Ein Fritenkjar.

 
Ei Forteljing or Samtidi.
(Ved Forf. til ”Av laak Ætt”.)
                                   
II.
 
Vognramling dunad; Vogni kjøyrde fram fyr Dyri, og alle spratt upp, Prestfolket i stor Gleda. Men Ragna vart nokot raud. Ein Minutt etter stod baade Hans Vangen og Eystein Hauk i Stova; Hans armtokst med Foreldri og Syster si og var overlag glad, Hauk helsad fint og blidt som ein Kjenning i Huset og bøygde seg framifraa djupt fyr Ragna.
           
”God Kveld i Huset og glad Jolehelg!” ropad Hans. ”Her er den store Utlandsfararen og vise Mannen Eystein Hauk, og der” – han tydde paa Kapellanen - ”er den strenge Guds Mannen Balle, Kapellan no, Prest sidan, tilslut Bisp, - ein grunnmurad Theolog og ei sann Stydd fyr Kyrkja i desse sundrivne Tider. De vil koma godt til Lags, dersom de ikkje kjem i Slagsmaal um Trui”.
           
Der vart Prat og Laatt, Frua skjenkte Vin, dei Framande kom til Sæte; snart var Bordet yverskipat, og so bar det inn i Matstova, der Jolegrauten og Jolefisken stod og rauk i store Fat og ”ventad paa Folkehjelp.” Presten las Bordbøni, som ikkje vart høyrd paa med vidare Andagt. Ragna og Balle sat mest og glytte etter Hauk, men Hauk glytte paa Ragna, og Frua saag paa Hans, um han hadde vakset nokot det siste Aaret, og um han hadde komet seg i Hold og Vænleik.
           
Den som talad mest med Bordet var Hans. Hauk var helder faamælt. Presten spurde so smaatt etter um Utlandsferdi hans; han svarad greidt, men stutt, og ofta i so sløgtenkte Ordelag, at det var vandt aa finna ut hans rette Meining.
           
Kapellanen vilde og gjerna høyra fraa Utlandet. Koss stod det til med Kristendomen i Frankrik? – Aa, so ymist. Det var der som her: Der var Folk av alle Slag. – Men var daa ikkje Stormengdi kristne? – Aa, av upplyste og boklærde Folk var det væl mindste Flokken, som Ein kunde kalla kristne. – Men Sedugskapen? Var der ikkje fælt med Rotenskap og Tuktløysa? – Aa, naar Ein reknad ifraa visse Lag, i visse Byar, so kunde det væl vera paa Lag der som andre Stader. - Jaso. – Balle skjegglad ustød burtpaa Hauk og talad ikkje vidare med honom sidan.
           
Daa dei kom fraa Bordet, vart det framsett Ettermat med Vin; Pipa kom og fram. Samtalen gjekk like radt, men det var enno Hans, som svallad mest. Han var ein frisk, glad Gut; Moeri sat og huggad seg med aa sjaa paa’n. Presten og Balle sat og røykte, glytte av og til burtaat Hauk, som sat nokot ifraa med eit mindre Bord og smaasvallad med Ragna. Prestarne var meir tigjande og Balle saag ut til aa lika seg overlag litet, um han enn prøvde aa tvinga seg. Hans gaadde detta og lo. ”Bry dykk aldri um Hauk,” sagde han. ”Han hev voret i Paris, han, og lært Franskdom, so no likar han best Kvendelag; men berre bie eit litet Grand, so vert han snart norsk att, held seg til Pipa og Glaset og læt Kvinnfolket hytta seg sjølv.” Balle beit seg i Lippa, Presten smaa-mylte: ”Ungdomen er meir bljug av seg her i Norig,” sagde han.
           
”Det er sannt!” tok han atti, ”du hev væl leset denne nye Novellen, ”Virginia”, som Folk hev ventat so lengje paa?”
           
”Virginia? – Huff! det er ei fæl Bok,” svarad Hans med ein Smil.
           
”Fæl -?” sagde Kapellanen frettande.
           
”Det er ei Skandalbok! – segjer Kristiania. Ho hev reist heile Byen aa Ende! Ho riv ned paa Egteskapet, segjer dei, paa Moralen, paa Samfundet . . . eg hev aldri set Kristiania so moralskt som det er i desse Dagar.”
           
”Hm,” sagde Balle, ”Kristiania er i det store og heile ein moralsk By . . .”
           
”I denne Tid er han det! Den unge Diktaren er seld fyr Livstid . . . Mennerne forbyd Kjeringarne aa lesa Boki, og Kjeringarne forbyd Døterne det . . .”
           
”Og so les dei allesaman?” sagde Presten.
           
”Javisst! Kjeringarne les og bles: pøh! den Diktaren kjenner ikkje Livet! og Døterne, dei væne vesle Englarne, dei les og segjer: kjære, er d e t nokon Ting? Me hev leset verre Bøker enn den -?”
           
”Men so fortel, kvat Boki gjeng ut paa!” sagde Presten.
           
”Ho gjeng ut paa, at . . . at gifte Folk skal elska kvarandre!” sagde Hans fult.
           
”Aa haa! – den frie Kjærleiken!” ropad Kapellanen.
           
”Javisst! den frie Kjærleiken. All sann Kjærleik er fri, segjer den Galningen av ein Diktar.”
           
”Høyrer De, Hr. Pastor -?” sagde Balle. ”Vaare eigne Diktarar tek og til no -; lat oss agta oss! – Han vedkjenner seg væl den ”frie Tanken” og daa?” spurde Kapellanen.
           
”Javisst!” svarad Hans. ”All Tanke er fri, segjer han, - ikkje berre tollfri.”
           
”Han trur ikkje paa Gud -?”
           
”Eg tvilar paa det; men det var endaa ikkje det verste.”
           
”Ikkje det verste -?”
           
”Nei; for der er mange Folk i Kristiania som ikkje trur paa Gud. Men denne-her Diktaren trur ikkje eingong paa Djevelen!” – Hans lo som eit Barn aat det Andlitet, Kapellanen sette upp; Presten saag strengt paa Hans, som no slog Augo ned og tagde.
           
”Uveeret veks,” sukkad Kapellanen. ”Diktararne vaare hev fyrr haldet seg reine fyr desse gudlause Tankar, um dei enn, dessverre, ikkje altid hev havt det rette Syn paa Kristendomen, og serleg voret inne paa grundtvigianske Vildringar; men no - no ber det paa onnor Leid. Ser De Upprørsaanden, Hr. Pastor? Høyrer De, kor dei riv og slit i alle sine Band og reiser Rygg mot alt, som er høgt og heilagt, ja gjeng Storm mot sjølve Samfundets Grunnvolar?”
           
”Gud betre oss,” sukkad Presten, ”her ser ikkje gildt ut. – Er her nokot nytt i Bladi?” spurde han, liksom fyr aa koma burt fraa denne Samtalen, som tydeleg tyngde honom.
           
Hans sprang ut og kom strakst inn att med Avisur. Ei av desse var fransk, den valde han ut aat seg sjølv, Resten gav han Balle.
           
”Ser du, Faer”, sagde Hans med ein Skulemeistarmine, ”vil Ein hava Politik, so maa Ein aat Frankrike. All annan Politik er berre som eit Attergny av den. Frankrike er Europa, Frankrik er Verdi!”
           
”Høyrer De, Hr. Pastor,” kviskrad Balle, ”høyrer De, kor den franske Aanden tek til aa faa Magt -? den franske Aand, som altid hev voret eit med Rationalismen -?”
           
”Her er eit Stykkje, som vil gjera Hr. Balle godt!” ropad Hans. ”Det er ikkje godsnakkande og vida vasande som vaare norske Bladstykkje; der er Eld og Brand her, du kjenner liksom knytte Næven bakum Ordi, buen til alt, dersom det knip. Slikt kallar eg Politik!”
           
”Aa du er ein Galning,” sagde Presten. ”Kom med det.”
           
Hans las upp eit Stykkje mot dei prestlyndte elder klerikale, og Stykkjet var fælt radikalt. Det gjekk serleg ut um, at Prestarne og Kristendomen maatte ut av Folkeskulen, so sannt her skulde vera tenkjande paa sann og sunn Folke-Upplysning. Kristendomen hadde gjort det han kunde gjera no; heretter laag han berre i Vegen. ”Fridom og Sjølvmagt” var Herropet no fyr Mannsens Ætt; dei kunde vera fagre nok, mange av dei Draumarne, som den nye Tidi tvingad oss til aa sleppa; men Ljos og Liv og Sanning var daa tie Gonger fagrare enn alle Draumar.
           
Kapellanen sat og mylte og saag i eit avdei norske Bladi. ”Her stend det same,” sagde han. ”Nei, væl -?” ”Jau, det same, - og do ikkje det same. Det norske Bladet hev stroket elder stellt paa alt som handlar endefram um Kristendomen, Resten er likt. – ”Ha-ha-ha!” lo Hans, ”for Lurifaksar!”
           
”Ja dei er kloke som Slangar,” sukkad Kapellanen. ”Her kann me daa tydeleg sjaa, kvat som bur under. Det er løynt burt i Politik; men Aanden kann dei ikkje dylja: det er just denne same franske Helvitesaanden, Upprørsaanden, Djevelsaanden, som reiser seg mot sjølve den livande Gud. Ser De det, Hr. Pastor? Ser De, kor heile denne Fridoms-Politikken, dei kallar, er boren og gjenomsyrd av denne gudlause Upprørsaand? – I Sanning, det vert meg meir og meir klaart, at det gjeld fyr oss Sions Vaktmenn – no meir enn nokotsinn fyrr – at me vaka. . . og beda.”
           
Presten sat og grundad. Han saag tyngd og sorgfull ut. Det vart for stilt fyr Hans; han sette seg burt til Hauk og Ragna. Kapellanen saag ut til aa lika detta, og vart meir roleg.
           
”Kjære Hr. Pastor,” sagde han um eit Bil, - ”so sannt som der skal vera Sanning i Arbeidet vaart – ja, detta Spursmaalet dreg seg meir og meir inn paa meg -, so sannt der skal vera Sanning i Arbeidet vaart: at me skal vaka yver Guds Hus og Folk, - kann me daa tigja og vera rolege, naar me ser ei Aandsmagt, slik som denne, koma dragande inn mot oss, - ei Aandsmagt, som so endefram er bygd paa Heidendomen og so klaart syner sitt sataniske Upphav? Gjeng det an? Kann me forsvara det fyr vaar Herre og Gud?”
           
Presten tagde. Han var i stor Tvil og Tvihug. ”Eg trur ikkje det er rett aa koma med Politik i Guds Hus,” sagde han tilslut.
           
”Politik, nei. Men detta er ikkje Politik, det er ei Tidsaand, eit Livssyn, som tek Politikkens Ham, men i Grunnen er berre eit nytt Uppbrot av den same gamle Heidendomen, som Kyrkja til all Tid hev havt aa dragast med. - - Eg fyr min Part trur ikkje, at eg med rolegt Samvit kann tigja.”
           
Presten tagde og tenkte. ”Det er eit leidt Spursmaal,” sagde han tilslut; ”vaar Herre gjeve oss Visdom!”
           
”Amen,” sagde Kapellanen.
 
III.
           
Det leid til Sengjetid; Balle gjekk. Dei tvo Studentarne fylgdest upp paa Soveromi sine; Presten var og med. ”Du hev vakset paa Utlandsferdi di,” sagde han til Hauk, daa dei gjekk upp Troppi. ”Kann henda,” sagde Hauk. ”Ja ja, det friskar aa koma ut,” meinte Presten.
                                                          

(Meir.)

 

 

Frå Fedraheimen 11.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum