Fraa Amerika.

 
(Brevsending til ”Fedraheimen”.)
 
Her er ikkje ”fritt fyr Maalstræv” her helder. No trast eg var hityver-komen, saag eg i eit Blad eit Stykkje med Yverskrift: ”Et Indlæg i Sprogsagen.” Der fekk eg mill. A. lesa um ”Nordmannalaget” ved Skulen i Decorah, eit Samlag, som er ”skipat med det Fyremaal aa nøra og næra sann Normannskap, soleids som han kann og bør finnast hjaa kvar god norsk-ættad Vesterheimsborgar.” Enn aa finna slikt her! Det var mest meir enn heime. Der er det knapt Ein finn slike Samlag ved Seminarskulen eingong, der det daa er berre Bondegutar. – Nordmannalaget er helst eit Lese-Samlag; dei vil fremja sitt Fyremaal ved aa lesa Bøker paa norskt Maal, fyrst og fremst Diktararne. Det er væl og det Einaste Ein kann gjera i denne Vegen her i Amerika.
           
Men paa same Tid som her er Elsk til Nordmannskapen, so hev me og vaart ”Motstræv” likso godt som i Noreg. Me hev vaare ”fine” Folk her med, og fær rett som det er høyra um ”Babelsk Sprogforvirring”, ”de mange forskjellige Dialekter,” ”Bogsproget kan ikke kaldes Dansk”, o. s. fr. o. s. fr. – plent liksom heime. – Fyr meg er no eit Svar nok: detta Maalet held eg av, og detta Maalet er mitt. Og uklok var den, som vilde kasta burt sit eiget, naar ikkje det Framande var dess mykje betre. – Men i slike Ting vert nok det Framande aldri so godt som Eins eiget, kor gildt det enn kann vera i seg sjølv. –
           
I det praktiske Liv er det sjølvsagt Engelsken, som maa vera vaart ”Landsmaal” her. Dei Folk, som kjem hit fraa Noreg, er baade for faae og for lite upplærde – i det heile og store – til aa kunna halda uppe ein serleg norsk Nationalitet elder eit serleg norskt Maal. Og um dei enn var større baade i Tal og i Folkeskikk, so er dei magtstolne just ved denne Uheppa, at dei hev tvo Maal, so dei ikkje til Gagns kann korkje det eine elder det andre. Kom den norske Bonden hit med eit Maal, som han kjende fyr sitt og heldt av, og som han fann att baade i sine Landsmenns Tale og i Bøkerne, so vilde han nok kunna halda det uppe. Daa vilde væl og det Norske koma meir til sin Rett i denne store Folkeblanding. Men paa den andre Sida hev det væl og mykje godt med seg, at Nordmannen so snart vert amerikaniserad. Folk som er kjende her og hev Vit paa den Ting, segjer, at Nordmennerne hev lettare fyr aa innverka paa Amerikanararne enn t. D. Tydskaren, som held mykje stivare paa sitt eiget. Ingenting vilde vera verre enn um me prøvde aa stengja oss av fraa det amerikanske Samfund. Likevæl gjekk det væl an aa vera god amerikansk Borgar og endaa halda sin ”fedrane Sed” i Æra, og dersom dei Norske legg seg meir etter det, so trur eg dei vil gjera væl.
           
Hellest hev Nordmennerne – og Skandinavarne i det heile – meir aa segja i det amerikanske Samfundet enn Ein skulde tru. Amerikanarne legg baade Merkje til dei og vyrder dei. Dei ser, at Skandinavarne er arbeidsame og sjølvstendige Folk. Eg skal til eit Døme innføra her eit Stykkje or det Amerikanske Blad ”The Tribune”. Fyrst maa eg daa upplysa, at Val paa Utsendingar til Kongressen gjekk fyr seg her paa Nordvestkanten fyrst i Novbr. ”Republikanararne” vann, og det var mest Skandinavarne aa takka fyre. ”Tribune” skriv daa eit Stykkje: ”Æra den som Æra tilkjem” og segjer, at Ingen hev større Æra enn Skandinavarne av den Sigeren, som her er vunnen. Dei forstod kvat som Rett var og heldt fast paa det utan aa rikkast i si Meining av Lygn elder yverdrivne Lovnadar. Bladstyret sluttar Stykket sitt so: ”Skandinavarne hev lært sine Baktalarar, at dei korkje er fale (venal, som sel sine Meiningar) elder rædde, og at dei, naar det gjeld aa forsvara sin personlege Ærlegdom og sine politiske Meiningar, stend alle som ein Mann. Konservative i sine Meiningar er dei radikale i aa gjenomføra det dei trur er rett. Naar det gjeld Klaarskap i Uppfatning og Truskap i Verjing av Grunntankarne fyr Samfundet, so stend dei – tekne i det heile - ikkje tilbaka fyr dei beste. 1)Minnesota kann væl kjenna seg byrgt av, at det hev funnet Gunst hjaa eit so klokt, strævsamt og trufast Folk, som vel det til sin faste Heim, liver seg inn i dess beste Interesse og gjer so mykje fyr dess Velferd. Og naar det, som det og gjer, byd dei eit hjartelegt ”Vælkomne!” so ser vaart Samfund dermed berre paa sitt eiget beste.”
           
Men um enn Amerikanararne veit aa vyrda Skandinavarne, so hev dei daa enno lite brydt seg um aa stydja dei, naar dei vilde hava sine eigne Menn fram, og det er Skandinavarne no misnøgde med. Det kann soleids henda, at ”Republikanararne”, som til dessa altid hev havt Skandinavarne paa si Sida, kann koma til aa missa ikkje so faae Røyster, dersom dei ikkje beinkar seg etter dei her. – Men eg slepper meg kanskje so grannt mine Landsmenns Kaar. Eg skal enno berre fortelja eitgrand um det Inntrykk eg hev fengjet av Aandslivet i det heile her hitte. Det ser ut fyr meg som um det vantar nokot av den ”Inderlegheit”, det hev i Heimlandet. Det er liksom Mannens Hug ikkje er so djupt gripen av det han arbeider fyr. Viljen skulde kanskje vera so mykje sterkare, og er det gjerna og. Men han vert, um eg so maa segja, meir blind, naar han ikkje hev si Rot i full Kjærleik til Saki. Ein gjer det, Ein skal gjera, fyrdi Ein skal so. Her er difyr ikkje so full Samanslutning millom dei, som arbeider i Lag. Det er liksom Mannen stend meir einskild og er seg sjølv nok. – Men detta er no berre eit laust Inntrykk; kanhenda lærer eg aa døma onnorleids, naar eg vert betre kjend. – Hellest stend væl Aandsdaningi lægre her enn i Norig. Folk kjem fyr det meste her hit berre fyr ”Matens” Skuld, og so er det helst den, dei strævar fyre. Men dei ymse Kyrkjesamlag gjer det dei kann fyr aa spreida Upplysning. Dei tvo største, ”Synoden” og ”Konferentsen”, hev upprettat ”Seminariar”; eit tredie Kyrkjelag held paa med aa byggje sitt. Desse Skular er mest fyr aa læra upp Prestar; men hellest kann dei koma kven som vil, so lengje der er Rom, og dei kann taka upp ikkje so faae. Der er det Gode her - hev iminsto voret -, at raske Karar um Sumaren hev kunnat tena so mykje, at dei hev havt til Skulen um Vetren. Men held Arbeidsvilkori paa aa vesna enno ei Stund, so som dei hev gjort no eit Tak, so vert det væl ikkje so greidt heretter.  
           
Og hermed bed eg ”Fedraheimen” Vælliva fyr no.
 
1)”For intelligence in discerning and fidelity in advocating the underlaying principles of the nation, they are not inferior as a class to those who are “to the manner born.
 

 

Frå Fedraheimen 18.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum