Utlandet.

 
Det engelske Riksthing kom saman den 5te December, umlag 2 Mdr. tidlegare enn vanlegt. I Trontalen heiter det um Krigen med Afghanistan, at Emiren hadde synt slik Uvenhug og vist fraa seg det engelske Sendelag paa slik Maate, at Dronningi hadde voret nøydd til aa krevja Bot, men daa det engelske Ultimatum ikkje fekk so myket som Svar, vart det sendt ein Her inn i Landet aat Emiren. Med Utlandet elles er det Venskap, heitest det, og det er den beste Von um, at Vedtekterne i Berlinsemja vil verta gjenomførde. Det var tymtat paa, at Motstandsflokken vilde aamaala paa ei Brigding i Svaret paa Trontalen, soleids at det skulde koma til aa innehalda eit skarpt Aatal um Krigen; men det hev nog ikkje vortet nokot av. I Adresseordskiftet i Underhuset heldt Hartington seg att Rett til aa ganga igjenom Politikken aat Regjeringi. Han etlad ikkje leggja nokor Hindring i Vegen fyr Regjeringi, meddi det var naudsynlegt fyr India, at Krigen, naar han var paabyrjad, vart vel gjenomførd. Han let likevel ille um, at Trontalen ikkje hadde nemnt Koloniarne og det laake Tilstand i Handelsheimen, at han ikkje hadde gjenget næmare inn paa Berlinsemja, og at Regjeringi hadde tagt seg um sine Fyremaal. Men dermed vart Thinget fritt fyr vidare Andsvar; det kom til aa kvila paa Regjeringi aaleine. Lenger uti Ordskiftet uttalad Northcote, at Regjeringi vonad, at Umbøterne paa Kreta vilde gjera Skil fyr seg, og at Umbøterne i Litleasia vilde hava Framgang. Med Avsyn paa Afghanistan so stod ikkje Regjeringi etter Landauking, men ho heldt det fyr naudsynlegt aa syrgja fyr, at India kunde vera tryggt. Ho vonad, at Krigen snart skulde vera slutt, og denne Voni fann Styrkjing i dei sidste Tidender. Adresseutkastet vart til Slut vedteket utan Avrøysting. I Yverhuset vart det den same Utgangen. Der var det Lord Beaconsfield, som førde Ordet fyr Regjeringi. Det Tilstand, som var ei Fylgd av, at England hadde fenget Tak i Cypern, hadde røynt seg formeir, enn Von kunde voret, med di England hadde vunnet den Yvermagt paa denna Leidi, som maa til fyr aa faa igjenom nokon Plan til Bate fyr Litleasia. Um dei laake Handelstider trudde han no at det verste var yverstadet. Regjeringi fylgde ikkje ein Politikk som heldt Vonløysa fyr Visdom.
 
Kuramheren under General Roberts hev den 2dre December vunnet ein stor Siger yver Afghaningarne i Peivartronget, det var sterkt fest og forsvarat av ein velvaapnat og veløvd Herstyrkje.
           
I Turkiet hev det voret Ministerskifte. Hovudmannen i det nye Riksraad er Said Pasja, Landshovding i Brussa hev voret, aalment hatad som Blodsugar og Flaaar i Provinsarne, men ein av Sultanens beste Vener, som han i Midten av November kallad til seg fraa Litleasia til stor Rædsla fyr Regjeringi.- Han hev no kastat Storveziren Savfet Pasja og Umbotvenerne.
 

 

Frå Fedraheimen 11.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum