan Bevilgjing; samstundes som ho uppløyste Folkethinget, hev ho ”gjevet seg” ein halv Million Kronur til Bruk aat St. Croix. Kann slikt ganga fyr seg, so kann Folkethinget gjeva fraa seg Beviljingsretten likeso godt fyrst som sidst. Det skal vera Val paa nye Medlemer Fredagen den 3dje Januar. Det skal vera betre Von um aa faa ”moderate” Folk, naar Valet vert haldet paa ei Utid. Sidst var det no midt i Vaaronni, men det viste seg aa ikkje hjelpa stort. Brudlaupet aat Prinsessa Thyra med Hertug Ernst August av Cumberland skal standa Laurdagen den 21de December.
           
England. Korkje i Yverhuset elder i Underhuset hev Motstandet mot Regjeringi fenget nokon Ting fram. Underhuset forkastad den 13de December det Mistillidsuttal mot Regjeringi, som Whitbread hadde fyresleget. Det stod 328 mot 227 Røyster. Beaconsfields Regjering hev soleids gjenget ut or med eit Yvertal paa 101 Røyster - sterkare enn ho hev voret nokon Gong.
 
Det er no likt til, at den endelege Fredgjerdi millom Ryssland og Porten skal koma i Stand. Ein av hovudpunktarne i den serlige Fredsemja er Storleiken av Krigsskadeboti. I Artikel 19 i San Stefano-Semja batt Porten seg til aa leggja ut i alt 1410 Mill. Rublar til Ryssland; men hjaa Porten var det ikke Pengar aa faa, og Ryssekjeisaren samtykkte difyr i aa tekna det Landavlaatet, som var umtalat i same Artikelen, fyr Betaling av Størsteparten av Pengarne. Paa Kongressen vart ikkje denne Saki umrødt. Det heitest, at Ryssland hev gjenget inn paa, at Landaukingi i Asia skal reknast fyr 1100 Millionar, so at Krigsumkostnaden vert sett til 300 Mill. og dertil 10 Mill. til dei ryske Undersaattar, som hev lidet ved Krigen. Pengarne fær fulla England skaffa.
           
I Konstantinopel ser det maateleg ut. Det skal vera uppdagat ei Samansverjing mot Sultanen. Mange er sette fast, og Øsingi er stor. Det hev voret fortalt i Telegramm, at det skulde vera nokot ”Kommunisme” med i Røra; dei skal no likesom fylgja med Tidi dernede ogso. Mahmud Damat, Maagen aat Sultanen, er send av til Tripolis, fyrdi han meintest aa hava ei Hand med i Spelet.
 
Det italiske Ministerium hev bedet um Avskil. Orsaki var den, at eit Tillitsuttal til Cairolis Regjering vart forkastat i Folkethinget den 11te December med ei Yvervegt av 75 R. Det er Tal um, at Ministeriet vil setja fram sitt Forslag til Vallog og so uppløysa Thinget. Elles er det og paa Tal aa faa i Stand eit Riksraad under Depretis og Sella og lata Thinget verta sitjande, elder ogso eit Høgreministerium med Thinguppløysning.
 

 

Frå Fedraheimen 18.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum