Utlandet.

 
Den engelske Heren hev gjenget inn i Afghanistan i tri Avdeilder; den eine hev teket Vegen um Khybertronget, den andre um Kuramtronget, den tredje um Bolantronget. Khybervegen fører fraa Peshaver i tie Dagsleider um Jellalabad til Kabul, Hovudstaden i Landet, og Kuramvegen, som ligg lenger sud, gjeng likeins mot Kabul og Ghazni; den tridje Vegen gjeng fraa Quetta i Beludshistan, som Engelsmennerne alt hev havt i lang Tid, gjenom Bolantronget og deretter igjenom Koluktronget til Kandahar, som er ein av dei rikaste Byarne i Afghanistan; derifraa gjeng Vegen i Nordaust um Ghazni til Kabul. Etter som dei engelske Heravdeilder er uppstellte og skipade, maa det vera Meiningi aa ganga imot Kandahar, Ghazni og Kabul. Men i Veter vert dei ikkje ferduge. Khyberheren under General Browne er no alt komen so langt som han skal fyr det fyrste. Etter at han tok Ali Musjid heldt han fram i drjuge Dagsferder, og den 24de kom han fram til Dakka, midveges millom Peshaver og Jellalabad. Daa Engelsmennerne kom, hadde Afghaningarne rømt Festningi. Dei dreg seg attende til Kabul, og Ibuararne reiser seg imot deim og plundrar. Det gjeng det Ordet, at Jellalabad au er rømt, og Khyberheren hev daa fri Veg hit; men ein Deil av ’n iminsto skal vera att fyr aa festa Dakka og det nærliggjande Lashura, og fyrst aat Vaaren skal heile Heren skrida fram til Jellalabad. Kuramheren skal au stadna ved dei Festningar, som raader Dalsmunnen. Quettaheren derimot skal ganga radt imot Kaudahar. – Heile den engelske Heren utgjer etter Times berre 16000 Stridsfolk; av deim fell 8000 med 42 Kanonar paa Khyberavdeildi, 4000 med 24 Kanonor paa Kuramkoret og 4000 med 18 Kanonor paa Quettaavdeildi. I andre Blad er Tali sett mykje høgre. Sume segjer soleids, at Heren tel i det heile 34-35000. Emiren skal i alt raada yver 13 til 14000. Dertil skal Afghanistan hava ei aalmenn Folkevernd, som skal ut, naar ein Fiende bryt inn i Landet. Det ser altso ikkje so klent ut fyr Shir Ali endaa, men ein fær hugsa, at Afghanistan er eit litet, fatikt, barbariskt Land med Ibuarar av ulik Ætt og Tru, og at India er eit uhorvelegt Rike, som attpaa hev det endaa megtugare Moderland bak seg. Held Folket i India seg rolegt, so synest Emiren ha gjort ei halslaus Gjerning, daa han gav seg i Kast med England.
           
Det engelske Storthing er samankallat til 5te December. Innkallingi hev vunnet aalmennt Samtykkje, men Bladi krev samstundes, at Regjeringi no skal gjera fullgod Greida fyr Fyremaalet med Krigen. Gladstone skuldar Regjeringi fyr aa ha krenkt Logi av 1858 § 54, som gjekk ut paa aa hindra Regjeringi fraa aa draga seg undan Thingets Tilsyn og Yverraad ved aa bruka indiske Pengar og Herfolk.
           
I Italia er det stor Røra. Passavanti (han heiter ikkje Passumente) hev stadet til, at han er socialistisk Republikanar, og Internationale hev gjort Uppstyr paa fleire Stader i Landet. Regjeringi vil sjølvsagt taka strenge Fyregjerder mot Mordarar og Fredsforstyrarar, men det er ikkje Tal um nokor Serlog som den tydske.
 
I det franske Folkething fall det den 19de November eit beiskt Ordkast millom Gambetta og Exministeren Fourtou. Hin kallad denne ein ”Lygnar”; han tok Ordet att som ”uparlamentarisk”, men dermed var ikkje Fourtou nøgd. I Frankrike er det so, at slike Æresulkingar lyt tvaast av med Blod, skal dei ikkje setja Flekk, - i all Fall lyt dei gjera Viprorne. So sende daa Fourtou ei Utmaning til Gambetta. Dei møtte i Boulogneskogen med tvo Vitne kvar. Den langbeintaste av Vitni mælte upp 35 Stig, so Avstandet vart inn paa 60 Alen. No er Gambetta einøygd og hev knappt havt Skotvaapn i Handi fyr, Fourtou er Skyttar, men han er nærsynt og Brillorne hans var doggutte, for det var Skodda og Regnslit um Dagen. Ein, tvo, tri – so skaut dei, og uskadde var dei baade tvo.
 

 

Frå Fedraheimen 30.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum