Hans N. Hauge.

 
I ”Morgenbladet” hev ein lærd Mann gjort seg Umak med aa visa, at Hauge ikkje hev havt stor Innverkning paa vaar Kyrkja. Forfattaren medgjev visstnog, at H. var ein merkjeleg ”Fremtoning, især for en Mand med hans Oprindelse” (!), men han var heilt visst ikkje ein so ”eminent” Mann at det tilkjem honom den Ros”, han hev fengjet, meiner Forfattaren, som der attaat hev funnet ut, at Hauge ”overtraadte vor Kirkes Bekjendelse” (!) ”og Kongens Lov,” so han ikkje ein Gong hev Rett til Martyrnamnet. Det er mangt, som læt seg skriva. At Hauge var ein framifraa dugleg Mann, kann det etter vaar Meining litet nytta aa negta; og han var dugleg i alle Ting, ikkje berre til aa preika. Daa Noreg vantade Salt i Krigens Tid, laut dei smaaminka seg til aa taka Logbrytaren Hauge utor Fengslet; han var den Einaste i heile Riket, som kunde grunnleggja eit Saltverk, men daa han vel hadde fengjet det i Gang, so puttade dei honom rettnog i Holet att. Dei Menn, som etter Forfattaren hev haldet Kyrkja uppe i Rationalismens Tid, dei vantade, kjem det oss fyre, iminnsto ein kristeleg Dygd, Takksemd mot det største praktiske Talent, som Landet aatte, fyr Velgjerningar, som han verkeleg gjorde baade deim og det heile Rike. Me, som no liver, skulde difyr lata Hauges Minne i Fred! Og Lata det vera det same med hans Oprindelse! Den var visst likso god som Morgenbladsforfattarens.
 

 

Frå Fedraheimen 30.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum