Lysingar.

 
Fedraheimen
eit frilyndt Folkebald paa norskt Maal, kjem ut i Kristiania kvar Onsdag og Laurdag og kostar med Postpengar 2 Kr. 20 Ø. fyr Halvaaret. Det inneheld: Forteljingar (nye og umsette), Dikt, Folke-Eventyr og Segner, Avhandlingar um Dagsens Spursmaal, Reise- og Naturskildringar, Skule-Artiklar, Brevsendingar, Nytt fraa Innland og Utland, ledige Lærarpostar, Rispur o. m. Ymse Stykkje er paa Bygdemaal.
           
Dersom Ein tingar og betalar fyr eit heilt Aar fraa 1ste Juli av, kann Ein faa 1ste Halvaargang 1878 (Januar-Juni) fyr halv Pris, so langt Upplaget rekk. Betalar Ein fyr 6 Ekspl., fær Ein det 7de fritt. Prøve-Nummer kann Ein faa, naar Ein skriv um det til Ekspeditionen. – Det gjeng og an aa faa Bladet fraa 1ste Oktober.
           
Ein kann tinga det paa alle Posthus og i brev til ”Fedraheimens Ekspedition, Kristiania.” Pengar maa fylgja.
 
Naar du sender Pengar til Fedraheimen so faa altid Postkvittering fyr dei. Dersom daa ikkje Bladet kjem um ei 14 Dagars Tid, so skriv til Ekspeditionen um det, og send Kvitteringi, so skal Eksp. sjaa aa gjera Greida.
 

 

Frå Fedraheimen 11.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum