Rispur.

Eit av vaare Herskip laag eingong paa ei fransk Hamn; mange Franskmenn kom umbord og skulde bisna. Ein Dag kom det ein høg Herre umbord. Alt var væl stellt og fint; Kanonarne stod etter Raake med Strydottar i Fengholet. Franskmannen stod og saag paa; nokre Matrosar flokkad seg kringum. ”Très propre.” 1)sagde Franskmannen. ”Ka er det han segjer, Tosken?” ropad ein Matros -: ” Tre proppar? – det er daa Strydottar likevæl!”
                                              
Ein Fe-kar stod paa Torgi og selde Kjøt. ”So kom det ei staseleg fin Dame dragande, med Frynsur og Drags kring Kjolen, so det berre lufsad: han sette Auga paa ’a og spurde: ”Ka heite du?” – ”Emma”, svarad Dama. ”Hm!” sagde Fekaren, ”eg hev ei Gjeit heime eg og, som heite Emma!”
                                              
Ein Gut stod og saag paa ein Kjørar. Sumtid gjekk det i Traav og sumtid i Fet: so tok Guten til aa læ. ”Kvat lær du aat!” sa Ein. ”Jau er det ’kje løglegt,” sa Guten; ”naar Kjerra spring, so spring Hesten au!”
 
1)[Uttal: ”trè pråp’r”] ”mykje fint”, ”mykje nett”.

 

Frå Fedraheimen 23.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum