Samlaget fyr Kristiania Handelsstand ...

 
innvigde den 19de Novbr. ein ny Samfundsbygnad. Det var stor Stas, og det møtte fram Utsendingar fraa dei andre Samfund i Byen: det aalmenne Borgarsamfund (Kommunen) Studentarsamfundet, Arbeidarsamfundet o. fl. Store og gilde Talar vart haldne. Generalkonsul Peter Petersen heldt Festtalen, Elles vart det haldet mange Talar: fyr Byggje-Nemndi, Arkitekten (v. Hanno), Kristiania Bystyre, Handelsstandet, Arbeidarsamfundet, Studentarsamfundet, J. D. Behrens, Maalaren Arboe o. fl. Bankchef A. Sanne avslørade under stor Jubel eit Portræt av Peter Petersen, utført av Arboe. Boeck (fyr Arbeidarsamfundet) og Vullum (fyr Studentarsamfundet) takkade; den fyrste ynskte, at Handelsstandet maatte arbeida fyr aa løysa Band og burtrydja Stengslur millom dei ymse Stand, den siste fyr Noregs Handelsstand som Berar av Kulturen: ”maatte Handelsstandet verta sterkt nog til aa draga til oss alt, som hev Verde, solangt Handelsvegjerne fører!”
 

 

Frå Fedraheimen 23.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum