Ein Fritenkjar.

 
Ei Forteljing or Samtidi.
 
IV.
 
(Framhald.)
 
So stod han upp liksom forløyst, saag audmjukt mot Himmelen og sagde: ”Som du vil, Herre!” Han sette seg i Armstolen, trøytt men glad; so fekk han ein liten Blunder. Men snart graanad Dagen i Aust, og han vaknad. Han gjorde Morgonbøn fyr seg sjølv, tok so fyr seg Teksten og tenkte paa Preika. Daa det tok til aa ringja, gjekk han aat Kyrkja. Han var bleik, men roleg og mild. Bønderne saag paa honom og helsad djupare enn vanleg. Prestkona og Ragna kom ei Stund etterpaa; Hans og Eystein kom ikkje til Kyrkja, fyrr Presten stod paa Stolen.
 
Jolepreika var eldfull og god. Han talad um Englesongen ”Fred paa Jordi.” Dei hadde sjeldan høyrt den Gamle so gild. Men til Slut kom ei Røda, som vekkte ymis Undring. Det var um Politikken.
 
”Kjære Kristne,” sagde han, ”korleids er det i vaare Dagar med Freden paa Jordi? – Aa, mine Brørar, me veit det altfor væl. Freden er burte fraa oss; han er kvorven, liksom ei fager Kveldsky. Vonde Magter rører seg i Tidi. Djevelen er ute og freistar paa nytt Lag Mannen til aa eta av Kunnskapstreet og riva seg laus ifraa Gud. Agta deg, agta deg, kjære Broer! Agta deg fyr dei falske Profetar, som forkynner eit nytt Evangelium og lovar deg ”Fridom” og ”Upplysning” og alt Godt, ja lovar deg Gudeverd og Velde, naar du berre vil eta av det bannlyste Tre! Dei gjev seg ut fyr Faar, men dei er innvortes gløypande Ulvar. Dei lovar deg Fridom, men dei gjev deg Trældom, Syndetrældomen, som er den verste Trældom av alle; dei lovar deg Sæld og Lukka, men dei stel deg burt fraa honom, som aaleine eig Sæla og Fridom fyr vaar arme Ætt. Dei lovar deg Tryggjing og Vernd mot alt Hardstyre og all Ovmagt; men dei gjev deg gladeleg i hans Magt, som er Faer aat alt Hardstyre og all Urett, han, som er Manntynaren ifraa Upphavet. Kjære Kristne! Lat oss vaka og beda! lat oss prøva Aanderne, um dei er ifraa Gud! Lat oss stengja Øyro og Hjarto fyr dei falske Røyster og daarande Galdresongar, som lyder til oss fraa alle dei myrke Djuv og Avgrunnar i denne vonde Heimen! Lat oss ræddast fyr denne ville og syndefulle Fridomshug, som fraa Adam av hev voret den djupe og sanne Kjelda til all vaar Naud! Lat oss beda um ”Fred paa Jordi;” for daa fyrst kann og vaar gode Herre Gud hava Hugnad i Mannsens Ætt.” – Dermed sluttad Talen.
 
Hauk sat og beit seg i Lippa; han var baade arg og full av Laatt. So snart Presten hadde sagt Amen, stod han upp og gjekk ut. Han burde i Grunnen fara or Bygdi med same, tenkte han. Det vart ikkje godt fyr honom aa vera i Prestegarden etter detta. Skulde han tala med Presten no, maatte han anten fara med Lygn elder so fornærma sin Vert og sin Faers Ven med saare ord. Dessutan var det væl den Tullingen Balle, som kom til aa verta Herre i Huset no. Hadde Gamlen bøygt seg so langt, so hadde han i Grunnen sleppt Taumen. – Men so var det Ragna. Ragna maatte han tala med. Ja, - so fekk det skura. Han fekk finna seg i det andre so godt han kunde. Det vart væl altid ei Raad til aa vrida seg fraadet. Ein fekk venja seg til med aa tigja og lida her. I detta Samfundet var nok detta den einaste Utvegen og, dersom Ein vilde faa gjort nokon Ting. ”Dessutan, kvat kjem alle desse Jaalingarne meg ved?” tenkte han. – I det same kom Hans. ”Kor vert det av deg, Gut?” ropad han. ”Aa – eg maatte ut og faa frisk Luft,” svarad Hauk; ”det vart nokot kvævet der inne.” ”Jaso. Men kann du skyna kvat som kom aat Faer, du? Han hev daa liksom voret ein liberal Mann fyrr!” - Hauk vreid paa seg. ”Ja, liksom,” sagde han fyr seg sjølv. ”Skal me inn att?” spurde Hans. ”Nei Takk,” svarad Hauk. ”Høyrer du ’kje, kor dei remjar der inne? – Dersom Vaarherre kann finna Smak i slik Song, so . . . Naa! lat oss rusla paa Heimvegen.”
           
Dei gjekk heim og gjorde seg det koselegt der. Men Hauk ventad paa Ragna.
 
V.
 
Det var Middagslag i Prestegarden. Lensmannen var der, og Prestens Medhjelparar; like eins saag Ein den gamle Klokkaren der, og fleire Lærarar. Men ikkje Vikstad. Alle, som kom, takkad Presten fyr den gilde Joletalen, og serskilt vart det takkat fyr den Sluten um Politikken. Balle kom med eit stort Høgtids-Andlit, bøygde seg djupt og takkad Presten med høgt Mæle, fyrdi han endeleg hadde avsagt Freden med dei Helvites Aandsmagter, som i desse Dagar kom snikjande inn mot Kyrkja og Guds Folk. Tilslut kom Futen, Hr. Flint, kjend som gamall Fritenkjar og hellest ei stor Vyrdløysa, farande i full Stas, flaug like paa Presten og takkad honom paa same Maaten. “Desse Fandens Fridomsfolk”, sagde han – han var fæl til aa banna, Futen – øydelegg alt fyr oss, baade Autoritet og . . . og Autoritet og . . . og alt, som heilagt er, so det var - -! paa høg Tid, at Pastoren tok i. Eg hev tenkt paa det lengje. Det er Religionen og Kyrkja, som skal berga oss. Me hev ikkje annat aa halda oss til. Nei -! um me hev. Difyr hev eg altid havt stor Vyrdnad fyr dei Ting. Takk skal De hava, Hr. Pastor, og hald fram som De i Dag tok til. Ved alle Gudar! det er paa Tidi.”
 
Han slog sine feite Hender ihop so det klass. ”Ikkje sannt, Hr. Kapellan?” – han snudde seg til Balle. ”Jau, i den Ting kann eg halda med Hr. Futen,” sa Balle, ”um eg enn ikkje vilde bruka slike sterke Ordelag.” ”Orsaka, orsaka,” bad Futen og freistad aa bøygja sin stutte digre Person; ”men me er samde i Hovudsaki. Spilar Kapellanen Whist?” - Desse tvo kom no i Prat ei Stund; Presten talad med Bønderne og saag glad ut; so bar det aat Bordet. Futen vilde strakst til med Maten og bannad paa, at det aldri fannst slik Mat nokon Stad som paa ein norsk Prestegard; so vardest han, at dei hine sat og las Bordbøni, og so prøvde han aa gjera som dei. Hauk var i Beit med Laatten; for det høvde so uheppeleg, at Futen kom til aa sitja rett imot ’n ved Bordet. Men Futen ”las”, og las væl so lengje som dei hine, sluttad so med eit halvhøgt ”Jesu Namn”, som var meint paa aa høyrast yver heile Bordet.
           
”Ja, som sagt,” tok han i, ”Kristendomen er ein stor Ting, ei aalvorleg Sak. Det hev eg altid sagt. – Nei, nei, fyr delikat Supa, Frue! – Kvat meiner no De, Hr. Hauk?”
 
”Um Kristendomen? elder um Supa?” svarad denne.
 
”Um Kristendomen, naturlegvis! for um Supa kann det kje vera meir hell ei Meining.- Ah! superb!”
 
”Eg meienr det er best me held oss til Supa so lengje, eg,” sagde Hauk.
           
”Ja visst,” sagde Futen; ”men Kristendomen er og ein vigtig Ting, og det gjeld um aa faa den Saki klaar fyr seg, som det stend i Avisa. Det er eit brenn- - hæ-hæ! – eit brennande Spursmaal, ser De! – Jamen er det det.”
 
”Brennande Spursmaal duger ikkje til Maten,” sagde Hauk.
           
”Pøh!” meinte Futen, ”eg er aldri meir i Lag til aa tenkja paa Vaarherre og dei Ting, enn naar eg fær god Mat. Dessutan er det Kristendomen, me hev aa takka fyr all denne gode Maten. Var ikkje Kristendomen, so var ikkje Kulturen; og var ikkje Kulturen, so var ikkje Hanna Vinsnes’s Kokebok, og var ikkje den, so gjekk me her og klavrad og kleiv i Bakkar og Berg og aat Blaabær og Bork liksom i Gullalderen. Fy! - Er det ikkje sannt som eg segjer, kanskje?”
 
Der vart Laatt og Prat Bordet rundt. Hauk blinkad burttil Futen, lyfte Glaset og kviskrad ”vive la culture!” burt til ’n. Futen nikkad og drakk. ”Ja ja!” sa han, ”d’er som eg segjer, det er som eg segjer...”
 
”Ja – hm!” tok no ein av Storbønderne i, ”eg meiner der er nokot i det som Futen her hev sagt. Her maa vera Orden i Samfundet, og skal me hava Orden, maa me hava Autoritet; men misste me Kristendomen, so vilde heile denne ville agalause Mugen reisa seg, og so var det ute med all Skikk og Orden. Det vart reint raadlaust aa liva paa den Maaten. Eg vil berre segja liksom naar Husmennerne vilde gjera Uppreist mot Gardmennerne...”
           
”Javisst!” skreik Futen, ”de gjekk fraa Gard og Grunn alle Mann! – Høyrer De, Hr. Student -: sjølv Aasrud med sin simple Menneskeforstand skynar detta!”
 
Hauk nikkad og lo.
 
Aasrud kjende seg Kar og heldt fram:
 
”Og dersom desse Husmennerne fekk Røysterett og kom paa Thinget, ja so Gud hjelpe baade Prestar og Kristendom og Øverheit og all Ting! Det vart reint som i den franske Revolusjonen, det. Eg vil rigtigt segja Presten Takk fyr dei gode Ordi, han sagde i Dag, og eg tenkjer flest alle vil vera med paa detta.”         
 
”Husmennerne og?” spurde Hauk.
           
”Hm - ! ja . . . Ja dersom dei visste sin eigen rette Bate. – Hm.”
           
Hauk glytte uppaa Presten. Denne sat tagall og høyrde paa og saag ikkje lenger so glad ut. ”Stakkars Gamlen!” tenkte Hauk; ”no er han komen i godt Sellskap.” –
 
Kapellanen tok Ordet.
 
”Hm. – At Kristendomen er den einaste sanne Grunnvolen for all Folkelukka, det er det væl ingen her, som tvilar paa.” Han saag søkjande burtpaa Hauk. ”Me er alle av Naturen sjølvstyrne og sjølvlyndte, og denne Naturens Vanart vilde fyrst rett syna seg, dersom me ikkje hadde den evige Sanning, Guds heilage Ord, som tuktar og agar vaar vonde Natur og lærer oss den store Kunsten aa bøygja oss , krossfesta vaar eigen Vilje og vyrda den Rett og Skikk, som Gud sjølv hev sett, baade i Kyrkja og i Borgarsamfundet. Berre slepp litegrand paa den Taumen, som Sanningi til vaar Sæla hev lagt paa oss, og strakst ruser den gamle Adam fram som eit villt Dyr – og han er sterk i oss alle, ikkje berre i Husmenn og Bønder [Aasrud kremtad] – og dermed vil Samfundslivet løysa seg upp i Sjølvsykja og Sjølvnytte og bellum omnium contra omnes, og i so Maate hev baade Futen og Hr. Aasrud Rett i, at daa var det ute med Kulturen.” -                                          
 
 

 

Frå Fedraheimen 18.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum