Styraren av Frankfurter Zeitung...

 
sette inn i Bladet denne, ”Fabel”: ”Det var ein Gong ein Skulemeistar, som plagade gjeva jamt Juling og ofta stengde Skulegutarne inne. Skuledirektøren kom ein Dag til Skulen og fann, at Tilstandet ikkje var godt. ”Venen min”, sa han, ”De fær daa stella, som De sjølv vil -, kvat kann det daa koma av, at Skulen Dykkar gjeng til atters? ”Aa,” svarade Læraren, ”det er eit villt Kompani, eg hev fengjet aa styra. Gjev meg ein Bundt Kjeppar til um Aaret, og bygg ei elder tvo Cellur til, ellest kann eg ikkje svara fyr Fylgderne.” Daa sa Direktøren: ”De gjev alt no 10 Gonger saa mykje Stryk som andre Skulemeistrar. Var Juling eit Botemidel, so vilde den verste Fangevaktar vera den beste Uppfostrar og Dykkar Skule vera eit Mynster fyr heile Heimen. Men Kjeppen er Mælestokken fyr Dykkar Uppfostrarkunst, og De veit enno ikkje sjølv, kvat De hev aa læra andre. Naar Læresveinarne Inkje duger, viser det, at Læraren helder inkje duger, og De fær difyr vera so god aa pakka saman. Me tarv ein Skulemeistar, som lærer fraa seg med nokot annat enn Kjeppen, og som klarar seg med ei Cella.” – Det vart lagd Sak mot Bladstyraren, og han vart dømd i Fengsel paa ein Maanad fyr – Ærekrenkjing mot Fyrst Bismarck.
 

 

Frå Fedraheimen 14.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum