Rispur.

 
Det var ei Kjering, som gjerne vilde vera fin og fornæm og letst hava det so stort og gildt i alle Ting. Ein Dag kom det Framande, og desse skulde daa hava Kaffi. So segjer Kjeringi til Dotter si: ”Gaa op paa Salen i Komoden efter en Dug!” No var det nok svært sjeldan dei brukad Duk der i Huset, for daa Dottri var komi upp aa Loftet og hadde voret der eit Bil, ropad ho ned: ”Moer! hev Duken Ermar?”
                                              
Det var ein Mann, som heite Jon; han var so knipen, at ingen kunde tena hjaa denne Mannen. Eit Aar hadde han ein Slaattekar, heitte Per. Dei var ute og slog paa ein Teig, som bytte med Grannegarden; han Jørund, Grannen, var au ute og slog der jamsides dei. Daa det leid paa Fyremiddagen, sette Jørund og dei seg ned og aat Fyrebite. So segjer han Jon til ’n Per: ”No skal me narra ’n Jørund og det godt! Me set oss au ned til Fyrebite, men me skal ikkje eta nokot, me skal berre lætst som me aat!” Ja, han Per laut finna seg i detta, og dei sat daa og strævad alt dei kunde og aat paa Ingenting. Men daa dei so skulde til aa slaa att, so løyste han Per Ljaaen fraa Orvet og sagde: ”no kann du tru, me skal narra dei godt! Me gjeng og svingar med Orvet og lætst som me slær, - men me skal ikkje hava Ljaa paa Orvet. Haa-haa! kor me skal narra dei!” Og han slog heile Ykti utan Ljaa.
 
Men sidan ”letst” dei ikkje eta Fyrebite meir, so lengje den Slaattaren var der.
 

 

Frå Fedraheimen 18.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum