Norsk Sumardag.

 
Sumardagen
kom med Ljos, og Lauvet spratt i Hagen.
Søte Angen strøymer kring meg, kvar eg gaar,
Skogen stend so drjupande med Gull um Haar,
           
Sjøen sitrar,
Blomen opnar seg og Doggi glitrar.
           
Fossen durer,
Bekkjen spilar millom Stein og Urder;
Jordi fyrr i Dauden laag so kald og stiv,
no ho fenget hev so hugnadsamt eit Liv;
           
Raun og Heggjen
blomar seg uppunder Bergaas-Veggen.
 
Songen strøymer
ut fraa kvart eit Brjost som Ungdom gjøymer;
Tonebaara gjeng so klaar og sterk og stor
liksom Orgelstraumen ’ti eit Kyrkjekor;
           
Fuglesongjen
blandar seg med mjuke Fløyteklaangjen.
 
Stunder slike
er som Minningar fraa Himmerike.
Naar um Kvelden Himmelfreden hev seg lagt
ned-um kvart eit Hjarta med si milde Magt,
           
fær Ein gjøyma
Sorgi si, og all sin Saknad gløyma.
 
O. E. Følsvik.
 

 

Frå Fedraheimen 27.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum