Kristiania, den 22de November 1878.

 
Det franske Folkething hev lengje havt eit republikanskt Fleirtal. No vil det etter dei siste Val ogso i Senatet verta minnst 20 Republikanarar fleire enn Royalistar av dei tri Flakkar (Bonapartistar, Orleanistar og Legitimistar). Ein kann fulle difyr segja, at den franske Republik er grunnfest, endaa det visstnog er vandt aa vita, kvat Framtidi fører med seg, allvisst i Frankrik, der Folk hev varmt Blod og etter Maaten lett gjeng med paa Brigde i Riksformi. Frankrik er likevel det Land, som hev fostrat dei fleste Idear, og som heile Heimen ser upp til: det er der baade Tridjestandet (Borgarskapen) og Fjordestanden (Arbeidararne) fyrst hev komet upp. Og det er det Sermerkte ved Frankrik, at det altid gjeng heilt yver elder tek Stiget fullt; det hev ikkje Rom fyr Millomformer. Napoleon III gjorde nog, daa han saag det bar i Kavet, ein Freistnad paa aa innføra det ”konstitutionelle Keisardøme”; men Franskmennerne forstod det ikkje og hadde ikkje Bruk fyr det. Det, som til dessa hev voret mest i Vegen fyr eit fritt Sjølvstyre, hev i Frankrik som andre Stader voret Faakunna: det franske Folk hev voret ”umaadelig uvidende” og, iser paa Landsbygdi, gjernast latet Prestar og Embettesmenn greida dei offenlege Saker, men no er det gjort store Ting til aa tilskipa ein Folkeskule, som i detta rike og fagre Landet vil gjera meir, enn Skular i andre Land kann gjera, og det er Von, at den Ætti, som kjem upp ei 30 Aar etter vaar Tid, vil visa seg onnorleids stød og fast i sine Grunsetningar enn dei Ætter, som hev voret uppe fyrr, og den som enno stend med Augo vende baade tilbaka til Einveldet og fram til Sjølvstyret.
 
Det hev soleids ingen Faare. Naar Léon Gambetta er 70 Aar gamal, vil han lengje ha voret Formann i det franske Riksstyre. Og me kjenner hans Grunnsetningar. Endaa den norske ”Almuevennen” hev maatt segja seg sams med honom, naar han vil, at Skulen skal gjeva Kunnskap um dei borgarlege Rettar og Skyldur. Hr. Chr. Johnsen hev inkje Annat aa segja, enn at Gambetta vil nokot Annat enn hjaa oss Johan Sverdrup, og han kann kannhenda faa ein og annan Stakkaren til aa tru paa slikt, men Stormengdi vil endaa i Noreg sjaa klaarare. Grunnfestingi av Republiken i Frankrik vil med uavvendeleg Magt draga med seg Sjølvstyret, um ikkje just Republiken, ogso i Noreg og i heile Europa. Difyr skal me fylgja med Frankrik, og gleda oss yver dess Framgang: me hev meir aa henta derifraa enn fraa baade Danmark og Tydskland.
 

 

Frå Fedraheimen 23.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum