Fesjaa-Tale.

 
[Del 1 av 3]
 
(Av Jørund Telnes.)
 
Me heve so mangei Gong fraa denne Flekkjen fengje høyrt, hossleis me skaa bera konn at fe aa faa eit venare aa bære Fe, aa eg takkar dei Mennanne som vil hjølpe konn fram i denne Vegjen; ein go Vilje skaa ein inkje laste. Men dæ kunne fulla inkje vera av Vegjen aa høyre noko um hossleis me skaa bera konn at fe aa faa eit venare aa bære Folk, fe Folk maa daa alle Dagar vera meir hell Fe, likevæl. Eg tregar bare paa dæ, at her inkje skaa vera nokon dugelegare en eg til bera fram denne Tankjen. Eg veit inkje bære Raa en at de fær taka ein go Vilje istaen fe Gjerningji. Dæ æ so rart mæ dæ, dæ kann somen turvast um dæ no inkje bli av dæ beste.
           
Dæ æ sagt um Embetsfolk, som bare umgjengst Bøndar at dei til slut bli rustifisera (forbonska). Ja, hoke veit, um dæ inkje kann hava seg nokosonær likt mæ desse Fesjaai. Eg tykkjes dæ æ so rart mæ dæ, rør du mæ desse Framstigsmennanne i Nautevegjen aa Matvegjen um ideale Ting, so æ dæ ofte som du bli spurt: mjølkar dæ? Og her er so mange Merkje paa, at Folk liksom blir ”nautifisera” hell gjorde til Naut ve alt dette Festelle og alle dei Fe-Tankar, og eg trur, her kann snart bli for mykje av dæ au. Eg heve derfe sanka ihop noko, som eg vil freiste aa koma fram mæ i Dag, noko heve eg henta i den Tuva aa noko i den Tuva; men eg maa klaga me Diktaren: ”Um Tankjen er varm der inne, naar han kjeme ut daa æ han kald, han fester seg ei paa Minne!”
           
Her er Kamp no um Dagjen. Dette Dyresjaae æ au noko av Kampen i Live, dæ æ Kamp fe Kjøt, fe Mjølk, hell fe Mat, hell hot du no vil kalle dæ. Kamp æ Merkje paa Liv. Dæ æ mæ Mannsnaturen som mæ Naturen ikringum konn; der æ au Kamp i mange Maatar; der æ tvo Hovumagter i Naturen, ei som vil gjeva Liv, aa ei som vil øydeleggje dæ. Og dæ maa so vera. Eit Vatn som stende stilt rotnar, aa Storm aa Toreslag reinskar Lufti. Men all Kamp æ inkje go, aa um Kampen æ go, so æ inkje all Kamp like go. Kamp um Pavens Skjegg æ ein klen Kamp; Haar- kløyving aa Kampen um mitt aa ditt æ ofte au ein klen Kamp. Aa i Sanning, her bli ført mangein laak Kamp. Derfe klagar Ole Vig:
 
”Strid og Splid er Dagens Tone,
Koldt er Blodets Baand,
Glemt er Livets bedste Krone,
Kjærlighedens Aand!
Dalekarle, Klippesønner,
Hør en ringe Broders Bønner:
Lad os mindes, lad os hædre,
alle fromme Fædre!
 
Unge Brødre hvor I vanke,
Hvad er eders Hu,
Hvortil staar vel eders Tanke,
Eders Lyst og Gru!
Er det Egennyttens Lære,
Guld og Pragt og verslig Ære?
Bobler kun paa Tidens Strømme,
Hvilke usle Drømme!”
 
Aa du, aa du! ”Egennyttens Lære”, den bli preka i mange Hus den, dæ bli ofte sett meir Vær paa fire Skjeling hell paa dæ som mangeigong inkje kan vegast upp mæ Gull. Dæ æ ille aa vera so vonde mot sjavekonn, at me mangei Gong sele dæ beste, Live eig, fe ein skarve Daler, aa at Broderkjærleikjen so ofte skaa vera bare Krokodillegraat. At me skaa vera so narrlege aa vera som ei stakkars Flugu, som leikar kring dæ blanke, kring ”Gull aa Pragt aa verdsleg Ære”; men hot æ vel Gull aa Pragt aa verdsleg Ære? Jau dæ æ som Diktaren seie, ”Bobler kun paa Tidens Strømme, hvilke usle Drømme.”
           
Kamp um Kjøt æ ein dyrisk Kamp, men der æ noko av dæ Slagje au i konn, aa dæ inkje so lite hell. Kamp fe Kjøt aa um Kjøt vil altso til, so lengje som me æ i dæ kjøtlege; men dæ æ dæ dyriske aa dæ kjøtlege, som me skaa sjaa vinne ivi so at me kann bli folkelege aa gudelege. Kamp um Aand æ ein go Kamp, aa i Kamp mæ Aand mot Kjøt kann me koma Guddomen nerare. Derfe sae den gamle Vismannen. ”Dæ æ guddomelegt aa inkje turve noko; men dæ stende Guddomen nere aa turve so lite som maugeleg.”
           
Mat maa me hava. Ja, dæ æ endaa mange som meiner, at Maten æ ”Vissa aa inkje Voni.” Eg aa mange mæ meg trur no derimot, at Maten æ Voni aa inkje Vissa; men dæ dyriske i konn heve mykjy aa seia. Derfe æ her slikt Nappetak au um den Maten, derfe ser du au mange, som kvesser baate Klo aa Nebb for aa sluke i seg ein Arming, liksom Ørni naar ho skjener ne fraa Fjølltoppen fe aa hogge Kloi si i dæ vesle Lamme, som gjenge der raalaust under Nuten.
           
Ja her æ Stri fe den arme Føa, dæ æ fælt so mykjy som some synest turve; naar du ser fraa den armaste Hytta upp til Salanne, som glimar av Gull aa Marmor aa den fine aa fljote Livemaaten der, so maa du bli forfæld. Vilde dei slaa av noko paa Kravi sine, daa vilde her inkje vera slik Nau aa Armo som her æ. ”Dei kappast, dei kappast, Som Hunden um Beine dei nappast! Sin Skatt vil alle med seg føra Igjønom den endelouse Røra, Til dei stupa, til dei stupa, Aa andre kjem istaen til aa krupa!” Ja ”dei stupa, dei stupa!” Dei stupar fe Maten aa døyr fe Live sitt; aa der va titt lite Sol aa sjaa, men i svarte Molli der dei grov etter den arme Føa, der stupa dei, der blei dei liggjannes, aa Vonløysa var meir hell stor. Va me eit Dyr, ei Kjyr hell ein Hest, ja daa hae me fulla inkje ana aa gjera hell aa gange mæ Ougae imot Jori aa leite etter den beste Maten. Daa ville dæ vera best aa liva som dæ gamle Romarfolkje. Den høgaste Lykka blei daa aa hava Rikdom aa blanke Salar, eta gott aa sova gott, dyrke Kjøte sitt i mange Maatar aa naar so dæ va gjort, so stupe som eit Dyr fe aller meir aa rise uppatte, hell i dæ høgaste vandre umkring som Skuggar i Dauingheimen. Men no æ me inkje Dyr.
                                                          
 

 

Frå Fedraheimen 30.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum