Brevsendingar.

 
Torpen (Novbr.)
”Aa jau, han er burte han Johannes Sollien no!” segjer Folk her i Bygdi, - og dei hev sine Grunnar. Johannes Sollien - han døydde her i Vaar – var Ordførar og Fredsdomar i Bygdi og hadde hellest alle dei Umbod, som kunde leggjast paa ein dugleg, utrøytteleg Mann. Og Folk totte det gjekk bra. Dei hadde Vyrdnad, ja Kjærleik til denne Mannen. Alle som trong um Raad og Rettleiding paa nokon Maate, so skulde dei ”aat Fældmanna” (han budde paa Gaarden Fælde), og dei gjekk aldri raadlause derifraa. Og so slik ein hyggjeleg, livleg Mann, som han var. Det var reint Moro aa vera i hans Lag. Han var ein Meistar til aa fortelja og visste endelaust mange Sogur og Rispur. Og som han daa sat der og fortalde og kom til nokot som var løglegt, so kunde han læ so godt. Huslivet hans var overlag koselegt. Det var so godt aa koma inn der. Det var Kjærleiken, som raadde i det Huset.
           
Det er so mange Bønder i Bygderne vaare, som ikkje eig Syn utum Gardsstellet sitt; hjaa andre kann det naa utyver den Grendi, dei bur i, og andre kann enddaa hava Tankar fyr heile Gjeldet. Johs. Sollien var ikkje av desse trongsynte Folk. Han fylgde trottugt med i alt og tok upp so mange av Tankarne i Tidi, som han kunde raa’ med. Og dei bar han fram, kor han ferdest. Allstødt eit klaart Syn og ei uppgjord Meining. Stillferdige, ofta kvasse, men aldri saarande kom hans Ord og Meiningar fram i Heradsthinget, og visst fyr det alra meste gjekk Sakerne fram etter hans Tanke.
           
Mange var det, som leit altfor mykje paa honom, so dei berre spurde etter hans Meining og gjekk etter den. Han maatte daa hava det meste paa seg. Det er leidt, at me skal bruka vaare beste Menn soleids. Me læt dei tenkja og arbeida fyr oss alle, til dei er utslitne, og til Takk gjev me dei i det høgste – litt Graat paa Gravbakken og kannhenda ein Minnestein. Nei, me skulde taka nevafast i Lasset me med, og læra aa køyra, medan me hadde ein god Mann til aa halda Taumarne. Men fell han burt, og det kjem ein annan, som kanskje helst vil køyra aaleine, - ja daa er det væl seint aa trega. Detta ser kanskje sume Torpingar og no, - og difyr segjer dei: aa jau, han er burte no, han Johannes Sollien.
           
For det gjeng ikkje alt so bra no, som daa han førde Taumen.
           
Sjaa no berre med desse nye Vegjerne, me skal hava her uppe i Torpen. Elvi byter Bygdi i tvo: Aust-Torpen og Vest-Torpen. Baade Repparne skal hava kvar sin Veg. Men no bur Ordføraren i Vest-Torpen, og det ser ut fyr, at dei dermed lyt hava sin Veg fyrst og fremst; dei andre fær daa sin sidan, - dersom Pengarne røkk til. Johs. Sollien, som og var Vest-Torping, skal paa si Sotteseng ha sagt sterke Ord um den Maaten, som dei gode Folk hev drivet denne Saki fram paa.
           
Ei Sak til hev her voret uppe, som syner Stakkarsdomen ikkje mindre skarpt. Det er Saki med Læraren ved den høgre Aalmugskulen her, A.O. Grøndal, ein heilt ut greid og urædd Kar. Eg kunde fortelja sumt um denne Greida, men eg ser, Opl. Av. hev teket til med Skrubbhøvlingi, og so fær me sjaa. Eg vil berre segja detta: naar ein Lærar fær so mange imot seg som her Grøndal, so er det væl best, at han kjem seg unda; men ein Mann, som er logleg innsett, og som sjølv hev boret seg loglegt og ærlegt aat, han skal ogso medfarast paa folkeleg og skikkelig Maate; - men det er ikkje gjort her.
           
Eit annat Spusmaal ved denne Saki er: kven skal betala Hr. Grøndal fyr den Tidi, som han ikkje hev fenget Lov til aa holda Skule? Han var innsett paa 3 Maanadars Uppsegjing, og denne fekk han endeleg fraa Stiftsstyret her ein av Dagarne. No lyt han fyr det fyrste hava Løn fraa den Tidi, daa Skulen tok til att i Haust, og so fyr dei 3 Maanadar etter han vart uppsagd. Det vert væl so umpass 4 Maanadar. Skulestyret og Mennerne i Heradsthinget skulde aaleine greida det, men tru um dei so gjer?
           
Aa nei, dei skubbar det væl yver paa heile Kommunen. Det høver best ihop med heile Politikken her uppe det. Tilpas til deg, Torping! Som Ein reider upp, so lyt Ein og liggja.
 
A Sollien.
 

 

Frå Fedraheimen 18.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum