Notisar

 
I Sud-Afrika er funnet ein Diamant paa 244 Karat: han er ikkje av finaste Slag, men spilar litet yver i det gullgula.
           
Eimskipet Sardinian kom Laurdag den 9de til Runausky i Kanada (nær Kvebek). Fraa Morville i Irland dit tok Ferdi 6 Døger 23 Timar: det er det fyrste Farty, som hev siglt yver Atlantarhavet paa mindre enn 7 Jamdøger.
           
Mange Fold. Ein av dei fyrste Dagar i April 1878 saadde dei paa det svenske Landbruksakademi’s Gard nokre Korn av Havre og Bygg (2-r.) i ein varm Drivbenk. Den 28 Juli var Sædet mogjet. Bygget hadde 80 Straa og Havren 70. Byggaksi hadde 36 Korn og gav altso 36 x 80 = 2880 Fold, Havreaksi hadde 272 Korn og gav 272 x 70 = 19040 Fold. Meiningi med Freistnaden, som dei vil gjera gjenom ei lang Framtid, og saa berre dei største og vegtugaste Korn, er ved Umhug i Dyrknaden aa faa foldrikare og tidlegare Sædeslag, enn me enno hev.
 
Bjørnstjerne Bjørnson er no heimkomen fraa si Kaupenhamnsferd. Han vitjade Gøteborg med det same og heldt der eit Fyredrag yver Richard Wagners ”Tannhäuser” fyr 600 Tilhøyrarar. Baade Gøteborgs-Storbladi – det eine Framgangs- og det andre Bakstrævarblad – er samde um, at Fyredraget var meistarlegt, aandfullt, gripande, og at det kastade eit rikt Ljos yver Wagners døkke og underlege Tonedikting, somanvovi, som ho er, av Synsmaatar, som tilhøyrer Notidi, og av Romantikk, som tilhøyrer Midalderen.
 
Gausdals Herad i Gudbrandsdals Futedøme skal fraa Jan. 1879 verta skift i 2 Herad, Øystre og Vestre Gausdal.
 
Ein Officer skriv i Dagbladet til Riksraad Munthe, at Kavalleriet, som fekk dei kvite Æreklutar, aldri hev utmerkt seg fram fyr dei andre Vaapn i Heren, snarare – fyr nokre Aar sidan – viste ei Aatferd, som vart sterkt lastad, men at alle Deilder i Heren er gjenomtrengde av ein Aand, som krev, at Krigsmannen berre skal sjaa upp til den Fana, som ber Fedralandets Merkje. Domen yver det Fyrefallne vil verta hard ikkje berre bland Herfolket og Aalmenningen, men ogso hjaa Storthinget, som til Aars fær aa tilskipa vaar Herordning. Difyr er det naadsynlegt, at Riksraaden kjem med Upplysningar um, korleids alt er tilgjengjet, meiner Officeren.
 
Embætte. Utnemnde: 9de Novbr. M. Magnesen til Bureauchef i Indre-Dept. Kapellan A. Rosenberg, til Sokneprest i Aaseral, Prest i Raudland K. M. Schøning til Kateket i Eikersund; Kadettarne J. G. Ræder, L. O. Handberg, J. E. Hjorth, A. E. Eriksen, K. J. Jørstad, D. Dietrichsen, K. B. Rud, J. F. S. Ring og J. D. Apenæs til Sekondløytnantar utan Numer. – Avskil: Sokneprest i Ørlandet B. F. Hansen fraa Prost-Embættet i Fosen, personell Kapellan i Vanse A. H. E. Solbu med 1000 Kr. Ventepengar aarleg, Sokneprest i Gran, S. B. Bugge med Etterløn 5000 Kr. aarleg.
 
Det metriske Maal og Vigtsystem skal innførast fraa 1ste Juli 1879 ved Rekning av Toll og andre offentlege Avgifter og Takster. Deretter hev Folk 3 Aar til aa bruka kvat dei vil, anten det nye elder det gamle Reknesystem.
 
Kristofer Bruun vert i ”Verdens Gang” beden um aa utgjeva sitt Motsvar mot Hartvig Lassen i Bokform, liksom Lassen alt hev gjort med sitt Aagrip paa Bruuns ”Folkelige Grundtanker.”
 
Ein Soldat, som gav ein Arbeidsmann i Stockholm ein faarleg Bajonetstyng, daa den siste vilde trengja seg inn i Kongens Stall, hev fengjet Straffarbeid i 5 Maanadar fyr sin Djervskap.
 
Fraa Parisframsyningi. Walter A. Wood, den kjende Fabrikant av Landbruksmaskinar, hev fengjet 2 Gullmedaljar og er utnemnd til Riddar av Ærelegionen.
 
Utskiftnings-Nemndi. Den kgl. i 1875 vedsette Nemnd til aa faa gjort betre Greida i Utskiftningsverket er no samnad i Molde og segjest vera nær ferdug med Arbeidet, som kann ventast aa koma fyre paa næste Storthing. I Nemndi er Landsdomar Roll, Fut Rønnow, Sakførar Dietrichson, Storthingsmann Kolbenstvedt og Undertollar Holmboe.
 
Tru ikkje paa Isen. Paa Bærums Verk gjekk to Skulegjentur ut paa ein Dam og datt igjenom. Ei vaksi Gjenta saag detta og laup til fyr aa redda, men ogso ho datt igjenom. Det kom likvel Folk til i rette Tid, so dei alle 3 kom ifraa det med Livet. Den vaksne Gjenta var sanselaus, men Verklækjaren Johannesen kom strakst til Stads og fekk sett Liv i henne att.
 
Ulukkur paa engelske Jarnvegjer. I Aaret 1877 vart drepne 1175 og kom til Skades 3705. Av dei drepne var 126 og av dei Tilskadekomne 1283 Reisande; dei andre var Tenestmenn ved Jarnvegjerne. Berre 11 av dei Reisande vart drepne og 664 saarade under Kjøringi; Meirtalet under Inn- og Avstigning.
 
Kristofer Janson hev haldet Fyredrag i Arbeidarsamfundet i Throndheim fyr fullt Hus; han er no paa ei Ferd gjenom Bygderna i Inntrøndelagen. Naar han kjem att derifraa, vil han paa nytt halda Fyredrag i Throndheim.
 
Fraa Kristianssandskanten vert fortalt, at ein Baat, som laag i Kaasefjorden og drog upp Hummerteinar, vart fyllt og kantade. Folki kom seg paa Kvelven; men det gjekk høg Sjo, og det var vandt aa halda seg der, daa Baaten gjekk rundt mange Gongjer. Ein annan Baat laag nær ved (2 Kabellengder = 240 Famn), og dei, som var paa den, saag grannt Ulukka, men røyvde seg ikkje. Daa dei hadde fengjet inntekjet Teinarne sine, rodde dei i Land. Hjelp kom likvel i Tide, daa Toll-Krydskutteren kom siglande, so dei Kollsiglde vart bergade. Me vil vona at dei likglade Hummerfiskarar er sette under Tiltale. Slik Aatferd fortener Straff.
 
Ei kgl. Nemnd er nedsett til aa granska Spursmaalet um tekniske Skular og ein teknisk Høgskule (i Throndheim?). Professor Dr. O. J. Broch er Formann, og Direktørarne fyr dei tekniske Skular i Throndheim, Bergen og Kristiania er Medlemar; Nemndi kann tilkalla kunnug Hjelp.
 
Daaen. A. P. Knoph, 70 Aar, Assistent i Riksarkivet sidan H. Wergelands Dagar (1841), ein av Wergelands beste Vener.
 
Nordiskt Heilagmenne. Den apostoliske Præfekt fyr dei nordiske Land (han bur i Kaupenhamn) hev søkt Paven um, at ”Karl den Danske”, Greive av Flandern, daaen 1127, maa verta kanoniserad.
 
Yverfall. Ein Handelsborgar i Kristiania yverfall fyrre Tysdagen ein Handelssvein paa Nytorget. Sveinen laup fraa honom, men Kaupmannen sette etter og gav Sveinen atter nokre Slag. So raatt kann det enno ganga til i Rikshovudstaden. Kaupmannen er innkallad fyr Retten.
 
Ein Gullfugl. Fløyi (elder Hanen) paa Notre-Dame-Kyrkja i Paris er dotti ned. Ho var fyllt med Pengar fraa Centimen til Hundradfranken. Er ho ikkje dotti ned i Seini-Elvi, er det fulla Einkvar, som hev sett seg Hag i henne, og det skal ha aa gjera, um dei fær Greida paa
Pengarne i denne tronge Tid.
 
I London hev dei gripet ein Flokk Falskmyntarar, som gjorde russiske Banksetlar; dei hadde ein heil Verkstad med Persur, Maskinar og Ambod og dreiv Verket i det Store. Alle (6) var Utlendingar.
 
Mormonarne hev paa eit stort Møte i Saltsjobyen teket den Raadgjerd aa senda Missionærar i Mengd til Noreg, Sverik, Danmark, Finnland, Nordtydskland og dei austlege Sandbandsrike til aa preika Mormontrui. Ein Prest elder Profet hev bedet Mormonarne um aa bruka berre slike Varar, som er tilvirkade i Utah, so at deira Rike kann bløma, naar den ”Tidens Fylde” kjem, daa ”dei Vantruandes Land skal kverva burt fraa Heimskringla.”
 
Bankverksemdi hev teket aalvorslegt av ogso i Utlandet. I Frankrik var Umlaupet av Pengesetlar i Milliontal 101,282,000 Franks, ifjor yver 5 Mill. meir. Umlaupet av tydske Setlar ifjor 34,741,000 £, i Aar berre 31,294,000 £. Likeins i England nokot mindre enn ifjor.
 
Appeldomstolen i Rom hev avsagt ei Rettsavgjerd, som fulla vil faa Verkning som Dom i den Saki, Grevinna Lambertine hev lagt mot Brøderne aat Kardinal Antonelli um Arven etter Kardinalen. Avgjerdi gjeng ut paa aa negta Grevinna aa føra Vitne fyr, at ho er Dotter aat Kardinalen, og ho er derattaatt idømd Saksumkostningarne.
 
Domkyrkja i Kølln, som vart paabyrjad i1248, er enno ikkje fullt ferdug; det vil ganga enno eit Par Aar, fyrr dei kann enda Arbeidet med det siste Taarn. Professor Hein i Zurich spaar, at Kyrkja ikkje vil naa 1000-Aars-Alderen, daa den Steinen – Kvaderstein fraa Siebengebirge, iser Drachenfels -, som er brukt til det kostbare Byggverket, ikkje stend imot Paaverkning av Lufti. Alt no er store Parti paa Veg til aa ramla yverende, daa Steinen er uppløyst (forvitrad) av Kolsyra i Lufti.
 
Kongeleg Dom. Det millom-høgtydske episke Dikt ”Niebelungenlied” vart i 1782 utgjevet av 2 Schweizarar, Bodmer og Müller. Müller sende Boki til Kong Frederik den Store av Preussen, og fekk Kongens Takk i desse Ord: ”De hev ei altfor god Tru um det Dikt fraa det 13de Aarhundrad, som De hev utgjevet i Trykk. Etter min Meining er det ikkje verdt eit Skot Krud, og eg vil ikkje tola det i Bibliotheket mitt, men hiva det ut paa Gata.” – Heinrich Heine sa’ derimot: ”Dei Personar, Ein lærar aa kjenna gjenom Diktet, er so store og upphøgde, at inkje Taarn, ikkje eingong Notre-Dame-Taanet, i Paris, er so høgt, og ingen Stein so hard og fast som den arge Hagen og den hemngiruge Kriemhild.”
 

 

Frå Fedraheimen 23.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum