Kristiania, den 17de December 1878.

 
Avskil. Soknepresten i Øystre Thoten N. S. Steen søkjer Avskil fraa Nyttaar.
 
Høgsterettsdom. Den danske Høgsterett stadfeste nyst Under- og Yverrettens Dom mot ein Mann i Fakse, som i 27 Aar stendigt hadde misshandlat Kona si, so ho jamt maatte røma Huset og berga seg hjaa Grannar elder i Grefter og i Skogen og til Slut miste Vitet. Domen lyd paa 8 Maanadar Tugthus.
 
Fedrelandet fortel, at det i Kristiania og Aker bur 45 avskilde Prestar. Det er ein Uting, at uttente Embættesmenn, som liver av Etterløn, flyt til Kristiania, naar dei ikkje som Fritzner, Belsheim o. fl. driv Forfattarverksemd; daa kann det sjølvsagt vera godt aa bu nær dei offenlege Boksamlingar. Det tykkjest ikkje aa vitna um stor Kjærleik til Folket i den Bygd elder By, der ein Embættesmann hev verkat, at han stryk sin Kos, strakst han fær Avskil.
 
Universitet. Høgskulen i Cimbra, det einaste Universitet i Portugal, grunnlagt Aar 1290, hev 70 Lærarar, 1100 Studentar og eit Bibliothek paa 42000 Band. – I Rom hev Paven grunnlagt eit nytt Akademi fyr historisk-juridisk Studium. Pavens Bro’r og mange namngjetne Lærde (Visconti, de Rossi, de Angelis, Re, Augieri o. fl.) er utnemnde til Lærarar.
 
Likbrenning. Helseraadet i München vil tillata Likbrenning: 1. etter Feltslag, 2. under dei faarlegaste Farsotter, 3. naar Ein dermed kann sleppa Likførsla lang Veg, og 4. naar Jordbotnen er til Hinder fyr Gravleggjing. – I Gothaer Likbrendingsomn ferdug, og Ritual utarbeidt til Bruk ved Baalferdi. Det skal syngjast ein Salme, so held Presten ein Tale; det vert songet ein Song til, og Kista vert nedfirad i eit Forkammers til Omnen under Kapellet. Presten framsegjer Velsigningi. Sidan kann Skyldingar og Kjenningar faa Løyve til aa tala.
 
Barneheim fyr Gutar. DHrr. N. Hertzberg, Jul. Riddervold, P. Rogge og Fr. Wang hev sett seg i Brodden fyr aa faa stiftad eit nytt Uppfostringshus fyr faatøke Gutar. Det er Meiningi aa upptaka Gutar i 5-10 Aars Alderen og uppdraga deim i kristeleg Aand. Dei skal vera i Uppfostringshuset til Konfirmationen, og deretter vil Styret syrgja fyr aa faa deim sette til slikt Arbeid, som kann høva.
 
Metodisterne i Amerika vil til næste Aar bruka til Mission i Sverik 20,000 Doll., Noreg 11,000 Doll. og Danmark 8,000 Doll.
 
Professor Sven Nilsson, den aagjæte Dyrforskaren ved Lunds Universitet, no 92 Aar gamal, vil til Jol utgjeva sine ”Dagboksuppteikningar under ei Ferd til Noreg i 1816.” Boki skildrar Land, Folk og Seder paa den Tid.
 
Ny Telegramtakst. Millom England og Tydskland skal fraa Nyttaar Telegram-Taksten vera 27 Øyrur fyr kvart Ord utan nokon Grunntakst. Eit Telegram paa 10 Ord vil altso kosta Kr. 2. 70, eit paa 9 Ord Kr. 2. 43 o. s. fr.
 
Sparsemd. Frimurarsamfundet i Stockholm heldt i fyrre Maanaden Festmiddag fyr 3 Krunur pr. Kuvert. Endaa fekk dei Smørgaasbord, Supa, Fisk, Steik, Etterrett, Kaffe og ”avec”. Kongen var med. Slikt plar ellest kosta 20 elder 40 Krunur Kuverten.
 
Gamal-Katholikarne (dei, som ikkje vedkjennest det nyaste Dogme um, at Paven ikkje kann taka i Misst) veks i Tal i Austrik. I Wien er 114 Huslyder gjengne yver til Gamal-Katholicismen.
 
Daa Cairoli, den italienske Fyrsteminister, fyrste Gong etter Mordfreistnaden møtte i Folkethinget, vart han motteken med stor Heider. Høgre, Vinstre, Midtgangs- og Lausgangsmenn kappadest um aa visa honom si Hyllest. Formannen stod upp og klappade, og so vart det eit Handklapp utan Like, som varde i fulle 5 Minuttar.
 
Fanny Berlin fraa Finnland hev teket den juridiske Doktorgrad ved Universitetet i Bern. Doktor-Avhandlingi ”Beitrag zur Conditionenlehre” hev no sendt Finnlands Universitet. Det er fyrste Gong ei Kvinna i Europa hev teket Doktorgraden i Rettslæra.
 
Dyr Orden. Greiv Andrassy hev fengjet Storkrossen av den bayerske Hubertusordenen. Den kostar 8000 Gylden Keisaren hev lovat aa gjera sitt beste fyr, at Greiven slepp aa punga ut.
 
Missionærarne i Kina hev paa tvo Stader voret utsette fyr Yverfall av Heidningarne. Men det skal mest vera deira eigi Skuld.
 
”Thiers’ politiske Talar” er no ferduge til Prenting. Under si Ferd til London fekk Fru Thiers Handskrifti gøymd i Englands Bank.
           
Djerv Gut. Ein liten Gut, som gjætte Sauder i Kola Sokn (Sverik) vart ute fyr Mikkel, som vilde stela ein Lamunge fraa honom. Men Guten gjætte so vel, at Mikkel ikkje fann Høve til aa koma Saudeflokken nær. So tok han si Tilflugt til List. Ein Dag saag Guten eit nygravet Hol inn i ei Steinrøys. Han stakk in i Holet med ein Kjepp, Reven styrter ut, kastar seg yver Guten og bit honom i Nakken. Det vart eit hardt Basketak. Reven er likvel den, som hev dei største Krafter, og fær Guten under seg. Men so triv Guten Reven i Strupen med den eine Haandi og i Frambeini med den andre og slengjer honom fraa seg, tek ein Stein or Røysi og legg til honom yver Ryggjen, so han knuser Ryggbeinet aat Mikkel og tyner honom sidan ved aa krasa Hovudet hans med Steinar.
 
Kongen av Bayern finn i denne tronge Tid Medel til aa byggja eit Lystslott paa Herren-Chiemsee, etter Mynster av Slottet i Versailles. Det skal kosta 36 Millionar Riksmark og med ein Arbeidsflokk paa 300 Mann ikkje verta ferdugt fyrr um 15 Aar.
 
Dei Social-Demokratar, som er burtviste fraa Berlin, reiste fyrre Laurdagen og Sunndagen kvar til sin Kant. Cigarfabrikanten Ecks tok yver Hamborg til Amerika, og dit tek ogso 18 andre Burtviste. Riksdagsmannen Fritzsche flytter til Leipzig, som er Fødestaden hans; der bur ogso Bebel. Alle dei Burtviste er gifte Menn paa 3 nær. Fritzsche vil møta fram i Riksdagen, naar den vert opnad. Dei trur, det vil lukkast, daa Liebknecht i 1869 møtte i den nordtydske Riksdag, trass i at han var utvist. Men fraa det siste Møte køyrde han radt til Banegarden.
           
Høgsteretsdom. Straffangen Ole Andreas Erikson Uppaaker-Eige, som tvo Gonger slo Uppsynsmann Christofersen i Sumar, hev fengjet 9 Aars Straffarbeid fyr den fyrste Mordfreistnaden og 15 Aar fyr den andre i Tillegg til den Straff, han upphavleg var dømd i. Han er berre 22 Aar gamal, men hev alt no Domar paa seg paa 30 1/ 2 Aar.
 
Sud-Jarnvegen.Det hev voret haldet Forhøyr i Uppegard um Ulukka den 6te Decbr. Nokot Nytt er likvel ikkje framkomet under Forhøyret, vert det sagt, berre det: at Toget vart skift inn paa Side- i Staden fyr Hovudsporet, at det vart køyrd med for stor Fart, og at Lokomotivførarar saavelsom Konduktørar var ukjende paa det Vegstykkje der Ulukka hende. – Um denne Jarnvegen kann verta opnad fyre Jol, er uvisst.
 

 

Frå Fedraheimen 18.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum