Kristiania, den 10de December 1878.

 
Jarnvegs-Ulukka. Paa Sudbanen skulde dei Fredagen den 7de gjera ei Prøveferd fraa Kristiania til Fredriksstad elder kannsje heilt til Frederikshald. Dei fordade Stationsfolket og Fluttningsgodset deira paa 37 Vognar med tvo Lokomotiv fraa Kristiania. Millom Lian i Aker og Oppegaard i Nesodden ligg Lina i eit Fall av 1 paa 100, og Toget gjekk difyr med stor Fart, 3-4 Mil i Timen. Ved Oppegaard Station er eit Sidespor, som enno gjeng berre til ein Bergvegg, og den Mannen som skulde passa Pointsen, maa ikkje ha havt Greida paa si Gjerd: Pointsen stod til Sidesporet, segjer Ingeniør Fleischer, som var med Toget paa det fyrste Lokomotiv og gjorde Teikn til aa bremsa og stoppa, men for seint til, at det let seg hindra, at Lokomotivet gjekk inn paa Sidesporet og radt paa Berget, endaa med ein Skjotleik av 1 ½ Mil i Timen. Lokomotivet vart knust og 6-7 Vognar øydelagde. Paa Stoppevognen næmast Lokomotivi var Konduktør Ihlen og Material-Assistent Evensen. Den fyrste vart ihelslegjen og den siste saarad, so han laut førast paa Rikshospitalet. Ein av Lokomotivførarne vart ogso saarad. Elles slapp dei Andre, som var med Toget, fraa det med Rædsla, daa dei hoppade av. Driftsstyraren ved Hovudbanen, Kapt. Engelstad, var med. Igaar heldt dei Forhøyr paa Ulukkestaden. Lokomotivet var verdt 44000 Kr.
 

 

Frå Fedraheimen 11.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum