Kristiania, den 29de November 1878.

 
Embætte. Utnemnde 23 Novbr.; Kand J. Steen til Fullmegtug i Indre-Dept.; Sokneprest i Holme ved Mandal O. F. Duus til Sokneprest paa Kongsberg; Sokneprest i Koutokeino O. A. Johannessen til Sokneprest i Vardø; Kand. theol. A. Aanensen til person. Kapellan aat Presten ved St. Jørgens Hospital i Bergen og Aarstad Sokn. K. A. Grønvold; Bureauchef i Kyrkje-Dept. C. E. Collett til Universitets-Sekretær.
 
Daaen. Greiv Adelsvärd, norsk-svensk Riksutsending h. v. i Paris.
 
Zoologisk Samling. Kvalfangar-Kaptein Karsten Brunn hev gjevet 15 preparerade Skinn og nokre Egg av Fugl, som liver i Polarlandi, til eit Museum fyr Skulen i Tønsberg. Skulekommissionen krev 200 Kr. um Aaret til aa auka Samlingen.
 
Det elektriske Ljos vart siste Maandag prøvt til Upplysning av Basinet ved Holmen Bru i Kaupenhamn. Det gjekk ikkje rett godt, men dei skal gjera Prøven uppatt.
 
Regnstorm. Yver heile Austrik-Ungarn hev det gjenget ein aalvorleg Regnstorm, sume Stader Snjostorm; den varde yver tvo Døger.
 
Norsk Ekspedition til Spitsbergen. ”Tromsøposten” fortel, at nokre paalitande og røynde Ishavsfararar vil setja seg i Brodden fyr aa innsamla Pengar til Farty og Børnad til aa taka Vetrupphelde ved Spitsbergen. Det er Von um, at Sel- og Kvalfiske kunde drivast der ogso um Vetren. Farty, Baatar, Reidskap og Matvarar fyr 6 Mann og eit Hus reknar dei til 12000 Krunur.
 
I eit Kristianiabrev til ”Drammens Tidende” vert det fortalt, at ein Mann i Eidsvoll, Son aat ein Prest, do fyr 20 Aar sidan, og paa Sjukesengi flidde Presten eit Brev med Paaleg um ikkje aa opna det fyr 20 Aar etter hans Daude. No skal detta vera gjort, og Brevet upplyser, at den Daane fyr nær 50 Aar sidan hadde røvat Posten og slegjet ihel Postføraren. Presten skal ha sendt Brevet til Kyrkje-Departementet. Detta er vel like sannt som det er langt. Det er elles sannt nog, at Posten vart røvad i Eidsvoll i 1829.
 
Ein Kjempeblome. Naturforskaren Becchri hev paa Sumatra-Øyi funnet ein Blome – som baade i Storleik, Drustleik og fagert Fargespil langt yvergjeng Victoria regia. Han kallar Planta Titanum og trur, at ho høyrer til Amorphophallidæ.
 
Minnesmerkje. Den 12te Marts i Aar do i Heilbronn Robert Julius Mayer, som hev gjort Upptekter i Varmekunna, den mekaniske Varmetheori. No vil dei reisa honom eit Minnesmerkje i Byen.
 
Tam Aal. Boston Globe fortel, at Aal kann temjast. Ved Hr. Hales Hus renn ein Bekk, i Bekken er Aal, og Hale plar kvar Dag kasta Braudskorper ut i Bekken aat deim. Dei ventar Kl. 9 um Morgonen paa Hale, og han hev lært deim aa eta av Handi si. Den eldste og største Aalen læt Hale endaa taka seg upp or Vatnet. Naar Hale gjeng langs Bekken, blistrar han, og strakst kjem Aalarne. Ein Dag, daa Hale blistrade og kastade ut Mat, kom berre den største Aalen; han ventade ein Augnablink og tenkte seg um; so sette han av Stad etter dei andre, og heile Horgi kom symjande. ”Det viser, at Aalen ikkje er skyld med Menneskja”, segjer Bladet, ”for kvar tvobeint Kostgangar vilde sjølvsagt ha gjort reint Bord utan aa henta dei andre.
 
Peer Gynts Projekt aa setja Sahara-Øydemorki under Vatn kjem fram den eine Gong etter den andre. No er den aalkjende Ferd. de Lesseps med Samtykkje av Bejen i Tunis i Ferd med Undersøkjingar.
 
Fund af Dyrebein. Elleve Mil fraa Byen Canyon i Colorado-Koldistriktet hev Professorarne Marsh fraa Yale, Cape fraa Filadelfia og Hayden fraa Washington funnet ei Mengd fossile (steingjengne) Leivingar av Dyr. Marsh meiner, at Beingrinderne hev leget der i 7 Millionar Aar, og Hayden, at eit av desse Dyr som han hev funnet Knokar etter, Camarasuras supremus, hev voret 100 Fot langt. Det hev livt fyre Mastdontarne. Ogso ein Heileskal er funnen der; det Jordlag, som han fannst i, er fraa Istidi, meiner ein engensk Geolog Bell.
 
Stjernerap. Den 13 og 14 Novbr. møter Jordi paa sin Veg kring Soli ein Svarm Smaaklotar, Meteorarar dei kallar, og som dei held fyr aa vera Leivingar av ein sprengd Planet. Newton hev reknat ut, at dei er 400 Millionar i Tal. Dei ser ut som Stjernur, men rapar elder tykkjest detta ende ned. Ein kvar Gongen hender det, at ein slik Stein verkeleg dett ned paa Jordi, fyrdi han kjem henne so nær, at Jordi dreg honom aat seg. I Aar hev dei funnet ein slik Stein i Amerika. Han var ovleg hard og fast. I Aari 1833, 1866 og 1867 var det usedvanleg mange Stjernerap aa sjaa. I Sud-Karolina vart Negrarne ein Stad det fyrstnemnde Aar so uppskræmde Notti til den 14de Novbr. at dei, 6-7000 i Tal, styrte ut or sine Hyttur og vart liggjande aa Gruve, maallause, halvdaude, i Sinedraatt; dei meinte, at den ytste Dagen var komen. I Aar var det ikkje mange Stjernerap, so vidt me hev høyrt.
 
Ulukka. I Lynchburg (Virginia, Nord-Amerika) var nyst Brudvigsla i ei Kyrkja, som mest vert brukt av Negrar. Det datt ned nokot Gips fraa Taket. Ein Mann ropte, at Taket kom styrtande ned. Rædsla tok Folk, mange hoppade ut or Vindaugo og alle strøymde til Dørerne; ein Mann hoppade ned fraa Lemmen (Galleriet) og knuste Brudi, Brudgomen vart trampad ihel. 10 Lik er funne i Kyrkja, og mange, som slap fraa det med Livet, hev fengjet Mein.
 
Stor Eldbrune hev det voret paa Præria ved Davids City (Buttlers Co., Nord-Amerika) den 19 og 20 Oktbr. Eldhavet kom fraa Nordvest og trugade Byen, men dei gjorde Moteld og fekk Straumen til aa bøygja av; han gjekk yver Jarnvegen austafyr Byen og so sudyver og tok med seg Hus, Kornstakkar og alt, som fannst. Folk miste alt dei aatte i Bonne Creek Valley, og Byen Brainard var nær ved aa strjuka med. Folk kom ikkje til Skades.
 
I Saunders hev det likeins voret stor Skadeeld, og i Shuyler gjekk fleire Farmar upp i Logar. Ein Mann fraa Bøhmen, som budde der, Pollosk, umkom.
 
Druknade. Paa Aamlid Vatn, Skafshaug Herad, Øvre Thelemork, gjekk Sunndagen den 10 Novbr. 2 Brør Anton og Johan Veksal (15-18 Aar gamle) ut med Skøytur. Den ældste Broren kom ut paa veik Is og datt igjenom, og daa den yngre Bror vilde honom hjelpa, gjekk Isen sund under honom med, og dei druknade baade. 3 ½ og 5 Timar etter vart dei uppdregne, men det var for seint.
 
I Millom-Italia hev det voret eit overhendigt Regnvedr og stor Flaum. I Rom stod Korsoen under Vatn og alle Forretningshus laut stengjast. I Judebyen (Ghettoen) stod Vatnet høgt upp paa Veggjerne, i Bia Fiumara var det Faare fyr, at Husi skulde sturta ned, i Bartholomæus-Kyrkja stod Vatnet i Mannshøgd. Dei Arbeid, som var gjorde til aa regulera Tiber-Elvi, er øydelagde. Millom Trastevere og Vatikanet stod alt under Vatn, likeins det Indre av Engelsborg og Land- skapet fraa Engelsbrui til Petersplassen; fraa Plattformi ved Pincio saag dei, so langt Auga kunde naa, inkje annat enn Vatn, Piazza Navona var ein stor Sjo, og det nye Pallats ved Ponte Sisto heldt paa aa sturta saman. Detta var den 16de Novbr. No er Flaumen yver, men det vert mykje aa bøta.     
 
Engelskmannen John Musters som plar driva Laksefiske i Leirdals-Elvi um Sumrarne, hev i Oktober i Dec-Elve i Skottland fiskat 44 Laksar til ei Vigt av 1004 Pund. Avgifti var liti, segjer han, og dersom Elve-Eigarne i Noreg ikkje slær duglegt av Forpagtningssummen, vil engelske Sportmenn ganga til Skottland i Staden fyr til Noreg. - ”Me lyt tola det”, sa’ Blessomen.
 
Russarne hadde 610000 Mann ute i den siste Krig. 950 Officerar og 100000 Mann vart heimsende som Sjuke og Saarade. I Rumænia umkom 31000 og i Bulgaria 99000. Av dei siste laag 80000 under fyr Sjukdom og Saar og 19000 fraus ihel. Kor mange det do paa Krigsskodeplassen i Asia, er enno ikkje kjennt.
 

 

Frå Fedraheimen 30.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum