Notisar

 
”Almuevennen” hev tekjet seg fyr ”aa upplysa Bonden” um at det kjem ut paa Eit, korleids Frimerkje og Pengesetlar er utstyrde, at Krenkjingarne av Flagget, Bruken av dei svenske Hurra, Salutreglementet og svensk Mundur paa norske Frimerkje og Pengar er berre Smaating, som det ikkje er Umaken verdt aa røda um.
 
Dr. Busch’s Bok um Bismarck skal utkoma i ei ny, reinskad Utgaava.
 
Laskerhev etter eit tydsk Blad i det preusiske Folkething sidan 1865 talat 1514 Gonger so mykje som det gamle Testamente og 422 Gonger so mykje, som Gøthe hev skrivet.
 
I Vogeserne er daai ei Ekkja, som var 105 Aar gamal.
 
Mord. I Søderhamn (Sverik) kom ein Skræddar Tyrén Natt til fyrre Sunndagen i Kjekl med ein Skræddar Häll. Naabuarne, som høyrde Skrik, bodsende Politiet, og daa detta kom um Morgonen Kl. 6 fann det Häll liggjande daud og grysjeleg lemlest. Kroppen hadde yver 100 Saar av Slagtarkniv, Skræddarsaks og Flaskebrot; det eine Øyra var avskoret, Kroppen nakjen og misshandlad paa ymis Vis. Tyrén segjer, at han ikkje hugsar annat, enn at han ”rispade Häll med Kniven eit Par Gonger,” annat Svar hev dei ikkje fengjet av honom. Tyrén laag og sov han, daa Politiet kom.
 
Hummarfiskelog. Storthingsmann P. P. Spilling bed i ”L. o. M. Amtst.” deim, som ynskjer Log um Forbod mot aa fiska Smaahummar, samla seg og uttala detta. Sjølv er han viljug til aa bera Folks Ynskje i detta Stykkje fram til Storthings. Spilling meiner, at ei Log like det Forslag, som Ditten framsette og Sverdrup vedtok i siste Thingmøte, vil vera gagnleg. Det maa - segjer han – vera uvitug Drift aa øydeleggja Hummaren ved aa fiska ’n i 4-5 Aarsalderen, naar han i 5-6 Aars Alderen vert vaksen og kann seljast fyr full Pris. No er det forbodet aa innføra Smaahummar i England.
 
I Spania er det utgjengjet Paalegg til Amtmennerne um aa utvisa dei Social-Demokratar av tydsk elder annan framand Burd, som ikkje ved si Framferd hev gjort seg verduge til spansk Gjestmilde.
 
Polakken Beresovski, som i 1867 i Paris skaut paa Russe-Keisaren, liver enno i Fengslet i Ny-Kaledonia. Han viste god Uppførsla i Fengslet, og vart snart sett til Bibliothekfyrestandar, men daa han ved detta fekk større Fridom enn dei andre Fangar, rømde han, sleit vondt paa Flugti, og kom att til Fengslet, men fekk ikkje att si Kraft og sitt Vit meir. No liver han eit sløvt, dyriskt Liv i Fengslet.
 
Ny norsk Fugl. Konservator Rob. Collett upplyste i siste Møte i Vitenskaps-Selskapet, at han hadde funnet eit nyt Fugleslag i Porsanger i Finnmarki: Emberiza pusilla. Det hev fyrr ikkje voret kjennt, at denne Fuglen hev livt vestlegare enn ved Arkangelsk.
 
Japaneseren K. M. Kjimisouhev faret umkring i Sverig og er no komen til Stockholm, der han vil gjera seg kjend med alle Riksinnrettningar, og serleg Undervisningverket.
 
Naud i England. I Sheffield, stor Fabrikby i England (mest fyr Smide) vart Maandagen i fyrre Vika haldet eit stort ”meeting” um, kvat det kunde gjerast til aa linna Naudi millom Arbeidararne. Det er mykje større Naud i Aar enn i Fjor: mange hundrad Huslydar bur i Hus, der det ikkje finnst Spor av Ambod eller Husbunad. Alt er anten selt elder pantsett. Dei hev Inkje aa leggja i Omnen, Inkje aa eta, og det kjem alt an paa, kvat medlidande Grannar vil og kann gjera. Paa Møtet vart det teket den Raadi aa beda Folk teikna seg fyr Gaavur; paa Staden vart teiknat 2000 Lstrl. Dei vil no innretta Kjøk og derifraa utdeila iallfall Mat til Borni. Ogso i Glasgow er Naudi stor paa Grunn av den veksande Arbeidsløysa.
 
Ferd. de Lesseps hadde mill. A. til Fyremaal med Ferdi si til Tunis i Haust aa føra Liket av Far sin, som vart gravlagd der i 1872, med seg til Europa. Det lukkadest ikkje: Kyrkjegarden var øydelagd.
 
”Drammens Blad” fortel, at dei Torsdag den 28 Novbr. fann ei 20 Aar gamal Gjenta fraa Farsund liggjande inne i ein Bordstabel paa ei Tuft paa Straumøy i reint forkomet Tilstand. Ho hadde legjet der i fleire Døger utan Mat og Drykk. Politiet bar henne til eit Hus i Grendi, der ho fekk nokot Kaffi og Mat og kom seg so vidt, at ho kunde ganga nokre Stig. Køyrd til Politikammeret forklarade ho, at ho fyr 3 Vikur sidan kom til Byen, men ikkje hadde kunnat faa Tenesta og hadde lagt seg inn i Bordstabelen fyr aa døy. Det vart upplyst, at ho hadde stolet ein Hatt fraa ein Motehandel og eit Par Styvlar fraa ein Skomakar, og at ho Torsdagen 21de vart burtvist fraa det Huset, der ho tok inn, daa ho kom, og tilhaldi aa ganga til Politimammeret og søkja Hjelp. Føterne hennar var so forfrosne, at ho laut faa Lækjarhjelp, og ho er no innlagd paa Sjukehuset.
 
Merakerbanener no skinnelagd og undergrusad fraa Hommelviki austyver i ei Lengd av 3 ¼ Miler, so det kann fara Lokomativ med Træn. Planeringi er nær ferdug i ei Lengd av 6 Miler. 2000 Mann er i Arbeid ved Banen. Det er Tanken aa naa Riksgrensa til næste Haust, og Vetren deretter vil dei køyra Materiel til den svenske Banen fraa Hommelviki. Alle Bruer er av Jarn.
 
Utgravingarne ved Troja. Dr. Schliemann arbeider med 125 Mann, som han gjev 9000 Kr. um Maanaden. Dei hev utgravet eit stort Hus, som Schl. held fyr aa vera Kongeborgi. Ikring det hev voret ein Ringmur og breide steinlagde Gatur; det hev tri Portar. Inne i Huset hev dei funnet ein stor og tvo smaae Skattar av Gullsaker, mykje lik dei, Schl. fyrr hev funnet ved Mykenæ. Ovundsjuke Menn sa, strakst han naadde Huset, at det var berre Kong Priamus’ Grisehus, men hev tagnat sidan. Av dei funne Gullsaker skal den turkiske Regjering ha 2/ 3 og Schliemann sjølv 1/ 3, som han vil gjeva til Kensington-Museet i London.
 
Jordskjelte. I Hernøsand, Sverik, kjende dei Torsdag i fyrre Vika ei Riksting, som gjorde, at Ein og Annan datt i Koll paa Gata av Rædsla. Ristingi var likvel ikkje so sterk, at Hus styrte ned.
 
Diakonisse-Innrettningi hev no verkat i 10 Aar. Den 20 Novbr helt dei 10-Aars-Fest paa Diakonisse-Huset.
 
Den russisk-turkiske Krig kostade Russland i 1877 429,328,098 Rublar, og Riksskuldi vart det Aar aukad med 465,542,069 Rublar. I Krigen (1877 og 1878) vart gjort 204,923 Kanonskot og 10,057,764 Rifleskot. Heren maa etter detta ha havt meir enn 300000 Riflar og 1400 Kanonar.
 
Avretting. Husmannen Anders Larsson Kvallen i Sverig, som myrde den havande Kona si og vart dømd til Dauden, hev gjevet inn Bønskrift um aa faa liva, men detta er negtat.
 

 

Frå Fedraheimen 11.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum