Kristiania, den 26de November 1878.

 
Ekspeditionschef Hertzberg forsvarar seg mot Henrik Krohns Brev med aa fortelja, at han er Faer – elder ein av Federne – til det Paalegg i Skule-Instruksen, som handlar um Bygdemaalet i Landsskulen, og som me alle kjenner so godt gjenom dei Bonnevie-Morgenbladske Fortolkningar.
           
Hr. Hertzberg legg det ut so, at han og Skulestyret vil plent det same som – Storthinget.
           
Plent det same. Ikkje mindre, ikkje meir. Og likevæl er Hr. H. reint paa Livet fyr, at Storthinget no skal koma og stadfesta denne hans Vilje og hjelpa fram denne hans Tanke. Han vil ikkje vita av denne Stadfesting og denne Hjelp. Han er reint vond paa dei 36, som hev gjort, at Thinget gav sitt Samtykkje til Tanken hans.
           
Det er merkjelegt detta. Kor kann det hengja ihop tru?
           
Jau, segjer Hr. Hertzberg: ei Logsfesting vil medføra, at Læraren vert altfor bunden, altfor ufri. Naar Logi kjem, vil Læraren faa mindre Rom til aa gjera som han finn fyr godt, mindre Rom til aa lempa seg etter som det fell honom laglegt, meiner Hr. Hertzberg.
           
Men paa ein annan Stad fortel han oss, at ”Instruksen” ” vilværelige saa bindende forved kommende Lærereog Autoriteter” som ei logleg Avgjerd. Kor vert det daa av ”Fridomen?”
           
Dersom det er sannt, at den rette Meiningi i Instruksen er den, som Hertzberg skriv upp: ”Læreren maa – ogsaa selv, for at kunne forstaaes, saavidt muligt benytte sig af Barnets eget Maalføre” 1), - dersom detta er Meiningi i Instruksen, og dersom Instruksen er ” ligesaa bindende forved kommende Lærere” som Logi, - so vert Instruksen likso ”tyrannisk” som Logi,og Logi likso ”frilyndt” som Instruksen. Av den Grunn kann altso ikkje Hr. Hertzberg vera so rædd den loglege Avgjerd.
           
Kvi er han daa rædd? Er det fyrdi han plent vil vera aaleine um detta Storverket? og kjenner han seg so sterk, at han ikkje treng Hjelp elder Samtykkje fraa Folksens Forsamling?
           
Me tvilar paa det. Hr. Hertzberg fortel sjølv, at endaa Innstruks-Paalegget alt er fleire Aar gamalt, so hev det likevæl verkat so litet, at t. D. dei 36 Thingmenn – Menn fraa alle Landsens Kantar, Menn av alle Stand, og kloke og gode karar alle ihop – ikkje ein gong hev visst um, at Hr. Hertzbergs Instruks-Paalegg var til.
           
Dersom Hr. Hertzberg vilde ha fenget oss til aa tru, at her alt var gjort det gjerast skulde, so burde han fyrst og fremst ha vist oss, at Instruks-Paalegget hadde havt Verknad i Livet. Han burde fortalt oss, um det fanst nokon Skule i Landet, der hans Instruks hadde innført Bygdemaalet, elder um det fanst nokon Autoritet, som Instruksen hadde lært aa bøygja seg fyr Folkemaalets Rett. Men um slikt segjer ikkje Hr. H. eit Ord. Han skriv upp Instruks-Paalegget og fortolkar det; - det er det Heile.
           
Og endaa veit Hr. H. visst likso væl som me, at baade Ministerbladi og Skuledirektørarne – serleg ein av dei – hev tolket hans Instruks paa ein Maate, som maa vera reint i Strid med Tanken, dersom denne er som Hr. H. set ’n fram. Det nyttar ikkje aa fortelja oss, at Hr. Bonnevie ikkje hev ”meint” det paa den Maaten som Thinget forstod ’n. Hr. Bonnevie hev talat so ende ut, at det ikkje finst Raad fyr ’n til aa vrida seg fraa det att. ”Jeg tror”, segjer han, ”at Børnene efterhaanden bør lære at tale Skriftsproget; thi det kan ikke være tilfredsstillende, at det Sprog, hvori saagodtsom alt hvad de kommer til at læse, er trykt, staar for dem som et fremmedSprog, hvoride ikke kan tænke. - Derfor bør man . . . ikke udsætte længe med at lære Børnene at udtrykke sig paa Skriftsproget . . . De maa lære dette ved at høre Læraren tale og saa selv sige efter, indtil de vinder Evne til paa egen Haand at udtrykke sine Tanker” – i Bokmaalet. Desse Ordi skal ikkje gløymast; dei er for gode til det. Den Forklaring, Hr. Bonnevie sidan gav i Mgbl., var so ugreid og tanketryllt, at ho ingen Verdsens Ting sagde utan det, at Hr. Direktøren tilslut heldt paa sitt likevæl.
           
Dei andre Skuledirektørarne hev iallfall tagt til Bonnevies Fortolkning, og eit Par av dei hev i Lærarsamlingarne endaa vist, at dei i Eit og Alt held med ’n. Dei gode Menn fæler mykje meir fyr at Maalsaki skulde vinna fram enn fyr aa vera med paa aa øydeleggja vaare Bygdemaal. Det gjeld fyrst og fremst fyr dei aa ”udjevne Kløften” millom Bygdemaali og Bokmaalet, d. e.: umskapa vaare fagraste Bygdemaal til Piperviksk, sprengja det norske Maal-Idiom ved aa mengja det upp med laant Gods, stilt og smaatt tyna det norske Maal, som enno liver, og som me elskar, men som hev den Ulukka aa ikkje vera vaare dansknorske ”Autoritetars” Tungemaal. – Hr. Hertzberg veit detta.
           
Og vaare andre Skule-Autoritetar, Prestarne -? Hev dei umvendt seg fraa sine unorske Vegjer ved Hr. Hertzbergs Instruks? – Hr. H. veit iallfall Ingenting aa fortelja um det, og me - veit ikkje helder nokot. Me hev ikkje høyrt gjete det. Tvert imot. Hatet til Bygdemaali ser ut til aa ha vakset. Me hev endaa havt den saare Sorg aa høyra ein av vaare fyrste Kyrkje-Menn, ein Mann, som fyrr hev arbeidt meir fyr det Nationale enn dei fleste, og som me i alle maatar hellest vyrder framifraa, - me hev endaa høyrt denne Mannen segja seg samd med Bonnevies Utanke. Og me veit, at det i ei av vaare beste Maalbygder liver ein Provst, som hev ført ein heil Krig mot Bygdemaalet i Skulen – just paa Grunnlag av den Tanken, som Bonnevie hev fenget ut av Instruks-Paalegget. Me kjenner væl ein og annan Prest, som er ein ærleg Ven av vaart Folkemaal. Men me veit ikkje av, at det er Hr. H.’s Instruks, som hev vekkt denne Venskapen. Me hev ikkje eingong høyrt nokon Lærar, som hev vortet Bygdemaals-Mann ved denne Instruksen. Dei Lærarar, som hatar Folkemaalet, stydjer Instruksen fyr aa sleppa Logi; dei som elskar og brukar Folkemaalet, hev etter vaar Røynsla jamt ei Kjenning av, at denne Instruksen er ein sleip og ugreid Ting, som kann brukast til baade det eine og det andre, og som det difyr er svært lite Hjelp i. Men dersom det stend so, og dersom Hr. H. verkeleg vil hjelpa Folket til sin Rett i denne Saki, so ser me altso, at han nok kann trengja Hjelp. – Kvi er han daa so rædd den loglege Avgjerd? –
           
Aa nei, lat oss ikkje narra oss sjølve. Dei 36 Thingmenn visste godt um, at Hertzbergs Instruks-Paalegg var til. Men dei visste ikkje, at Hr. H. med sin Instruks vilde det same som Thinget vil, og – ærleg sagt – dei veit det ikkje enno.
           
Vilde Hr. H. det Thinget vil, so var han ikkje so faavis aa slaa fraa seg Thingets Hjelp. Han vilde vera glad til, at det, som han fyrr hadde strævat med utan Studning fraa nokon Kant, no fekk Stadfesting og Studning av sjølve Folket. Men Ulukka er den, at Hr. H. – vil ikkje det samesom Thinget vil.
           
Hr. H. forsvarar sjølv Bonnevies Tanke. Hr. H. kjem sjølv fram med denne forunderlege, fyrr ukjende Meining, at Ein maa læra aa tala eit Maal fyrr Ein kann læra aa skriva det. Kvar og Ein veit, at det aa læra aa skriva eit framandt Maal er langt lettare enn aa læra aa tala det, og me hev daa helder ikkje høyrt, at dei paa Lærdskularne lærer aa talat. D. Tysk fyrr dei lærer aa skriva tysk Stil. Og dei fleste bondefødde Folk her i Landet vil godt minnast, at dei lærde aa skriva Dansk lengje fyrr dei var føre til aa bruka det i Talen.
           
Skal Smaaborni paa Landsbygdi læra aa tala Bokmaal, so maa Meiningi vera den: at dei skal koma so heiltinn i Dansken, at dei lærer aa halda Dansk fyrr sitt eiget Maal, lærer aa “tenkja” paa Dansk, kjem so vidt, at Dansken ” ikke staar for dem som et fremmed Sprog”, men som deira eiget. Og i den Stundi dei kjem so langt, so er det norske Folkemaal avtynt.
           
Me veit nok, at slikt ikkje læt seg gjera, iallfall ikkje i ei Snarvending. Men me veit, - og det veit alle -, at Folkemaalet paa denne Maaten snart vil verta sprengt, uppløyst, utskjemt, og det vilde me daa nauveleg skulde henda. Og me veit – og det veit alle – at det læt seg gjera aa venja Folk av med aa tenkja høgare Tankar i sitt eiget Maal, men at det ikkje gjeng so fort aa læra dei aa tenkja slike Tankar paa eit framandt, og me vilde so nauveleg, at Folket skulde venjast av med aa tenkja høgare Tankar. Endeleg veit me, at ”Skolen har høiere Formaal” enn aa læra Folk aa danska, og me vilde gjerna, at Folket skulde faa læra mykje av dei Ting som det hev Bruk fyr og godt av. Difyr bed me av all vaar Magt Thinget um aa sjaa til, at det vert Slut med detta danske Maalstrævet. Me bed Thinget um det; - Hr. Ekspeditionschef Hertzberg fær orsaka, at me ikkje trur meir enn so maateleg paa hans Instruks, som visst gjerna kann vera mykje vælmeint.
           
Instrukspaalegget er halvt, uklaart, ustødt; det kann brukast til det Vonde likso lett som til det Gode, og paa den Maaten som det til dessa hev voret gjenomførd, so vil det verta brukt til det Vonde. Naar Hr. H. ikkje held fastare paa det, som han i Aftbl. kallar si rette Meining, enn at han rolegt tigjer til Fortolkningar som dei, Bonnevie og Morgenbladet hev komet fram med, so skal Ingen tru paa Reform fraa den Kant. All Hinking og Halting til baade Sidur er faarleg, og her skal ei stød, sterk Haand til, dersom ei slik Rettebot skal faa Framgang i vaart Samfund. Hr. Hertzberg er ein god og snild Mann; han vil gjerna gjera alle til Lags; kor Hjartat hans er, veit Ingen; men – han hadde ikkje sitet der han no sit, dersom han hadde voret den Mann, som Folket kunde lita paa i denneSaki. Lat oss ikkje narra oss sjølve!
                                    
I nørdre Land hev Klokkar A. O. Grøndal voret Lærar i 30 Aar. I den meste og seinste Tid hev han styrt den høgre Aalmugskule i Bygdi, og han skal ha voret ein framifraa dugande Lærar: O. Arvesen segjer, at dei Guter, som hev voret i Skule hjaa honom og sidan hev søkt Folkehøgskulen paa Sagatun, hev vist seg aa vera vel fyrebudde og havt sjeldan gode Skulekunnskapar. Men likevel er Hr. Grøndal avsett fraa den sistnemnde Post av Heradsstyret. Um detta vert fortalt i ”Oplandenes Avis:” Ordføraren hadde fengjet heim fraa Kristiania Bror sin som theologisk Kandidat, og den unge Mannen hadde sagt seg viljug til aa lata sitt Ljos skina fraa Lærarstolen i den høgre Aalmugskule, naar han fekk 400 Kr. høgre Løn enn Grøndal og so Husvære. So gjorde Ordføraren det Forslag, at Grøndal skulde faa Avskil og Prestemnet Skulestyrarposten. Ein av Heradstyret spurde etter Grunnen, men fekk det Svar av Medlemarne fraa Nord- og Aust-Sinnarne, at det ikkje kom ein einaste Gut fraa deira Fjordung, dersom Grøndal vart verande Lærar. Nokre Medlemar fraa Thorpo sa det same um deira Fjordung. ”Men kvat galet hev daa Grøndal gjort?” spurde Mannen. Han fekk ikkje Svar paa detta, men dei mullade nokot um Grundtvigstru og Kjætterskap. I Sinnarne og nokot i Thorpo hev ein pietistisk Leikprest Sand verkat og fengjet eit stort Tilheng. Grøndal hev ikkje motverkat Hr. Sand, men helder ikkje studt honom. Og daa Hr. Grøndal tok vel imot Kristofer Janson i Vaar, so vart detta for mykje fyr Pietistarne. – Dei tok no den Hemn, dei kunde taka, og vedtok Ordførarens Forslag mot 1 ½ Røyst. Som dei (den 9de Septbr. 1878) var ferduge med detta, kom Hr. Grøndal køyrande til Møtet –fyr aa tala um Skipnaden av Skulen i det kommende Aaret. Detta kom daatt utyver Heradstyrarne, som fyrst styrte til Vindaugo til aa bisna, men so fann det klokast aa setja seg til Raadsbordet att. Grøndal fekk vita, kvat som var hendt, men gjekk likevel upp i Salen til aa helsa paa Raadet. Fyrst nedslegne Augo og aalmenn Togn. Men so skaut Ordføraren Hjartat upp i Bringa og trod burt til den Avsette og spurde um hans – Tru. ”Her er ikkje Staden til aa segja fram Trui”, svarade Grøndal, ”men kannhenda eg fær sjaa Protokollen?” Der las han daa sin Daudedom, bugade seg og gjekk. Nokre Dagar etter kom Ordføraren og bad honom søkja Avskil, men so snild trudde ikkje Hr. Grøndahl han hadde Grunn til aa vera mot dei gode Menn. No fær dei liggja, som dei hev reidt upp, meinte han. Saki skal ha vakt aalmenn Harme i Bygdi, vert det sagt, daa ei Mengd av Bygdefolket held mykje av Grøndal og trur, at han er duglegare enn Kandidaten. O. Arvesen bed baade Ordføraren i Nørdre Land og Klokkar Grøndal upplysa Samanhengen med denne merkjelige Avsetjing.
           
Paa nytt ei av desse Sogur, som er so stygge, at Ein storleg maa ynskja dei var usanne! Her vert snart for mange av slike. Og denne Gongen er det Bønder, som prøver seg i aa vera Hauk yver Hane. Skal tru det er dei gode Fyredøme aat sume av vaare Prestar, som her tek til aa bera Frukt?
           
Det verste er, at desse Menn upp i Nordre Land skulde høyra til dei, som etter Mgbl. stend paa eit ”høgre Daningsstig.” Dersom no dei av vaare Bønder, som hev mest ”Daning”, er so raae og politisk umynduge, kvat skal Ein daa tenkja um dei andre? –
 
1)Logframlaget segjer, at ”Undervisningen i Almuskulen saavidt muligt skal foregaa paa Barnets eget Talesprog.”
 

 

Frå Fedraheimen 27.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum