Notisar

 
Fraa Seljord skriv O. Arvesen i ”Oplandenes Avis”: ”No er det innmeldt paa Folkehøgskulen 73 Gutar og komet 63. Kolportørar er komne som Lemende og stryk Aaserne rundt i sume Bygder. Folk lær og undrast paa, kvat det er fyr eit Synedrion i Hovudstaden, som paa slik løgleg Vis vil skjemma ut Sakerne sine. For Stellingi vert løgleg: dei jagar beintfram Folk til Skulen og til dei Møte, som vert haldne der.” I same Numer av Bladet skriv Hr. Arvesen eit Motsvar mot ”Luthersk Kirketidende” (utgjevet av Prestarne Blom og Klavenes) og viser, at han altid hev utalat seg mot B. Bjørnsons Meiningar um ”Helvitstrafferne” ”Djevelens Tilvære” og Bibelen som Upplysningsbok. Alle venleg-lyndte og sanningskjærlege Blad vert bedne um aa upptaka Stykkjet.
 
Fraa Holland er komet Tidend um overhendig Vestanstorm og Skylregn i Midten av denne Maanaden, mest i Friesland og Yver-Yssel. Det var paa fleire Mil ikkje Annat aa sjaa enn Trettoppar og Hustak, Alt stod under Vatn, og Skaden, som er gjord, er ovstor. – Samstundes var det svær Snjostorm i det øystre Skottland og det nordøystre England, so svær, at dei ikkje hev havt Maken paa 20 Aar.
 
Ved Parisframsyningi er Medaljer og heidrande Umtale fallne soleids: Frankrig med Koloniar 14517, Spania 2497, England 2450, Austrik og Ungarn 1768, Belgia 1220, Italia 1150, Rusland 803, Nordamerikanske Samband 802, Schweiz 697, Noreg og Sverik 589, Holland 467, Aust-Asia 387, Danmark 312, Argentina 235, Midt-Amerika 191, Grekland 180, Sud-Amerikanske Rike utanfyr Argentina 102, Egypten 25, Tunis 21, Manaco 10, Siam 6 og med enno mindre Tal Turkiet, Morokko, San Marino, Persia, Andorra. Frankrik hev, som Ein ser, teket Brorluten sjølv.
 
Det er ikkje sannt, at Leksikografen Littré ligg sjuk, han var den 15 Novbr. i Senatet og lagde fram sin Røystesetel paa dei 3 nye livsvarige Senatorar.
 
Frankrik hev sidan det laut ut med Milliarderne, havt helder drjuge Riksskattar. No hev det lukkatst aa nedsetja Utgifts-Budgettet med 22 Mill. Franks, og Budget-Nemndi tek Ordet fyr aa nedsetja Tollen paa Olje, gjera Cikori tollfri og derattaat nedsetja Stempelskatten paa Handelspapir fraa 1 ½ til ½ fyr Hundrad. Cheques, dei kallar, d. e. Anvisningar, som fyr hev voret skattlagde med 20 Cents, anten dei hev voret smaae elder store, skal heretter skattleggjast etter Summen liksom Handelspapir. Kaffitollen, som er ovleg høg, torer dei enno ikkje røyva; men so drikk dei ogso etter Maaten litet Kaffi i Frankrik og blandar honom allstødt med Cikori, som no vert tollfri.
 

 

Frå Fedraheimen 27.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum