Skule og Upplysning.

 
Om ”Norsk skuleboksamlag”.
 
Det var meg kjært å sjå, at ”Fedraheimen” heilt ut godkjenner denne tanken min om å få ut gode skulebøker heftevis ”på bondebarnets bokmål” gjenom samlag. Eg segjer blade stor tak før dette; for det gjer so godt å sjå samsyn og samhelde i di, som ein sjølv har kjært. Ogeg vonar so vist, at denne tilstyrkingja vil gjera mange fleire rådd på å skrive seg in i lage (66 b årleg, når postpengarne er medrekna). Elles skulde eg vera glad, berre det kunde koma so mange til nyår, at eg fik gjeve meg i veg frå januar kjem; for med tiden vart det då vist fleire og fleire lagsmenner. – Det er sant, som ”Fedrh.” segjer, at eg ænno vil tøyge meg eit stykkje (eg hadde nære sagt lenger, æn eg når!) berre før å sige samen med venerne av dei ømse andre stave-måtom; før det er tregeleg, at motstrævararne skal ha dette ulike abc-bruke vårt å kaste os i nasen som grun før å vera imot os! I seg sjølv er dette stavestelle då berre ei lita side på målsaken; men lel er ho, og det serlegi ei pennetid som vår, gjild til å vekkje opstyr med, då mange er so grøteleg ”etymologiske” av seg, at dei før al ting må syne fram, at dei kjenne den bokstavlege ættefar en før kvart eit ord, dei måle på papere. Dei gløyme, at dei med dette bokstavbråke, dei driv, leg grunsteinen til den same tanningen ogso hos dem, som vi no arbeide før, og som vi vone snart ret manjamt skal godkjenne os, før sidan sjølve å take op gjerda vår, når vi må gange under tuva. Stor tålsemd skulde vi berre vist syne annan i denne vegen og stødugt ha auga festa på det praktisk beste. – Eg syner, som sagt, at eg no vil gange meire til møtes med dem, som held på den gamle norske staving av ordrotom, skjønt eg helst vilde lystre dei ålmanna ”geirmaniske” no før tida (serleg då med a til æ). Men eg ser au ein annan flok, som eg likeins tru, vi må møte på halvvegen i det minste, då det ser ut til, at han både har mange gauve karar og til med di, etter mi meining, har god botten å stande på, eg meiner dem, som vil ha væk alle dei daude ordendarne (som i: noko(t), mykje(t), huse(t), mit osb). Desse e n d e bokstavarne er mesta værre før ålmugen å koma seg vel og vakkert øver æn ein e før æ, ein i før e, ein u før o osb. i sjølve ord rotom. Og so er det den plåga med desse endom, at dei tek lang læretid, skrivartid, paperrom og (på prent) desutan arbeidstid og pengar, alt utan å gjera det slaggagn, men berre amp og motbørd åt dem, som skal lesa det vi skriv.
           
Det var godt, at ”Fedrh.” spurde, om eg au kunde taka in i ”tidskrifta” mi skulebøker på ”Landsmål” (han meiner bøker med staving etter Aasens førreskrift); før det gav meg høve til her å svara, at eg vildet. Liksom eg sjølv bed folk gjeve seg med i lage før di, om eg ikkje stavar i eit og alt som Aasen, so vil eg au likefult med tak take in bøker ”på bondebarnets bokmål”, om dei er stava heilt etter Aasens måte, når berre sjølve måle og inhalde er gode varar. – Utan det frilynde vøre det lita von før eit samlag! Kom berre kjære brør og vener, og gjev døk med ”som hak og my” no, so skal vi syne, at vi kan gjera noko godt før dei stakkars bondebornom, som sit utøver alle bygdar og dregs med dette framande bokmåle og tyg seg so tør og trøt og klar, at eg mest bli gråtande, når eg i tanken ser og høyrer dem! Gud vil vist signe samhelde vårt, skal di sjå.
           
Nidaros, 12/ 12 1878.
 
O. J. Høyem.
 

 

Frå Fedraheimen 18.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum