Skule og Upplysning.

 
[Sluten.]
 
Tredie Møtet tok til med, at Direktøren utdelad bland Lærararne eit Papir med 3 Spursmaal paa, i di han hellest leet um, at Flokken var helder tunn i Dag (for det var mange, som ikkje møtte fram denne Gongen). Paa Papiret stod prentat:
           
”1. Ansees de i de gjældende Undervisningsplaner for Almuskolen paa Landet indeholdte Bestemmelser, at det tillades Børnene og tilholdes Læreren navnlig i Børnenes første Skoleaar som mundtligt Meddelelsemiddel saavidt muligt at benytte Barnets eget Bygdemaal, paa samme Tid, som det gjøres Skolen til Pligt at veilede Børnene til at forstaa, læse, og saavidt ske kan tillige skrivtligt og som Hjælpemiddel hertil mundtligt at udtrykke sig paa Bogsproget, for tilstrækkelige og hensigtsmæssige?”
           
”2. I modsat Fald, maa det da: a) enten: ansees ønskeligst at Bygdemaalet udelukkende benyttes den hele Skoletid igjennem, og at Skolen indskrænker sig til kun at veilede Børnene til at læse og forstaa Lære- og Læsebøgerne; b) eller, hvis dette sidste skulde vise sig at medføre Vanskeligheder, naar den mundtlige Meddelelse Lærer og Børn imellem udelukkende skal foregaa paa Bygdemaalet, ansees det nødvendigt, at Skolebøgerne i saa Fald overføres paa Lands- eller Bygdemaal? Forudsat at dette var muligt, vilde det være i Skolens og Oplysningens Interesse?”
           
”3. Vil det være til Gavn for Skolen, at Lærervalget indskrænkedes saavidt muligt til saadanne, der ere fortrolige med vedkommende Bygdemaal?” Daa Direktøren hadde leset upp detta, upplyste han, at Departementet hadde sendt Stiftsdirektionen Odelsthings-Avgjerdi til Paaskrift (”Erklæring”), og Ein vilde daa og gjerna høyra kvat Lærarsamlingi meinte. Han bad difyr um eit stutt og greidt (”bestemt”) Svar, fyrst paa 1ste Spursmaal, og – dersom Svaret her vart nei – sidan paa dei tvo andre. Ein Del heldt seg fraa aa svara; og um det enn maatte segjast aa vera mindre gildt fyr Lærararne aa svara her, slik som denne Saki no stend, so var det daa fleire som leet paa, at dei ikkje kunde svara Ja paa 1ste Spursmaalet, daa dei totte det saag ut som um Meiningi i Grunnen var, at Ein ikkje aaleine skulde læra Borni aa skriva Bokmaalet, men og aa tala det. Ein Lærar meinte, at kor mange Krokar her enn vart brukade fyr aa motarbeida Maalsaki, so vilde ho likevæl vinna fram; for no var denne Saki ei Magt, og Motstanden ville berre hjelpa henne fram. Direktøren vilde ikkje vita av, at her vart brukat ”Krokar”, og gav seg paa nytt til aa leggja fram Motgrunnar mot Maalsaki, so det vart Ordkast um denne Saki igjen. – Ein Lærar upplyste, at Presten hans hadde tydt paa, at han ikkje maatte lata Borni attgjeva i Bygdemaal dei Ordi i Bibelsoga, som stend med stor Stil; men til detta sagde Direktøren, at ettersom det var løyvelegt at Barnet brukad sitt eiget Maal, so visste han ikkje av, at der skulde gjerast nokot Undantak. Denne Dagen var det og fleire, som uttalad Von um, at me snart maatte faa Lese- og Lærebøkerne paa Norskt, og Sume upplyste, at dei ikkje aaleine brukad Bygdemaalet i Talen so mykje det var Raad, men at dei og sumtid hadde øvt Borni i aa bruka det skriftleg. Nokre Lærarar fann, at det som Stiftsstyret hadde sagt i Undervisningsplanen um Bygdemaalet, var godt nok, og dei svarad Ja til Spursmaal 1. Men so vart der fleire og fleire som uttalad seg imot Spursmaalet, so at det tilslut var Storparten av Talararne, som svarad Nei. Den Vendingi: ”som Hjælpemiddel . . . at bruge Skriftsprog ogsaa i Talen” var slik, at det saag ut til at Ein vilde taka att med den eine Haandi det Ein gav med den andre. Daa Skuledirektøren vart spurd um Meiningi med detta, svarad han paa Lag so: ”Da Skoledirektørerne i 1874 vare samlede, saa kom man angaaende Sproget til den Mening, som har faaet sit Udtryk i den Undervisningsplan, der gjælder for Stiftet, at Lærerne skulde tilholdes at bruge Barnets Maal ikke blot i Begyndelsen, men igjennem hele Barnets Skoletid og at det skulde tillades Barnet at bruge sit Modersmaal ei blot i Begyndelsen, men gjennem hele Skoletiden, men at man ansaa det for Skolens Pligt paa samme Tid at hjælpe barnet til at udtrykke sig skriftlig i det officielle Skriftsprog, og han maatte forundre sig over, at dette kunde misforstaaes.” Dei sagde seg nøgde med denne Forklaringi og takkad Direktøren, for han hadde gjevet eit so greidt Svar. Dermed sluttad detta Ordskiftet. Um Direktørens Svar stemde med Ordi paa den trykte Setelen, leet dei vera fyr det det var.
           
Siden talad dei um Rettskrivningi (store og smaae Fyrebokstavar) og um, korleids Skulen skal upphjelpa Kyrkjesongen. Tilslut vart der talat um, kvat Plass ”Modersmaalet” skulde hava i Aalmugskulen. Det vart klagat yver, at i dei Skularne, der Avdeilderne møter fram samtides, hadde Tabellen ingen Time til Moersmaal. Detta var sjølvsagt eit stort Lyte. Sume meinte, Ein fekk taka Timar fraa Lesningi, andre meinte, at Ein helder fekk taka einkvar Skrivetimen til det; andre att fyreslog baade Slagi, og so meinte Direktøren med. Andre heldt fram, at korkje Lesningi elder Skrivningi kunde vera av med nokot av si Tid, og dei saag seg i slik ei Knipa, at dei ikkje kunde fylgja Tabellen. Hertil vart det svarat, at paa denne Tabellen hadde det voret grundat i 11 Aar, og kven kunde væl daa koma med ein betre? Direktøren meinte, at anten fekk Ein fylgja Tabellen heilt igjenom, elder so fekk me kasta’n yverbord.
           
Desse Lærarstemmur er visst gode, og der kann nok vera Sumt aa læra gjenom dei; men hellest kunde dei visst skipast so, at dei vart til større Gagn og Gleda fyr vaare Lærarar enn dei no er. Den Kunskapen, Ein kann faa inn i ei Tid av 5-6 Vikur, vert no aldri nokot stor; dessutan er det væl so og, at Lærararne, naar dei er ferduge med Skulestrævet sitt, kunde vita Ting, som dei hadde meir godt av enn detta aa strakst koma uppi det same Maset att med Krunur og Øyrar, Meter og Liter o. a. fl. Dei kunde f. Ex. helder vilja høyra Fyredrag um Ting, som høyrer meir med til det aalmenne Aandsliv, Tankar som er framme i Tidi, Tankar, som kunde friska Ein upp etter det daglege Fag-Stræv. Det var sume her, som høyrde nokre Fyredrag av Kr. Janson, og dei ynskte, at dei kunde faa høyra nokot sovoret paa ”Lærarkurset.” Kanske Storthinget ikkje hadde nokot imot aa gjeva Lærararne Pengar til aa gjesta Folkehøgskule-Samlingarne? - for der ser det ut til at det vert talat med Liv og Kraft just om slike Ting, som Lærararne kunde hava godt av. Kvat meiner no de, Hr. Bladstyrar?
 
Vestlandet i Novbr. 1878.
 
X.
 

 

Frå Fedraheimen 23.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum