Utlandet.

 
Emiren av Afghanistan vyrde ikkje aa svara paa det engelske Ultimatum. Fylgja hev vortet, at Krigen hev brotet ut. Tidendi kom ikkje uventad. England hadde gjevet Emiren Frest til 20de November til aa svara paa Ultimatumet, men alle Telegramm fraa India gjekk ut paa, at det var ikkje ringaste Von um Vægje fraa Emirens Sida. Den einaste Voni um, at Ufreden kunde glida yver, hekk i det, som var fortalt, at det afghaniske Folket ikkje ynskte Krig, og at Tropperne aat Emiren anten var sjuke elder burtrømde i Hopetal, men Brevskrivaren aat Times i Kalkutta upplyste, at dessa Gjetordi var lite sætande, med di at det, som skulde vera visst det eine Dagen, vart motsagt likeso visst den næste. I Peshawer var alt ferdugt til ein braadsnar Frammars, og det var myket, som tydde paa, at Krigen var snart fyr Hand. Herstyret hadde strengt forbodet aa senda ut Tidender um, korleids Tropperne stod elder skulde stellast. ”Det er likevel rimelegt – segjer Brevskrivaren – at Ali Musjid, Kurumfestet og Kandahar vert hersette utyver Veteren, so at me til Vaaren kann hava ei god Ryggstyd fyr ei Herferd mot Kabul. Emiren vil daa kannhenda koma paa betre Tankar og gjera det unaudt aa føra Krigen vidare. Naar me held dei tri Hovudvegerne til Kabul hersette, kann me stoppa heile den afghaniske Handel og gjera dei militære Tiltak aat Emiren til inkjes. Veteren kann me nytta til aa samla Reservar, gjera Jarnvegerne fullferduge og fylla Upplagi.” I ein ”Leidar” av 18de November skriv Times, at det engelske Folk vil um faae Dagar faa høyra, at det hev Krig med Afghanistan. Utgangen kann det ikkje vera Tvil um, men Arbeidet vert ikkje lett. Det kann henda, at den engelske Heren i India lyt styrkjast, og det er visst, at Utgifterne vert ovstore. Den sidste afghaniske Krigen kostad 17 Mill. Pund, og den Gongen var ein Krig langt billegare enn no. Finansstellet aat India er ikkje so godt, at det kann bera so store Byrdar. ”Difyr er det so mykje større Naud paa aa halda fast – segjer Bladet – at Fyremaalet med Herferdi ikkje er Landvinning og setja seg mot alle æregiruge Planar paa Fyrehand. Det er sagt (av Beaconsfield), at India treng til ei vitenskapleg Grensa, men det treng visseleg ikkje til Utvidking i det endelause. Forslaget aat Sir Bartle Frere (no fyr Tidi Landshovding paa Kapp) um aa senda Officerar til Balkh elder Herat vilde vera faarlegt; for Herfolk læt seg sjeldan styra av politisk Umtanke. Dei vilde tru, at beste Maaten aa stagga Ryssarne paa, var det aa gjera dei tvo Byarne um til Plev na’ar fyr engelske Pengar, men det vøre i Røyndi det same som aa flytja Grensa aat India til Oxus. Vicekongen maa difyr fara varleg, um det kjem til Krig.” – I dei sidste Dagar hev Motstandsstrævet mot Krigen voret utor Maaten sterk. Ein Flokk av megtuge Menner hadde jamvel sett ned ei Nemnd, som skulde telja Riksraadet til Fred, men Beaconsfield negtad aa taka imot nokot Sendelag fraa deim; det vilde vera unyttugt, sagde han, fyrdi han so nyleg hadde gjort Greida fyr sine politiske Tankar. – Um Krigen er til no desse Telegramm hitkomne. Kalkutta d. 21de. Alle Kolonnor hev fenget Order til aa ganga yver Grensa. – Bombay d. 21de Etter Tidend fraa Thull fraa idag tidleg hev dei engelske Tropper hersett Festet Rapion utan Motstand. Fienden dreg sig undan. – Lægret utanfyr Ali Musjid den 21de. Dei engelske Tropper er hitkomne. Batterii opnad idag fyre Middag Eld paa dei fiendlege Batteri, som er uppsette med europæisk Sakkunnskap. Afghanarne svarar kvikt, men gjer ingen Skade. – Jamrud d. 22de. Afghanarne rømde innatt Ali Musjid, etter at Brigaden Tytler hadde hersett Trengjorne bak Ali Musjid. – Vicekongen (Lord Lytton) telegraferar den 22de: I Kurumdalen vert det ikkje gjort nokot Motstand.
 

 

Frå Fedraheimen 27.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum