Brevsendingar.

 
I Fraa Lofoten.
Naar du kjem so langt nord som til ”Støttarota” (sud fyr Bodøy), so ser du ei lang, blaa Spong, mest som ei Skyrand, uti Havet. Det er Lofoten. Kjem du litegrand nærare, fær du sjaa eit stort Syn. Den eine uhorvelege ”Jotunen” stig fram etter den andre; alle er blaaklædde som egte Huldermenn. Det er ein Her av Krigsmenn til Hest, og staute Riddarar er det. Klædde i ”Panser og Plata” er dei alle fraa Topp til Taa. Heile Fylkingen rid til Havs. Ut-Røst er Forposten; Vaagakallen er Herføraren, han hev tekjet Plass attarleg i Fylkingen. Han hev kringum seg ei Sveit av dustelege Hirdmenn. Di meir du næmar deg Lofoten, di meir kjem Riddararne ut ifraa kvarandre, og di høgre og byrgare ber dei Hovudet. Men kjem du dei altfor nære, so kverv dei burt og vert til ville, underleg forrivne Fjelltindar, den eine meir taggutt enn den andre. Men der er endaa nok att av forunderlige Ting, so du tarv i Grunnen ikkje dikta fyr aa koma i Undring yver det du ser. Den namngjetne Vaagakallen er iser merkjeleg. Dersom du kunde fara fraa Henningsvær til Hopen, helst ikkje mykjet langt fraa Land, so vilde du i eit Skard mot Himelsyndi sjaa som ei lang Stong liggja fraa den eine Skard-Kanten til den andre. Der uppaa Stongi sit ”Kallen”. Du ser honom i Profil. Liknaden er slaaande. Du kjenner ein brennande Hug til aa koma upp og sjaa, kvat det kann vera, som skapar seg saa løglig til. Men du kan sleppa fraa deg den Tanken; ingen kjem upp til Kallen. Segni segjer um honom som um so mange andre ”Fjellmenn”, at han er eit steingjenget Troll. Soli kom yver ’n og det Vonde toler ikkje Ljoset, maavita.
 
Lofotfjelli er ei underlig Blanding av Hardleik og Vænleik. Best som du ser eit Fjell, som er tindutt og taggutt paa alle upptenkjelege Vis, so ser du eit annat, mest like so høgt, som er kaalgrønt ratt til Toppen. Og kjem du nær nok, so fær du kanhenda sjaa Folk der, som gjeng med kvar sitt Langorv og slær. Heile Bergsida er den vænaste Slaattemark, du kan ynskja deg. Bratt er ho, man likevæl jamn.
           
Detta er no um Sumaren. Men det er ikkje korkje ”Kallarne” elder ”Høyfjelli”, Lofoten hev aa takka fyr sitt ”Fe” og si ”Frægd”. Det er Torsken det maavita. Ja den Torsken her i Lofoten! Ein Sørlending, især ein Austmann, vil verta forbinad fyrste Gongen, han kjem hit. Alt Stell er so reint ulikt det, han fraa Barndomen er van med. At Gardmannen ”ror Fiskja” hjaa Husmannen sin er her ikkje meir underlegt enn det motsette Tilfellet. At ein Husmann hev 200-300 Dalars Skuld og likevæl kallast ein ”Vælstandsmann”, det fær Ein so ofta høyra. Men kvat eig han daa? – Han eig no fyrst Husi sine, og so ein Fembøring, Børnskap til 2-3 Karar, kanhenda og Ottring, Kobberøming og Kjeks (Færing), og det vert mange Pengar. Sjølvsagt er det og dei, som ikkje eig so mykje som Skinnstakken, dei sit i. – Eit litet Døme paa, kor rart mangt her kann høyrast ut fyr ein Framand, skal eg nemna med same. Ein kann høyra eit slikt Ord som at ”Ol’ Hanssa hev fiskat 7 Tunnur Livr paa Karen; det gjev 700 Krunur Næring.” Hunrad Krunur Næring paa 1 Tunna Livr! ropar du. Stopp litegrand. Livri er berre som eit Maat elder Merkje paa, kor mykje Torsk han hev fenget. T. D. den som hev fenget 1 Tun. Livr, han hev fiskat ikring 300 Torsk (= ikring 11 Vog Turrfisk). ”Livrtunna” er eit Slag ”Skylddalar” her i Lofoten.
 
Av di Sjøbruket her er so frammanum Landbruket, veit me ikkje av det Austmann-Ordet: ” berre ein Husmann;” den eine er jamgod med den andre. Er Ein fatik eit Aar, kann han det næste Aaret vera meir enn utor Armodi komen. Men detta, at Pengarne og Rikdomen er so paa Uvissa, det gjer, at dei ikkje fær meir Æra enn som godt gjer. Folk liver og, kanhenda, ikkje med den Arbeidsotta, naar Fortenesta gjeng so paa Raus, som naar kvar Skillingen liksom lyt tvingast ut av Jordi. Ein annan Ting, som og heng ihop med det demokratiske Drag i Livet vaart, er det at Ungdomen ”gifter seg sjølv” her, og daa veit me, at det ikkje stendigt vert gjort so ”kloke Parti.” Dei ”kasta seg burt”, som ein Austlandskakse vilde segja. Me veit ikkje av Standsskil her, imot som det er paa Austlandet elder og i Trøndelagen; og det tor eg segja, at kom enn den argaste Storkaksen hit og vart verande her eit Bil, han skulde snart faa ein Svip av den same Fordomsløysa. Me veit difyr ikkje av ”Prestepavar” og ”Skrivarkongar” her. Rettnok er det jamnaste unge Menn, som kjem hit som Embættsmenn; men det gjer ikkje alt; det er som i Amerika: det ligg i Lufti.
 
Tilslut eit Par Ord um Maalet her. Dei dansk-norske hev so lenge songjet paa den Visa, at ”man i hele Nordland taler Bogsproget”, at sjølv Maalmenn trur det. Det er sjølvsagt berre Vas. Me talar ikkje ”fornorsket dansk” dessmeir, men kav norsk. Visseleg, me hev ein heil Flokk av dansktyske Ord i vaar daglege Tale, men er Maalet vaart dermed dansk? Eg lyt beda um Løyve til aa gjeva ein liten Prøve paa Lofotmaalet; eg skal bokstavera so likt Uttalen, som det er Raad til:
 
Eg sei’, som han Ol’ Paalsa sa: ”va’ ikkje Fiskjinn her i Lofoten, saa svalt vi ihel all’saman.” Toskjinn kjem kvar Vinter hit paa Grunnann’ før aa gjyt’. Korfør han kjem hit framfør anner Sta’, dæ kann eg ikkj’ sei dokk. Men kom han ikkje, saa vart dæ ’kje mang’ Møljann’ av, aa ikkje vart dæ mykkj’ aa tjen’ (ogso ten’) før Skottgluntann’ held’.                                         
 
R -.
 
 
II 1)  Tjølling er ikkje nokot stort Sokn og ikkje av dei minste held; men gamall maa Bygdi vera; for her laag, som Ein veit, Skiringssal. Tjøllingbuen liver mest av Jordbruk; her er og mange Sjøfolk. Skog er her ikkje mykje av; Sume hev Timber aa selja, andre maa kaupa. Men Jordi er god her, og Tjøllingbonden driv ’a godt au.
 
Jarnvegslina fraa Drammen til Skien gjeng her igjenom. Det er væl eit Framstig! – Men dei hev havt fælt Mas med eit Myrhol her, som hev gløypt den eine Utfyllingi etter den andre og voret reint som botnlaust. Dei kostar, desse store Framstig; men – det kjem væl att, sa’ Mannen, gav Sui Flesk.
           
I Upplysningsvegen stend det ikkje ille, og no hev me fenget Amtsskulen hit au. Ikkje so faae Tjølling-Gutar søkjer Skulen, og so er her Gutar fraa Hedrum, Brunlanes og Sandeherad au, so det ser ut til, at denne Skulen vil koma seg nokot. Han hev havt helder faae Gutar fyrr. – I fleire Blad hev stadet Stykkje um, at Sjøgutar burde søkja Amtsskulen, og det var væl ikkje so fritt annat dei kunde trengja det. Daa vilde Tjølling kunna skaffa Amtsskulen gild Søknad i Vetr-tidi.
           
Maalsaki er ikkje kjend her, som Ein nok kann tenkja. Men ho kann nok koma upp med Tidi her og. Berre Folk visste betre Greida og kunde tenkja paa slike Ting.
           
Den gudelege Rørsla er uppe her med. Me hev nokre Metodistar, men mest av dei som kallar seg ”Vakte”. Presten, som reiste fraa oss i Sumar, heldt ikkje nokot Lag med desse Folk, og daa det spurdest, at me skulde faa ein ny Prest, var det nok mange av dei Vakte, som likad detta, av di dei ventad aa faa ein som vilde halda meir med dei. Men eg trur dei reknad galet. Den Presten me fekk, er etter mi og visst mange fleires meining, ein framifraa Mann til aa preika, men held nok ikkje meir Lag med desse ”framifraa Folk” enn den som reiste. Han er ikkje so bljug fyr aa segja detta helder, og eg hev høyrt, at fleire gjekk ut or ein Uppbyggelse, Presten heldt, daa dei totte han sagde for litet godt um Lægprestarne. – Kvat skal Ein segja?                                     
H.
 
III Sogndal, Sogn, 23de Novbr.
Ein Brevskrivar i ”Fedrh.” hev uppgjevet Talet paa Lærlingar ved Skularne her i Amtet. Fyr Sogndals Folkehøgskule er Talet ikkje fullt rett; Skulen hadde ved Utgangen av Oktober 50 Sveinar, og sidan er der uppteket 4 til. Men det skal nok ikkje vera Meiningi aa taka fleire i Aar.
           
Eg skal med det same fortelja eit merkjelegt Døme paa, kor Maalsaki i den seinare Tid veks seg inn hjaa Ungdomen paa desse Kantar. Fyr 2 Aar sidan hadde Skulegutarne eit Ordskifte um denne Saki; daa var der berre 1 – ein -, som vaagad seg til aa forsvara ”Maalet”. I Aar heldt dei eit Møte um same Saki, og no var der berre 1 – ein – av Talararne, som var imot Maalet! Alle dei andre uttalad Samhug med Saki, tildels i helder varme Ordelag. Men dei skynar godt Vandemaali ved Arbeidet og tenkjer ikkje paa aa visa same Uretten mot dei dansktalande, som der no vert vist imot oss. Umskiftet maa ganga fram etter Fridomens Log, soleids, at baade Maali fær jamgod Rett i Landet. Paa den Maaten vil der ikkje verta nokot Sprang i den historiske Framvoksteren; i den Striden, som visseleg vil vakna, kjem det Maal til aa vinna, som hev den beste Retten, og det – so vil me tru – er det norske. At Ungdomen no fylkar seg med Varmhug um Saki er iallfall eit godt Merkje; det vitnar um vaknande Sjølvvit og um veksande Elsk til Fedralandet. Maatte den Tidi snart koma, daa det ikkje lenger med Sanning skal segjast um Nordmennerne, at dei er eit Folk, som ” søger efter sin Nationalbevidsthed”!                                                    
 
X.
 
 
III Kvam, Hardanger.
Løbergs Sak er det aalmenne Samtale-Emnet her. Og det vert sagt, at um Løberg kunne ha brukt andre Ord einkvarstaden i Brevet sitt, so sagde han daa ikkje det Slag annat enn det, som dei fleste her meiner, av dei som kjenner til den Saki han skreiv um. Men det er væl so, at ikkje alt, som er sannt, dermed er segjande her i Samfundet; og um det var segjande, so gjeld det væl aa segja det paa den rette glatt-slipte Maaten. Løberg sat og skreiv eit Privatbrev til ein Kjenning og hugsad ikkje paa aa vega so væl av kvart Ordet; serleg var det no leidt, at han gløymde aa struka ut – ”Kongen.” Men vist er det, at Hr. Løberg ikkje hev tapt nokot av sin Vyrdnad ved denne Saki. Me hev og lagt væl Merkje til, at ein av hans politiske Uvener var med og dømde honom. Detta er no ein Tiug, som Hr. Løvenskjold sjølv fær svara fyre. Men uhuglegt er det, at Folk tek til aa undrast paa sjølve Høgsteretten, naar dei høyrer slikt. Dei spyr seg sjølv um Ting, som det aldri burde vera Spursmaal um, naar det galdt Riksens Høgsterett. Det nytter ikkje aa negta, at so er. Tru Hr. Løvenskjold kann svara fyr det?
           
Ein annan Ting, som gjev Folk mykje aa snakka um, er ”Søndre Bergenhus Amts Folkehøiskoleforening.” Det hev seg so med detta, at paa Amtsthinget i Aar brukad Høgskolefiendarne seg so hardt mot Skulen – og det med Vaapen, som ikkje altid var so fagre – at Amtsthinget negtad Skulen Pengetilskot. Detta fann ikkje Høgskulevenerne seg tente med, og fleire av dei beste Menn i Sørfjorden – der Skulen no er – slog seg daa ihop og fekk istand detta Høgskule-Samlaget, som Venerne av Skulen no samlar seg um.
           
Fyr oss ”beintfram Folk” er det raadlaust aa skyna, kvifyr Høgskulen ikkje liksovæl skulde faa Hjelp som Amtsskulen. Dei strævar daa baade tvo mot same Maalet, um enn ikkje plent paa same Maaten. Høgskulefiendarne hev no og ved denne si Framferd gjort Amtsskulen ei laak Tenesta. Amtsskulen paa Utne hev soleids no berre 12 Gutar (men 3 Lærarar), og det maa væl koma av, at Skulen hev tapt i Vyrdnad. Og ikkje skal detta leggjast Lærararne til Last; for dei er duglege Folk nok.
           
Pietismen er sterk her. Sume av dei Vakte er framifraa Folk; dei hev vunnet meir yver det einsynt pietistiske; andre hev stivnat so til i eit myrkt og surt Livssyn, at det liksom stend Frost av dei, der dei fer. Det finst dei, som hatar desse vakte, fyr di dei skiplar den søte ”Fred og Ro,” som ymse Folk er so glade i; men i det Stykket maa eg halda med dei Vakte. Det er nok Livet sjølv, som krev desse Brytningar og denne Uro, og alle me som trur, at det gode tilslut maa vinna og faa Magti, me veit og, at liksom Gullet skirest i Elden, soleids maa og Sanningi klaarna seg fram gjenom Strid.                      
 
10.
 
1)Detta Brevet skulde voret inne fyrr, men vart av eit Mistak liggjande hofta lengje. Bldst.
 

 

Frå Fedraheimen 30.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum