Per Horgje 1).

 
(Ve Ivar Blekastad.)
 
Han Per va Mann paa Horgje i Hedale han. Dei ha støtt havt slike svære Ukse der paa Horgje. So va dæ ein Gong han Per hadde ein reint ska-stor ein, og som va sinnt au attaat. Um Sumaren da, so va han no mæ paa Sætern han au, men Budeia vart mest ibeit for honom, han vilde berre stange ho. So senda ho Bo ne aat honom Per, at han laut koma uppaa og ha ei Greie mæ Uksa. Ja han labba iveigen. Da han Per kom innpaa Sætri, so kjem Uksen imot honom, og so bar dæ ihop mæ Karom. Men da Uksen skulde ta han Per paa Honni sine, so va dæ inkje meire dæ, hell han Per greip han mæ ei Haand i kvart Honn og gjorde ein Vipp, - so laag Uksen der. So ropte han paa Budeia, at ho skulde koma og smørja paa han, og ho kom mæ ein stor Hafellstaur 1)og hamra paa Uksen alt dæ ho orka, mea han Per laag og heldt han. Sia bau Uksen alder te mæ aa vilja stange Folk.
           
Ein annan Gong va han paa Fisking innve Mugjin, og da va dæ mæ honom tvo Brør fraa Haareilsta. Dessa tvo Karann va nok au sterke og vilde gjerne dragast ve han Per for aa freiste han, men han heldt seg berre unda. Tett uttafor Bui laag dæ ein stor Lyftarstein, som dæ va halde for eit Karsstykkje, um tvo Kare kunde lyfte han ve aa ta ein ti kvar Ende. Da va dæ ein Dag, som Haareilsta-Karann sat tvoeine inni Buenn, so fekk dei høyre noko domp so tungt, og dei ut for aa sjaa, kva dæ skulde vera -: jau da va dæ han Per, han hadde tekje den Steinen og lagt han so fint uppaa Take. Sia va dæ stillt mæ aa vilja dragast. Kjeringji hass Per va fraa Sunde paa Vaagaa. Mea han fridde aat henna, so va dæ no mange som inkje likte dæ taa di store Vaagaaverom. Da va dæ ein Gong at ein taa dei likaste Ungkarom der fekk mæ seg han Lars Trælviken, so meinte han, at da skulde dei no sakti pynte han Per. – Han Lars va au ei Kjæmpe, han gjekk like so fort paa Skjeisso paa Vaagaa-Ise mæ ei Halvtynne Konn paa Ryggje han som andre forutta. Som dei kom aat Sunde um Kvelden, so va han Per alt kome han og laag attmæ Gjentunn. Da va han inkje sein han Lars, men greip han Per og rykkte han aav frampaa Golve. Men jau da maa du tru, han vekkte upp ein Gris: han Per uppatt taa Golve, fata han Lars og tulla han ihop og stappa han aav inunde Sengji. Den andre vart so rædd, at han fekk seg upp eit Glas og hoppa utigjenom, enda dæ skulde nok vera riktigt høgt.
           
Han Omon Skomakarstugunn tala um ein Gong, han va mæ paa Horgje og slagta, ette han Per va so gamall, at han va kome paa Fø’raa. Dæ va han Omon, som jamnan hadde vore Slagtar der før um Aari, og han hadde brukt aa stongje i Nakkjen han. Men no va dæ kome i Mote aa slaa, og dæ va gamle Gjelin som no skulde vera Slagtar. Da va nok inkje meire hell so han likte detta han Omon. Da va ein slik gresjele stor Ukse, dei hadde denne Gongen au, som skulde slagtas. Dei va ein 5-6 vaksne Kare um Uksen, han Omon heldt ti Rompa. Men som Gjelin slo, so rykkte han Omon lite Grand paa Rompa, so Gjelin inkje treffte rette Flekken, - og Uksen sto like rak. Aa-ja, Gjelin slo andre og treia Gongen, men Uksen sto like peik. Da va han Omon nie Knivskjeienn ette Knive sine, tøygde seg framover og trykkte han mitt nie Nakkehole paa Uksa, so han seig ende nemæ Slea, da dæ inkje va nokon atti Rompunn te aa rykkje han aav innpaa Slean. So skulde da Karann te aa lyfte han aav innpaa att, men nei – alt dæ dei tok ti, so vart Uksen for tung for deim. Eg lyt nok gaa ette honom Far eg no, sae han Hans, som no va mann der. Han Per va ikkje uppe enda, men so sto han no upp da, drog paa seg Brokji, kjippa paa seg Skoann og va mæ. So steig han aav uppaa Slean og reiva Romva ikring Avleen sin: ”Ohm!” sae han, - so va Uksen uppaa att han.
 
Han Far saag han Per. Da va ein rar Skapna paa honom; so fælande brei over Akslenn, men so smalna han ne og ne heile Veigen. Naar han fekk for smaae Skjurto, so plega han berre aa knipe ihop mæ Armom over Bringa, so klauv han Skjurta mitt ette Ryggje.
 
1)Fraa Gudbrandsdalen.
2)Gardstaur.
 

 

Frå Fedraheimen 27.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum