Ulukka.

 
I Kanalen ved Dover (England) støytte eit tydskt Eimskip ”Pommerania” saman med eit engelskt Skip ”Moel Eilian.” ”Pommerania” fekk eit stort Hol i Sida og sokk innan eit Kvarter etter Samanstøyten. 54 Menneskjur umkom, derav 37 Passagerar. I Times og andre engelske Blad hev frelste Passagerar skrivet, at det som gjorde mest til, at so mange umkom i det stille Vedr, var, at Mannskapet talade Nedertydsk; det gjorde det vandt aa skyna deim. Ein Passager fraa Baden hev sagt: ”Naar dei gav sine Ordrar og ropade til oss, at me skulde gjera det elder det, skynade me ikkje betre deira Meining, enn um dei hadde rødt Spansk”. Av detta kann Ein sjaa, at det ikkje vilde vera av Vegen, um dei gode Tydskarar lagde seg litetvetta etter Folkemaali i det store Fedraland. Mange Tydskarar held no bombastiske Lovtalar yver, at dei – paa Papiret – hev eit einaste Tungemaal yver det heile Rike, og det kann vera bra nog, men denne Maal-Einingi, som er kunstig, kann koma Folk dyrt aa standa sume Tider, som Ein ser.
 

 

Frå Fedraheimen 18.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum