Brevsendingar.

 
Jadren 3die Dec.
Det fine Mild-Veeret me hev havt i Haust, hev no snutt um i klingande Frost og frisk Vinter. Aaret hev voret godt, væl betre enn ”midels;” men likavæl ser det ut til, at Folk hev fullt Stræv med aa klara seg. Skuldi legg Ein paa dei laake Tider og smaae Prisar paa Avlen. Men tek Ein Midelprisen fyr dei siste 20 Aar, meiner eg me fær vera nøgde med dei Prisarne me fær, og dei laake Tiderne trur eg ikkje Landmannen bør klaga mest yver. Daa er det mykje verre fyr Arbeidsmannen i Byarne. - Hellest kann dei tronge Tiderne og vera gode fyr einkvart; Folk kann hava godt av aa læra aa spara. – Verst er det, at alt detta Strævet fyr Livemaaten fær slik Magt, at Folk snaudt bryr seg um aa tenkja paa andre Ting. Maten skulde vera til aa halda uppe Livet, ikkje Livet til aa grava etter Maten. Men detta hev so tungt fyr aa faa Fotfeste i Folks Tankar – ikkje aa tala um i Folks Liv. Det trengst ei sterk Vekkjing utanfraa til aa brøyta Veg fyr eit større og friare Livssyn. Ei slik Vekkjing kunde Ein vona gjenom Aalmugskulen og Upplysningi fraa den. Men minnest Ein so, kor det gjekk med Lærarlønsaki paa Fylkesthinget vaart, so synest der ikkje vera stort aa vona fraa den Kanten.
 
Tru ikkje ein Friskule elder Folkehøgskule kunde gjera meir her? Me hadde fyr nokre Aar sidan ein god Høgskule, som var godt søkt; men den stod berre ein Vinter, og so laut Læraren – av ytre Grunnar – burt. Siden hev her ikkje voret freistat. Men tru det ikkje var ein Freistnad verdt? Visst er det, at her er Trong, til – um just ikkje nokot aalmennt Syn fyr – ein slik Skule, og kanskje større Trong just av di Aalmannskulan vert so laakt framhjelpt. Me ser og fraa andre Stader, at Høgskulen trivst trass i Amts- og Kveldskulen. Og det er lite Raad annat, enn at me ”Rygarne” lyt fylgja med Tidi me og.
 
Det var denne Tanken eg vilde bera fram. Kunde han finna Samhug fraa nokor Leid, var det væl.
 
Etter det som er sagt um Upplysningi kann Ein ikkje venta nokon aalmenn Sans fyr Maalsaki. Det fær gjelda her det som er sagt fyrr her i Bladet: fyrst det humane, so det nationale; men vinn ei folkeleg Upplysning fram, so kjem Maalsaki etter.                                                           
 
- h.
 

 

Frå Fedraheimen 14.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum