Notisar

 
Embætte. Utnemde 9de Decbr.: Sakførar paa Røyros C. J. T. Rynning til Fut og Landsdomar i Alten, Sakførar og Kopist i Riksrevisionen P. C. E. Holmsen til Politiadjutant i Kristiania, Kand. Ove M ossin til Politifuldmegtug same Stad, Fullmegtug i Kyrkje-Dept. A. S. Berg til Bureauchef i Skulekontoret, Sokneprest i Bjugn A. Riddervold til Sokneprest i Borge (Borgesysla), Stifts-Kapellan i Borge, Prest i Høgsfjord Karl Kobro til Sokneprest i Vestre Moland, Distrikslækjar i Tinn N. A. Nyquist til Distriktslækjar i Nes (Hallingdal), praktiserande Lækjar Markus C. Schnitler til Distrikslækjar i Aal (Hallingdal), Kand. O. T. D. Bugge til Sokneprest i Halse, Nordmøre.
 
Avskilssøknad. Ekspeditionssekretæren i Arme-Departementet B u l l hev søkt um Avskil. Kaptein og Cand. jur. Edv. Hoff skal verta hans Ettermann, vert det sagt. – Politifullmegtug Irgens i Kristiania søkjer Avskil paa Grunn av Sjukdom.
 
Avskil. 9de Decbr.: Generalfelttymeistar og Chef fyr Artilleriet Generalløytnant H. K. Fleicher med Etterløn 6000 Kr., Yvertollar i Vallø C. F. F. Dietrichs med Etterløn 2200 Kr., Postmeistar i Larvik H. N. Roosen med Etterløn 2600 Kr.
 
Oskar Fredrikson skal næste Vika sendast til Sverike og takast i Forhøyr i Nærvære av dei Vitne, som er avhøyrde i Sverik. Referent og Forsvarar skal fylgja med. Med deim skal han fylgja hitatt paanytt fyr aa faa Dom, som vel kjem til aa lyda paa Frifinning fyr Bjørnerudmordet. So skal han sendast til Sverik paa nyt aatt fyr aa saksøkjast fyr Innbrotsstuld og andre Logbrot.
           
Storthinget. Lensmann Veset kjem ikkje paa Thinget næste Aar; han hev selt Garden sin. I Staden kjem Brukseigar, Folkehøgskulelærar h. v. W. Konow fraa Fane (i Sydra Bergenhus – Hordalands – Fylke).
 
Brev. Til Keisar-Vilhelm er sendt eit Brev, som lyd so: ”Dykkar Majestæt! Send eit Par Ord til min Robert um, at han skal gifta seg med meg og faa Arbeid paa Banegarden, so lengje han liver, men at han strakst skal missa Arbeidet sitt, dersom han ikkje tek meg. Eg bed D. M. senda Brevet fyre Laurdagen, so han kann faa Høve til aa røda med meg Sunndagen.”
 
Saltgruva. Ein Stad i dei Nordamerikanske Sambandsrike borade dei etter Olje og fann 1200 Fot djupt eit Lag Steinsalt, som er 100 Fot tjukt. Saltet er so reint, at det berre er eit Par andre Gruvur i Verdi, som kann bjoda Maken. Saltet kann fordast med Jarnveg kvarsomhelst.
 
Gull. Sir Andrew Clarke, Raadsherre i Aust-India, fann paa ei Ferd gjenom Fylket Madras Gullsand i Jordi. Regjeringi hev hentat ein namngjeten Ingeniør fraa Australia til Undersøkjing, og han gjev Von um lønsam Drift.
 
Legat fyr Hestar. Amerikanaren Edvard Trumf do nyleg; daa dei opnade Testamentet etter honom, fann dei, at han hadde gjevet 3 Millionar Krunur til Forsyrgjing fyr eldre Hestar. Sjølv aatte han fleire slike og hev fyreskrivet, at dei til Daudedagen skal ha Upphelde og Røkt i hans Stall, som skal upptaka 50 Hestar bland gamle, sjuklege og utslitne Dyr.
 
Dei tvo Redaktørar av Bladet ”Cyprus” (paa Cypern) ligg i Haartottarne paa kvarandre i sjølve Bladet. Den eine Helvti av Bladet er skrivet paa Grekisk og den anden paa Engelsk. Den grekiske Redaktøren, Konstantinides, skynar ikkje eit einaste Ord Engelsk, og Palmer, den engelske Redaktøren, ikkje eit Ord Grekisk. Det, som Palmer skriv, vert nedrakkat av Konstantinides, som likvel nog veit, kven det er, han slæst med, daa han hev fengjet ein Ven til aa umsetja fyr seg. Men Palmer veit Inkje og trur det er Fred og hev ingen Faare.
 
Samvitsagg. Ein Jarnvegsmann Keller i Schweitz, som altid hev havt Lovord fyr aa vera ein Heidersmann, hev sjølv meldt seg som skyldug i Mord. Fyr lang Tid sidan tente han hjaa ein gamal Mann, som innsette Keller til Arving. Ein fager Dag fekk han Avskil og var no rædd fyr, at Testamentet skulde verta umgjort. Ein Dag, daa den Gamle tok sin Middagssvevn i ein Lænestol, slyngde difyr Keller ein Rennesnare um Halsen paa honom.
 
Ulukka. Sakførar H. Røsholm fall yver Bord fraa eit Eimskip i Kristianiafjorden sin Torsdag; han vart uppteken i forkomet Tilstand og heimførd, men fekk Lungesjuke og do 24 Timar etter.
 
Tri store svenske Handelshus hev maatt stansa sine Betalingar: N. M. Høglund, som hev Gjeld paa Kr. 6,475,000. Huset eig likvel 372,000 Kr. meir, enn det skylder burt, og er difyr teket under Administration, dei kallar, av Kravshavarne; - Guilletmot & Weylandt med Gjeld Kr. 3,600,000, men Eigedom Kr. 5,500,000. Daa Huset er grunnlagt paa Aktier (Kr. 1,500,000), kjem det an paa, um dei kann faa Eigedomarne selde til fullt Verdi. Det er innsett ”Administration” paa vel eit Aar; - Godenius & Komp., som dreiv Jarnforrettningar og stod i Forrettningsband med N. M. Høglund. Detta Hus kjem under heil Konkurs.
 
Den turkiske General Suleiman Pasja er av Krigsretten dømd til 15 Aars Festnings-Arrest.
 
Dei austrikske Riksobligationer er sokne so mykje i Verd, at dei stend ½ pCt. under dei russiske. Kursen paa 5 pCt. Papir, som lyd paa Gull er berre 77 ½ pCt., paa russiske 78 pCt.
 
Knivstyng. I Strindi vart fyr nokre Dagar sidan ein ung Mann stungen i den eine Armen med Kniv. Dei køyrde honom til Skjukehuset i Throndheim, men han hadde misst so mykje Blod, at han do 2 Timar etter at han var innkomen der.
 
Peterspengar.Ingen Bisp fær koma inn i Vatikanet, minders han hev med seg Peterspengar. Erkebispen av Bamberg var send til Rom av Bismarck til aa greida dei tydske Vandemaal og hadde ikkje Peterspengar i Lumma. Strakst han kom inn, vart han tiltalad av den tenstgjerande Monsignore og negtad Tiltrede. Han laut ut i Byen og laana 5000 Lirur, og no stod alle Døre honom opne.
 

 

Frå Fedraheimen 14.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum