Um Liv elder Livsvon paa Planeterne.

 
[Del 1 av 2]
 
Gjenom dei framfarne Tider hev det Spursmaal altid voret uppe bland tenkjande Menn, um der er livande Skepnur paa dei Klotar, me kallar Stjernur, og korleids, um so var, deira Liv mun vera. Dei grekisk-italiske Vismenn, som høyrde til dne Pythagoreiske Skule 1)trudde at det var livande Skepnur paa Maanen, og at dei hadde 15 Gonger so mykje Vit som Jordbuararne og nokre fleire Sansar enn me. Den aagjæte Dante Alighieri (1265-1321) viser i Divina Commoedia dei sæle Menneskjur til dei 7 Planetar (etter Ptolomeus) og til Æterlufti kring deim: 1. til Maanen (og Maanesfæra) dei, som hev gjort ein heilag Lovnad, men ikkje held honom til Fyllest (voto manco), 2. til Merkur dei, som liver eit dygdigt Liv, men mest fyr Ros og Æra Skuld (gloriosi), 3. til Venus dei, som set Kjærleiken framum Dygdi (amarosi), 4. til Soli Prestarne (theologi) 5, til Mars Stridsmennenne fyr Trui (militi fidei), 6. til Jupiter dei Rettferduge (giusti giudici) og 7. til Saturn Einbuarar og Heilagmenne, som hev slegjet seg fraa Verdi (romiti). 2)Skalden Ariost (1474-1533) song um, at Jordbuararne elder Saalerne deira etter Dauden kom til Maanen. Den lærde Bernardin de St. Pierre (1737-1814), Forfattaren av den romantiske Soga ”Paal og Virginia”, han, som hev fengjet Ros fyr aa ha innført i det franske Maalet Ordet bienfaisance (Velgjerdsverk), var stød paa, at det var livande Skepnur paa Venus, at dei i alle Maatar hadde det betre enn me Jordbuarar og aatte Nøgdi av det, som me ofta saknar og lengtar etter, Helsa, Rikdom, Visdom o. s. b. No veit me med Vissa, at me ikkje vilde ha nokon Vinning av aa flytja korkje til Maanen elder til Venus og enno mindre til ymse av dei andre Stjernur.
           
Paa Fiksstjernurne, d. e. dei Stjernur, som ser ut til aa standa faste paa Himmelkvelven (Firmamentet), kann ikkje vera Liv; dei er sjølv Kjeldur til Ljos og Varme, som dei sender ut ifraa seg, og Hiten maa paa deim vera for stor til, at det, me kallar Liv, kann trivast der.
           
At det skulde herska berre Daude paa alle andre Planetar (Vandringsstjernur) enn Jordi, som er so full av Liv, er no ikkje lett aa tru. Men korleids det Liv er, som finnst der, er vandt aa vita. Me kann likvel gjera oss upp ei Meining um sume av Livsvilkori paa deim.
           
Dei vigtugaste Vilkor fyr det Liv, me kjenner – Dyrliv sovel som Plenteliv -, er Ljos og Varme, Luft og Vatn. Alle Skepnur hev visst nog ikkje nett likestor Torv til desse Ting, men det er visst, at nokot tarv dei. I Aust-India hev dei funnet eit Tre grønt og blømande, endaa det stod paa ein Jordbotn, som eit eldsprutande Berg hiter upp til 80 o C. (64 o R.), og paa Island veks Timian (hellinhagra) rundt ikring Geyserkjelda i Haukadal, endaa denne Kjelda ein Gong i Jamdøgret sprutar so heitt Vatn, at dei kokar Egg og Kjøt i det (upp til 10/ o6 R.), utyver Jordi 46 Fot til alle Kantar. Smaadyr av dei lægre Slag liver i dei varme Kjeldur ved Karlsbad i Bøhmen (64 o), og i likso varmt Vatn hev dei funnet livande Skjeldyr i Albano. Ogso stor Kulde toler mangt Livende. Algar og Moseslag veks i det høgste Nord, og Gletscher-Loppa liver som Ku i grøn Eng paa dei schweiziske Isbredar. Utan Ljos er det berre faae Plentur og Dyr, som kann liva; nokre slike hev dei likvel funnet i djupe Holur. Luft tarv kvar einaste Organisme, jamvel Fisken, som døyr i luftfritt Vatn. Vatn er ogso naudsynlegt fyr Livet, og Vatnet maa haldast rennande. I dei store Havdypter, der Varmen stend fleire Stig under Frostpunkten, vilde dei tallause lægre Dyr ikkje kunna liva, dersom det store Trykket ikkje heldt Vatnet rennande. Soleids er Livet paa Jordi knytt til visse Vilkor, og so vidt som Vitenskapen kann kynna oss Vilkori fyr det, me kallar Liv, paa andre Klotar, so vidt kann me segja, um slikt Liv kann finnast der.
           
Um Maanen hev Vitenskapen alt lengje trutt seg aa vita full Skilgrein. Der er korkje Luft elder Vatn, er det sagt, og Tanken um dei vise Maanebuarar er difyr berre ein fager Draum. Ein tydsk Professor, Dr. Klein, meiner vel, at detta ikkje hev seg soleids, men daa me med den beste Kikar ikkje kann nærra Maanen meir til Auga enn ei 170 geogr. Miler, er det raadlaust aa sjaa anten Tre elder Dyr der, og dei myrke Flekkar, som Dr. Klein hev sett verta døkkare, di lenger det lid paa den 15 Jorddøger lange Maanedagen, kann ha sin Grunn i nokot annat enn Plentevokstrar. Kor som er, tykjest det i den 15 Jorddøger lange Maanenotti aa maatta vera hardla kaldt og for kaldt til, at Liv, soleids som me kjenner det, kann trivast der.
           
Vatn kokar ved 100 o C, og denne Varmen tyner alt Liv. Paa S o l i maa det vera ovleg heitt, naar ho, som er 20 Millionar Miler burte,endaa kann verma Jordi slik, som ho gjerer. Den namngjetne Astronomen Secchi i Rom – den mest aagjæte av alle dei Astronomar, som no liver – hev reknat ut, at Solvarmen er ikkje mindre enn 133, 720 o. Ein slik Hite er vand aa tenkja seg, men me kann skyna, at den store Eldkula – ho er 740 Gonger so stor som alle Planetarne tilsaman – maa vera i eit braadnat, glodheitt-fljotande Tilstand, og daa ho derattaat hev ein Atmosfære elder Fotosfære av gloande Eim, er det klaart, at det ikkje er Livs Von der. Soli som gjev Planetarne og Maanarne Ljos og Varme og vekkjer alt Liv paa vaar Jord, kann ikkje sjølv ha livande Skepnur. Korleids Soli kann halda seg, so ho ikkje brenn upp og sloknar, er ogso vandt aa skyna, men det Spursmaal fær me lata liggja.
           
Um Planeten Vulkan, som L’Escarboult fyrst upptekte i 1859, som sidan kom burt, men som Watson fann att den 29de Juli 1878 (elder Planetringen Vulkan I, Vulkan II osfr), veit me enno berre det, at Vetren der er 40-50 Gonger so varm som Sumaren ved Midlina paa Jordi, og at Aaret ikkje er lenger enn ein Jordmaanad. Vilkori fyr Liv er soleids mykje onnorleids der enn her.
           
Paa Merkur veit me det er Dags- og Aarstider og endaa klimatiske Belte (Zonar) liksom paa Jordi. Men den Banen, Planeten hev kring Soli er slik, at Merkur ein Gong paa Aaret er berre 6 Millionar Miler burte fraa Soli (i Perihelium), ein annan Gong heile 10 Millionar Miler (i Aphelium). Ei Tid paa Merkuraaret tek altso Planeten imot mest 11 Gonger og ei onnor Tid knapt 5 Gonger so mykje Varme og Ljos som Jordi. Merkur er 16 Gonger mindre enn Jordi og veg berre Fjortandeparten so mykje som ho. Ein Mann paa 200 Pund vilde ikkje vega meir der enn eit Barn paa 100 Pund her. Merkurdagen er 24 Tim. 25 Min. Merkuraaret er berre 88 av vaare Dagar, Sumaren soleids berre 22 Dagar lang, og Varmeskilnaden millom Sumar og Vetr er so stor, at dei Skepnur, som skal liva der, maa ha ein heilt annan Natur enn dei, som me kjenner. Og so vantar Merkur venteleg Luft – det hev ikkje voret Raad aa upptekkja nokon Atmosfære paa denne Planeten -, og me veit, at Lufti i stor Mun jamnar Varmen og Ljoset paa Jordi, daa Solstraalarne brytst, strakst dei naar Lufti, og brytst meir og meir, ettersom Lufti vert tettare, under si Gonga igjenom heile Luftkrinselen, som er ei 10-12 Miler. Paa høge Berg, der Lufti er tunnare enn nede ved Sjomaalet, er det stor Varmeskilnad til ymse Tider og paa ymse Stader. Botanikaren Hugh fann i December Maanad hitt Aaret paa ein Topp i Himalayabergi i Asia Kl. 9 um Morgonen 44 Varmestig (+ 44 o R.) i Soli, men 4 ½ Kuldestig (- 4. o5 R.) i Skuggen, og denne Varmeskilnad paa heile 48. o5 R. hadde sin Grunn mest deri, at den tunne Lufti ikkje aatte Magt til aa jamna Solvarmen, soleids som tjukkare Luft gjerer. Paa Merkur, som heilt vantar Luft, vil difyr Hiten um Dagen vera so stor, at Kviksylvet i ein Varmemælar vilde vera i sjodande Tilstand, men um Notti maa det vera so kaldt, at Kulden ikkje læt seg mæla, og endaa um Dagen vil det vera mest likso stor Skilnad paa Stader, som hev Sol, og Stader, som ligg i Skugge, liksom utoleleg Solbjarte maa skifta med det svartaste Myrkr. Berre det, at det vantar Luft, er nog til aa tyna alt Liv, og er det ikkje Luft, so kann det helder ikkje vera Vatn. Paa Merkur vantar altso alle Vilkor fyr organiskt Liv, slikt som me kjenner det. Me skylder elles aa leggja til, at ikkje alle Astronomar er samde um, at det ikkje finnst Luft paa Merkur.
           
Større Von um slikt Liv er det paa Venus. Denne Planeten er mest jamstor og jamtett med Jordi, og Venusdagen er berre 35 Minuttar stuttare enn Jorddagen. Venusaaret er 225 av vaare Dagar. Venus tek imot 1 7/ 9 Gonger so mykje Varme og Ljos fraa Soli som Jordi. So langt nord elder sud fyr Midlina paa Venus, som Neapel ligg nord fyr Jord-Midlina (41o), fell det enno likso mykje Ljos og Varme der som paa sjølve Midlina her (ved Jamdøgerleite). – Soli stend ved St.-Hansleite rett yver dei Stader, som ligg 23 ½ o nord fyr Midlina og ved Joletider rett yver dei Stader, som ligg 23 ½ o sud fyr Midlina; berre ved Jamdøgertiderne stend ho rett yver Midlina. Detta kjem av di, at Jordaasen gjenom Polarne ikkje stend loddrett paa Planet gjenom Jordbanen, men i ein Vinkel av 66 ½ o – Venus hev ogso eit Luftlag ikring seg, Secchi hev funnet, at detta er 1 1/ 3 Gong so tjukkt og hev 1 1/ 3 Gong so stor ljosbrjotande Kraft som vaar Luft. Alting paa Venus minner soleids i merkjeleg Mun um vaar jordiske Heim, like Dagar og like Næter, likeins Graalysing, Skyer, Berg og Dalar, kannhenda ogso land og Hav finnst der. Men Venusaasen stend mest loddrett paa Venusbane-Planet, og det er ein leid Ting: det gjerer, at det ikkje er skiftande Aarstider paa denne Kloten. Det er eit glodheitt (tropiskt) Belte – visst nog mindre heitt, di lenger Ein kjem fraa Midlina, men ved Midlina og langt utyver til baade Kantar likvel utolelegt varmt – og utanfyr detta Beltet tvo iskalde Belte kring Polarne, der det er æveleg Vetr. Dyr og Plentur med same Natur som dei paa Jordi vil sjølvsagt ha vandt fyr aa trivast, der Varmeskilnaden er so stor paa dei ymse Stader og so ubrigdeleg alle Stader som paa Venus. Organiskt Liv kann iallfall ikkje trivast utyver heile Kloten, soleids som paa Jordi.                                     
 
1)Pythagoras var en Grekar fra Samos-Øyi, men flutte til Kroton i Nedre Italia kring 500 Aar f. Kr. Han elder hans Lærlingar skipade ein Visdomsskule, som vert kallad den Pythagoreiske elder Italiske, og som lae stor Vegt paa Tal og Maal.
2)Høgre uppe set han i den 8de Himmel Kristus, Apostlarne og Adam, i den 9de (Krystalhimmelen) Englekori, i den 10de (Empyreum) Guds Utvalde, Himmeldrotningi og Gud sjølv.
 
 

 

Frå Fedraheimen 11.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum