Hemn.

 
[Del 1 av 2]
 
Aasulf og Bergljot heldt av kvarandre. Dei hadde ein fager Kveld lagt Henderne ihop og lovat, at dei aldri vilde skiljast aat, fyrr Dauden kom og løyste dei, og sidan hadde dei møtst baade ofta og væl. Og ein annan Kveld, det var um Vetren, hadde dei med Graat og stor Sorg lovat kvarandre paa nytt lag, at det, dei hin Gongen hadde svoret, det skulde standa, kvat i Verdi som brast.
 
For Tarald, Faer aat Bergljot, vilde ikkje.
Det var den gamle Visa. Han likad ikkje Aasulf, slett ikkje. Han vilde ikkje sjaa ’n fyr sine Augo. Og det han vilde, det vilde han, denne same Taralden Haukastad.
 
”Du skal hava ’n Paal Braate!” sa han til Bergljot. ”Nei”, sagde Bergljot. ”Jau,” sa han Tarald. ”Me fær sjaa,” sagde Bergljot. ”Ja, bi du berre!” meinte Tarald.
           
Ein Kveld var Paal Braate paa Haukastad. Det var ein nokso gild Kar, men nokot halvgamall og helder smaamælt. ”No hev du Friaren din,” sa han Thore. ”Min vert han aldri,” svarad Bergljot. ”No er du skipeleg!” ropad Tarald og kvitnad; det var altid Merkje paa vondt. Bergljot torde ikkje svara. ”Og so er du so god og tek hamsleg imot ’n – skynar Du?” Bergljot tagde, Tarald raudnad og Henderne hans bibrad og skalv . . . ”Eg skal gjera det so godt eg kann,” sagde Bergljot.
 
Tarald og Paal sat og svallad heile Kvelden, og der vankad Brennevin nokot-sonær til Maate. Endaa paa Sluten vart dei helder høgmælte. Daa ropad Tarald paa Dotter si, og ho laut koma. ”No er det min Vilje og Meining, ”sagde Tarald, ”at du til Vaaren fylgjer denne gode Sveinen Paal Braate, fyrst til Altaren og sidan heim til honom; kvat segjer du til det?” Ho vilde svara hardt; men Faeren saag so brennande kvasst paa henne, at ho bøygdest og vart modlaus. Ho saag nedfyr seg, tenkte eit Bil, og svarad stilt: ”Er det so, at du plent vil tvinga meg til det du veit eg ikkje vil . . . so skal eg fylgja honom . . . til Altaren . . . men ikkje lenger!” ho rettad seg upp og var bleik.
 
Tarald vilde kvessa i, men Paal sagde: ”Ja-ja, Bergljot, kjem me fyrst so langt, so kann me snakka um Resten sidan!” ”D e t var eit sannt Ord!” skreik Tarald og slog i Bordet; ”Skaal! – Festeskaali fyr Paal Braate og Bergljot Taraldsdotter Haukastad!” Dei drakk; Bergljot snøggad seg ut.
           
Denne Kvelden var det, at ho raakad ’n Aasulf, so som sagt er; for han visste um den nye Friaren og laag paa Lur utanfyr Husi. Og som dei stod der i Sorg og Sut og kviskrad saman i den maaneklaare Kvelden, gjorde dei det so av, at Bergljot skulde fylgja ’n Paal til Altaren; men der skulde ho svara høgt ”Nei” paa det, som vart spurt; for daa visste dei, at Presten ikkje kunde vigja dei, og so vilde det væl altid laga seg sidan.
 
Um Vaaren stod Brudlaupet; det var baade stort og gildt, med tvo Spilemann og alt, som til høyrde. Mange Folk var der au. Sjølve Presten var beden og sat med Bordet og aat og drakk, i Lag med dei beste Bønderne i Sokni.
 
Men daa dei hadde fenget det dei vilde av Mat og Drykk, fekk Tarald Presten med seg ut i eit Kammers. ”Det gjeld ein Stut i Dag, Faer,” sagde Tarald. ”Ein Stut?” sagde Presten og saag paa honom. ”Ja”, sagde Tarald; ”eg er rædd Dotter mi tenkjer paa Fantestykkje i Dag.” ”Aa haa!” sagde Presten og flirde fult yver sitt feite Andlit, ”stend det slik -? Eg ser nok, at Bruri ikkje er nokot glad, og eg hev høyrt Ymt um eit og annat fyrr au; - men eg tenkjer no ikkje det er so faarlegt. Eg kjenner til slikt. Eg hev vigt mange av det Slaget i mine Dagar. Dei gjev seg, naar dei kjem fyr Altaren. Dei kann vera so harde dei vil, so mjuknar dei der. Dei tek berre til Graaten. Og sidan – gløymest det snart.” ”Det er det sama,” sagde Tarald; ”men dersom Dotter mi finn paa nokot galet i Dag, - so lætst du som du ikkje høyrer, og vigjer like godt! – Lova meg det; du skal ikkje trega det.” ”Aa ja, du er ein bra Mann, Tarald . . . og Dotter di . . . ja, eg kjenner slike. Dei sutrar og græt med same, men det er Barnesorg, som snart er gløymd. He-he, eg hev aldri set ei Gjenta syrgja mange Dagarne, naar ho fyrst var gift! Dei er liksom Ungarne -: ute av Syn, ute av Sinn. Eg skal gjera som du segjer, Tarald, og so veit eg du kjem meg ihug att sidan.” ”Det skal eg,” svarad Tarald og gav Presten Haandi.
 
So kom dei til Kyrkja. Presten heldt ein lang Tale. Det gjekk mest ut um, at Giftarmaal vart avgjorde i Himmelen, og at Ein kunde vera stød paa, at den Ein fyrst kom aat Blæja med, den var det Guds Vilje at Ein skulde hava. Og det var stor Synd aa setja seg imot Guds Vilje. Det kunde henda, at Ein i sitt eiget blinde Hjarta kunde innbilla seg, at det var betre aa faa einkvar annan; men slikt var Kjøtsens og Satans Freistingar, og dei maatte Ein agta seg væl fyr aa lyda paa, for daa bar det til Helvite. Tarald totte det var ein makalaus Tale, og det same totte Paal. Men Bergljot høyrde ikkje so mykje paa det. Ho stod og skalv, liksom ho skulde havt Feber.
 
Presten tok til med Vigjingi. Det gjekk godt med ’n Paal. Men daa Presten kom til Bergljot, gjekk det meir ymist. Ho sette i med eit ”Nei”, som var so høgt og kvasst, at alle maatte høyradet. Presten vart liksom ustød og skjegglad nedetter Kyrkja; men der stod Tarald og stirde paa honom so kvasst og fast, at han fekk Mod att og heldt paa som Inkje var.
 
Med andre Spursmaalet gjekk det lika eins. Der vart Uro ned i Kyrkja; men Folk var ikkje full-klaare i Hovudet og tenkte det laut vera Ørskap og Mistak av Bruri. Gamle Klokkaren sat og glodde og undrast: Bruri hev fenget Brennevin i Dag! tenkte han. Tarald stod og liksom steikte Presten med Augo; Presten heldt fram.
           
Bergljot vart rædd og tryllt. Ho skalv so Paal maatte stydja henne, endaa han sjølv vart mest likso skjelvande som ho. Tredie Svaret kom so laagt aa ustødt, at Ingen kunde høyra det, og Presten skundad og dreiv paa som han stod paa gloande Eld.
           
Tilslut gjorde Bergljot korkje høyrde hell saag. Kor bar detta til? Hadde ho ikkje svarat høgt nok? Hadde ho mistydt Spursmaali og svarat galet? - Ei fælande Rædsla tok henne; ho vilde skrika, men kunde ikkje, ho vilde røma, men vann ikkje flytja Foten, ho var som fjetrad, det gjekk rundt, rundt, rundt, ho høyrde Surr og Sus og Rop langt burte, Altertavla duvad upp og ned som i Sjøgang, og Bilæti snudde seg og stirde . . . Presten dreiv paa so han sveittad, og just som ho seig nedpaa Blæja, var han ferdug til aa lysa Vælsigningi; Paal lagde seg attmed henne, Presten lagde Henderne paa dei og lyste og vælsignad . . . og so var dei vigde fyr Gud og Mann, og Tarald sprang sjølv upp og hjelpte Bruri, som daa var mest i Uvit.                                               
 

 

Frå Fedraheimen 30.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum