Parisaren.

 
Sjomannsprest Lunde heldt nyst i Throndheim eit Fyredrag um Paris. Um Arbeidararne der sagde han: ”Arbeidararne er i Tal meir enn ½ Mill. Drukkenskapen hev ikkje fengjet Magt bland deim; ein drukken Arbeidar vilde skjemme seg ut. Arbeidaren er derimot yverhand trottug; han arbeider sine 12-14 Timar um Dagen, og Ein kann vera viss paa, at det gjeng fraa Handi; det Arbeid, som vert utført, er so godt og fint, at det vandt nokon Stad i Heimen læt seg uppvisa nokot betre. Arbeidaren er sparsam og nøgsam; og hans heile Stræv gjeng ut paa aa leggja til Sides so mange Pengar, han kann, til sin Alderdom, naar Krafterna svik, og han ikkje lenger evler aa tena sitt Braud ved Arbeid. Han tyrster etter Kunnskap, han er danad og kunnskapsrik, og det kjem av di, at det i Paris er rikt Høve til aa sjaa og høyra Ting, som kann lyfta og adla Mannen; Paris er Midpunkten fyr Tankar, Upplysning, og Aandsdaning, men samstundes hev Byen ogsaa mange Skugesidur, mykje Naud og Vesaldom. Um Kvelden, naar Arbeidet er endat, søkjer Arbeidaren til Bulevarden, Kaffihuse og andre offentlege Stader, der han tek trottug Tott i Politikken; han kann setja seg ved Sida aat Arbeidsgjevaren, Soldaten saman med Officeren o. s. fr., og Umgangen med desse danade Menn gjerer, at Arbeidaren i Daning stend yver sine Jamlikarar i andre Land. Hans Lyst og Hug til aa politisera vert ogso utnyttad av alle kringlaupande politiske Svarmarar og Proselytmakarar til aa paaverka honom og vinna honom fyr deira Meiningar, og nettupp i detta ligg Grunnen til dei mange og store Ulukkur og Ristingar, som hev yvergjenget det franske Folk gjenom Tiderna.” – At Arbeidaren tek Tott i Politikken etter aa ha arbeidt trottugt sine 14 Timar, kann ikkje gjera annat enn godt, og likeins at Arbeidaren hev Umgang med Arbeidsgjevaren og Soldaten med Officeren. Me skulde ynskja, at det var likeins i vaare Byar. Naar Arbeidaren hev komet so langt, at han tyrstar etter Kunnskap og hev Sans fyr Politikken, daa er han baade Arbeidar og Borgar, og daa kann kringlaupande Politikkarar gjerna paaverka honom; dei hev Rett til det, og han hev Rett til aa taka Lærdom av deim; er det rang Læra, det dei fer med, so vil han ha Vit nog til ikkje aa bita paa Kroken. Og Ristingarne i Frankrik hev visst ogso voret naudsynlege, sume daa. Hadde ikkje dei voret, so hadde fulla baade Noreg og andre Land stadet i same Skora enno som fyre den store Revolutionen, det største Velgjerdsverk, som er gjort mot Folki i dei seinare Tider. Me hadde daa havt det Syn aa sjaa ”faatøke Bønder” og ”arme Handverkarar” senda det eine Brev meir rørande enn det andre til ei faderleg Regjering um Hjelp mot Fortrykk av harde Futar og ”galonerade” Smiskarar enno den Dag i Dag; det hev me Revolutionen aa takka fyr, at me no er mest fri fyre.
 

 

Frå Fedraheimen 27.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum