Kvinna.

 
”Kvinden lider Nød iblandt os.”                                  
Bjørnson.
 
Alt fraa eg var liten hev eg lagt Merkje til, kor mykje Kvinna hev aa gjera i Huset. Ho er den, som er fyrst uppe og held lengst ut, og ho hev ikkje eingong sine faste Kvilestunder slik som Mannen. Endaa um Helgedagarne maa ho stræva med sitt, likso væl som um Kvardagen. Mannen hev jamt sine frie Stunder baade til Kviling og til Lesning og annat slikt; - Kvinna maa vera paa Ferde allstødt, so det er ikkje meir enn so vidt ho fær Stunder til aa faa i seg Maten. So er det iallfall i mange Bygder. Det er forunderlegt, at ho kann halda det ut.
 
Og dersom ho no endaa fekk Takk fyr det ho strævad! Dersom hennar Arbeid var haldet jamgodt med Mannens, so ho fekk den same Vyrdnad fyr sitt Verk som han fyr sitt! Men det er ikkje eingong so. Kvinnfolk-Arbeidet er haldet fyr nokot Smaa-pusl, som lite er agtande paa; ho gjer ikkje nokot som er ”Mun i”, ikkje ”nokot til Gagns”; gjer ho det klent, so fær ho nok høyra ille; men gjer ho det godt, so er det liksom ikkje ”meir enn det skal vera.” Og det ”aa gjera Kvinnfolk-Arbeid” vert av Mannfolket haldet liksom fyr Skam.
           
Paa denne Maaten vert Kvinna trykkt ned i ein Trældom, som ho ikkje hev godt av, og som tilslut heile Folket fær lida fyre. Ikkje fær ho læra nokot tilgagns naar ho er ung, og ikkje fær ho Tid og Magt til aa utvikla seg sjølv gjenom Livet helder. Ho taper si Sjølvkjensla, si Kjensla av aa vera Menneske; ho lærer seg til aa ikkje bry seg um annat enn det, som er smaatt og armodslegt i Livet; Høgsyn og varme Tankar fyr det, som er stort og sannt, kann ho ikkje vinna. Ho skruknar aandeleg inn. Me kjenner alle desse kalde visne Kjerring-Naturar, som so ofta fører ”Moer-Namnet” i vaare ”tusen Hjem”, og Ingen kann tru, at det skal gro nokot friskt og varmt og sterkt Folkeliv fram av slik ein Botn.
 
Me kann og av Soga sjaa, at dei Folk, som hev latet Kvinna liva i Trældom og sure Kaar, dei hev øydelagt seg sjølv. Men di høgre Kvinna stend i eit Folk, di større og ædlare vert heile Folket. Det er naturlegt, det. Det er Kvinna, som er Moer aat Folket; det er av henne, det fær si fyrste Fostring; men den fyrste Fostring er det just, som det stend paa. Gjer Skular og Bøker so gode du vil; er Kvinna laak i eit Samfund, so vert Folket ogso laakt.
 
Den norske Kvinna er av fyr god Malm til aa slita seg ut i Trældom. Og det norske Folk hev minst av alle Raad til aa vera hennar Hjelp fyrutan i sitt Stræv fyr aa reisa seg sjølv. Me maa stella det so, at Kvinna og kann faa koma med i den Upplysning og det Aandsliv, me sjølve strævar etter aa vinna. Me maa prøva aa gjera Livskori hennar so vidt lette, at ho ikkje tøver seg burt i Kav og Smaastræv og taper Krafti og Hugen til sin større Gjerning. Me maa sjaa til aa faa Augo upp fyr det, som Kvinna hev aa utretta ibland oss, so me kann faa den Vyrdnad fyr henne, som ho hev Rett til, og so ho kann faa den Agt fyr seg sjølv, som aaleine kann gjera henne til det ho skal vera: ein fri Medstrævar i vaart sams Arbeid. –
 
Ho maa ikkje lærast upp til Stasdokka. Det vilde vera det verste som kunde henda oss. Sitt huslege Arbeid maa ho kunna gjera, og det godt, betre enn ho no ofta kann. Men dertil maa ho faa læra nokot meir. Ho maa faa ei Aandsupplysning jamgod med den, som Mannen fær. Ho maa faa koma paa Skular; ho maa faa læra aa lesa og tenkja, og ho maa faa læra aa sjaa og elska dei gode aalmenne Tankar og Fyremaal, som det er Meiningi at heile Folket skal samlast um og bera fram. Ho maa i det heile faa læra aa sjaa sitt Kall i Livet, Gjerningen sin ibland oss. Men so maa me og hugsa paa, at me ikkje lesser meir Arbeid paa henne i Heimen enn ho med Godo kann bera. Eg talar ikkje um der, som Naudi driv. Naud er Naud, og baade Mann og Kvende lyt nok dessverre taka sin fulle Part av den. Men eg meiner i det heile, i det vanlege Folkeliv. Det er Raaskapen, som legg det tunge Lasset paa Kvinna. Naar Mannfolket lærer Folkeskikk og Kvinnfolket fær det rette Grip paa sitt Yrkje, so fær heile Livet liksom eit mildare Lag, og det fell daa av seg sjølv, at Kvinna fær det friare og ljosare. Den raae Mannen jager Kvinna til alt, som han ikkje bryr seg um aa gjera sjølv; Mannen med Folkeskikk gjer sjølv alt det han kann, fyr aa liiva Kvinna. Og Vælstandet i eit Hus minkar ikkje ved det, tvertimot. Han veks. For paa den Maaten vert Huset betre styrt og skipat. Og vælstyrt Hus er beste Vælstandsvon. Det Einaste som krevst, er at Mannen tek meir i. Men det vinn han att paa ein hyggjeleg Heim, - vinn det att mange Gonger.
 
Lat Kvinna faa læra! Lat henne læra Matstell og Husstell; men lat henne og faa læra nokot meir! Du skal sjaa, du vinn paa det. Du sjølv vinn, og dine Born vinn, og heile Livet vinn. Send henne helst til Folkehøgskulen; for den hev mest Syn fyr alle desse Ting. Men vil du ikkje det, so send henne paa andre Skular. Berre um du læt henne ganga paa ein Kveldskule, vil det vera eit Framstig. Og du skal sjaa, at med god Vilje og eit litet Tiltak so læt det seg nok gjera.
 
K. + X.
 

 

Frå Fedraheimen 23.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum