Brevsendingar.

 
Velfjorden (Nordland 23de Novbr.
Her i Velfjorden forstend me oss paa ein einaste Ting: aa spara; men det forstend me tilgagns – elder til Ugagns. Me hev mill. A. ein Ordførar – og Valmann -, som er so sparsom, at han ikkje les so mykje som eit einaste Blad. Og det trengst, at me tek det paa den Maaten, for me er fatike. Me er so fatike, at me hev ikkje eingong Raad til aa tetta Kjyrkja vaar, som no hev stadet utett og runnet so lengje eg kann minnest; - men so er eg no ’kje meir enn 30 Aar helder. Aa arbeida Veg gjenom Bygdi hev me no slettikkje Raad til; eg tvilar mest um me hadde Raad til aa lata andre byggja Veg aat oss, um dei baud seg til. Slikt som Skulemeistargardar, som Logi talar um, er her ikkje tenkjande paa. Men det er no ikkje meir enn 3 Aar helder, sidan Velfjorden fekk eiget Skulestyre.
 
Men kor arme me enn er, so er det daa sume av Ungdomen, som lætst vera Karar og gjeng stad og held Avisur. Det er sjølvsagt gamle “Almuevennen” med alle hans ”Tillægsblad” og ”Følgeblad” og ”Premiar” av ymse Slag; for Fedrarne i Bygdi segjer, at detta er det trøysamaste Bladet. Men so er det sume, som vert leide av ”Almuevennen” lell, og so slær dei seg galne og held ”Verdens Gang” og ”Norge”, - ja eg, Syndaren min, hev endaa tullat meg so reint burt, at eg held ”Fedraheimen” og hefter meg burt med aa lesa ”Storthingstidende.” I Sanning, ”’Ungdomen er galen i vaare Dagar’, som Salomon segjer.”
           
Men no kjem det verste av alt. Her ein Dagen fann Bindølarne og Sømna- og Veigaveringarne paa det, at det skulde vera Moro aa faa ein Eimbaat hit aat Bygdi, og sume av oss var daa so kaute og ”karavorne”, at me vilde vera med paa detta! Og tenk, - no er Eimbaaten ferdug, og den 15de Novbr. var han her og glytte innum oss. Baaten heiter hellest ”Torghatten” og skal ganga att og fram her tvo Gonger um Vika, og me, som unge er, meiner at han vil gjera Gagn og kannhenda føra litegrand Folkeskikk til Bygdi. – Eg veit ikkje annat aa segja, enn at Ein fær vona me fær Vit, naar me eldest; for hellest vart her ingen aa velja paa til dei kommunale Umbod, naar dei gamle eingong gjeng burt.                                                  
 
J. N.
                       
 
 
1 Frosta, 3 Dec.
Det er ei gild Tid her fyr den, som hev Hug til aa læra nokot, no etter at me fekk Høgskulen hit i Bygdi. Han er godt likt og hev 15-16 Læregutar.
           
Ifjor Vetr var her fælt til Strid millom Høgskulelærarom (Bentsen, Kuløyi, M. Skard) og Presten her. Det bar laust um Gudsbilætet, um Friskule og Aalmugskule o. s. b. I denne Striden var det nok ikkje Presten, som greidde seg best. -
           
I Sumar var her Gjenteskule, og daa hadde me Frits Hansen her uppe ei Stund. Det var ein framifraa gild Kar. Han heldt fleire offenlege Fyredrag, um 1814, um den norske Bonden i 1814, um Maalsaki, og fleire.
           
No er, som De veit, Kristofer Janson paa desse Kantar og held Fyredrag. Igaar var han her og talad um ”Kristus og Fridomen.” Det er merkjeleg aa høyra slike Menn, naar dei talar um kristelege Ting. Ein vert so liten i seg sjølv og kjenner seg likevel so stor, av di Kristus hev gjort oss til sine Brør og Systkind. Han skildrad, korleids Jesus fraa Nasaret er den største Fridomsmann som hev livt, og at hans Gjerning var den aa løysa ut heile Mannsens Ætt fraa Trældom til Fridom. Men den Fridomen, han kom med, var ikkje denne reint utvortes; det var ein Fridom, som etterkvart veks seg fram or eit godt Hjarta og smaatt um Senn skapar seg dei naudsynlege ytre Former. Kristus var difyr ingen ”Politiker,” so som Jødarne tenkte seg honom. All Stands- og annan Skiland paa Folk braut han ned; han gjekk inn til Tollarar ag Syndarar likso væl som til dei fine Farisæarar; fyr honom var alle like. Dersom me vilde heita Kristne, maatte me hava hans Aand her med: arbeida fyr aa hjelpa dei ”laage” og fortrykkte fram til deira fulle Fridom og Rett, læra dei aa kjenna sitt sanne Verd, sjaa paa dei som Brør og Syster. Han nemnde her t. D. Husmannsstandet, serleg paa Austlandet, Arbeidarstandet, Kvinna. Av di Kyrkja - den protestantiske likso væl som den katholske - sette seg imot all sann Fridom, som godt høver ihop med Kristendomen, og spurde meir um ”rett Læra” enn um kristelegt Liv, var det ikkje aa undrast paa, at store Fridomsmenn, som t. D. Viktor Hugo og Garibaldi, kastad fraa seg heile Greida og vart Fritenkjarar.
           
Fyredraget vart fylgt med stor Aathug, og dei flestalle, trur eg, likad det framifraa. Det norske Maalet klingad overlag vænt i hans Munn; enn um Prestarne vaare kunde tala Helvti so folkelegt! – Berre Ein sat fyr det meste og skreiv under Fyredraget, - og det var Presten.
                                                          
s. + g.
 

 

Frå Fedraheimen 11.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum