Utlandet.

 
I sin Note av 9de November hev Ryssland vissat, at det er meint paa aa uppfylla Berlinsemja. Ein Brevskrivar til ”Køln. Zeit” segjer, at denne Noten er aalment halden fyr aa vera det fyrste Stiget til ein fredleg Greiding av den orientalske Røra, men han trur likevel, at Ryssland lyt byrja med aa minka sine Tropper paa Balkanhalvøyi, fyrr England fester Lit til Lovnaden. Times og fleire andre Blad hev teket imot Noten med Tillit. Det er fortalt, at Ryssarne alt bur seg til aa draga seg attende, og at dei fremste Herførararne skal kallast burt fraa Krigsskodeplassen. ”Pester Lloyd” upplyser likevel, at millom Adrianopel og Burgas stend det enno 120,000 Mann Ryssar, og sidste Tidendi um ei rysk Hersetning tyder paa ei Framskriding. ”Neue freie Presse” hev like laak Tru paa Ryssarne som fyrr, og set Rysslands Gjerningar upp mot Rysslands Ord.
           
Dei upprørske Bulgaringar i Makedonia og Ryssland er so fine Bussar, at Upprørarne leverar ut dei turkiske Fangar til Ryssarne.
           
Fraa Konstantinopel er telegraferat den 16de i d. M., at Turkiet hev sendt Magterne ein Note og bedet um Hjelp til aa gjenomføra Berlinsemja. Fyr Løysningi av det græske Spursmaal ser det betre ut fyr kvar Tid. Dei trur fyr visst, at Sultanen vil gilda kvat Forslag som helst, naar det berre samstavar med Berlinsemja i Hovudsaki. Imot den Lina som fyrst var fyreslegi gjer Porten det Motlegg, at ho er ikkje nokot naturlegt Landsskil, og byd Grækland nokot Land ved Volo-Viki i Vederlag fyr dei no fyreslegne Avbrigde.
           
Uppstandet i Makedonia øykjest framleides og strekker seg no til Epirus og Thessalia med. Ryssland hev negtat aa ganga inn paa det turkiske Forslag um aa setja ned ei blandad Nemnd til Etterrøknad um dette Uppstandet, og Turkiet hev difyr lotet setja ned ei paa eigi Hand. Porten driv framleides paa og skipar til Tropper og skal senda mot Upprørarne.
           
Midhat Pasja er utnemnd til Landshøvding yver Syria, fyr at han her kann gjera den fyrste Freistnaden med Umbøter. Denne Utnemning er det beste Teiknet paa, at ei endeleg Ordning er i Gjerdom, for ho segjer so mykje som at England hev vortet ovanpaa og Ryssland under i Sultanens Maalstova.
           
Det prøysiske Landsthing kom saman den 19de November. Bennigsen vart attvald til Formann i Folkethinget. Han kravde og fekk samrøystes Fullmagt til aa tolka Medhug og Takksemd fyr Kjeisarne fyrskuld dei Uhende, som hadde boret til. Finansministeren lagde fram eit Yverslag fyr 1878-79. Yverskotet fraa Fjoraaret kom paa 5,400,000 Mark, men det gjekk ut att i Tilskotet til Riket. Inntekterne utgjerer 642 ½ Million, dei vanlege Utgifter 652 2/ 3 Mill. og dei framifraa 64 2/ 3 Million. Underskotet vert soleids 73 ¾ Million. Største Hjelpi mot detti hev voret den Letten, dei tenkjer aa faa i Rikstilskotet paa den Maaten, at dei fær serskilde Inntekter aat Riket og fær umvelt Skattestellet. Fyr det Aaret, som kjem, kann dei jamna det ut ved aa taka upp Laan.
 
England og Afghanistan. Fraa London er telegraferat den 21de: Emiren av Afghanistan let Englands Ultimatum svarlaust. Regjeringi hev teket den Raadi aa telegrafera til India um, at Heren skal skrida fram. Idag er det Raadleggjing i Ministeriet att.
 

 

Frå Fedraheimen 23.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum