Brevsendingar.

 
Leikanger, Sogn, 12te Novbr.
Maalsaki er enno ikkje nok kjend her; men det besnar. No hev me og fenget ein gild og dugande Prest her hit, som ikkje held det fyr ei Uppgaava aa vera med aa tyna Folkemaalet vaart -: Jakob Sverdrup. Me minnest enno so godt dei makalaust gode Ordi, han sagde um Maalsaki i Thinget. Og han er ikkje av dei, som segjer eit i Dag og eit annat i Morgo. – Ja, vilde berre Prestar og Lærarar taka mannjamt i, so skulde det nok snart bera i Veg. Men so lengje dei, som Vitet skulde ha, stend imot, so kann Ein ikkje undrast paa, um dei andre, som mindre veit, held seg unda.
           
Maten er halve Føda, segjer dei; lat meg altso ikkje gløyma den! Sumaren var overlag heit og turr; her rignde ikkje fraa Kvitsun-(Pinse-)Helgi til sidst i August Maanad. Ein var difyr rædd det skulde vortet eit ”Skjenaar”, eit Uaar; Aaker og Eng leid vondt, Bakkarne stod mangestad so raude at det var Synd aa sjaa. Men det vart betre enn me tenkte. Det vart ikkje mykje av kvart Slag, men godt. Av Alda (Frukt) vart her no helder litet i Haust; Grunnen var den Snjobrøysa, me fekk i Blømingstidi. – Hellest hev me Hagar alle Mann her, so det er ikkje Skort paa Frukt, naar Haustarne er til det.
           
Folk tek til aa faa Sans fyr Upplysning her og no. Ein høyrer ikkje lenger so mange Klagemaal yver at Skulen er ei Tyngsla, endaa Skuleutgifterne veks med kvart Aar. Ein vil gjerna baade læra sjølv og lata dei Unga læra, so her er ikkje mange Skuleforsømingar. Her er aa rekna berre Fastskule i heile Prestegjeldet, med tvo og tri Klassar. Kveldskular hev voret haldne i 3 Vetrar no og voret godt søkte. Ifjor var her 3 Skular her paa Strondi, ein fyr Gutar og tvo fyr Gjentur; i Annekset Frysvik var og ein. Gutar og Gjentur hev havt slik Hug til aa læra, at dei hev kappast um aa faa fat paa Skularne. Og møtt fram hev dei, mest kvatslags Ve’r det hev voret. Iaar er det berre 3 Skular i Prestegjeldet; eg veit ikkje korleids det hev seg. For her var nok av dei som melde seg.
           
Ungdomen likar Maalet; Ein skal ikkje høyra mykje Knoting av dei korkje i hell utanfyr Skulen. Det kjem hellest so mykje an paa Læraren. Dersom han er av dei, som byter Maal, so snart dei stig innum Skuledøri, so er det nokot som er greidt, at Ungdomen lærer aa vanvyrda Moersmaalet sitt.
           
Her paa Strondi hev me i Haust fenget istand eit ”Gutasamlag” (”Ynglingeforening”). Det er enno nytt, so her er ikkje stort aa fortelja um det. Presten vaar, Sverdrup, som me tykkjer so svært godt um, hev haldet Fyredrag um 1814, um Henrik Wergeland, um Paris, um Luftballonen, um Thermometeret og Barometeret. So hev me Song, Upplesning og Ordskifte. Det er reint ein Hugnad. Mange ”Medlemer”.
           
Og so Takk fyr no. Eg kjem nok attum att. God Lukka!                                            
 
S. -.
                                  
 
 
Stod (ved Throndheim) 10de Novbr.
Eg er alt vaksen Kar; men detta er fyrste Gongen eg prøver paa aa skriva Moersmaalet mitt! – Og det er væl mange, som ikkje er lenger komne. Men um enn Storhopen enno stend kald fyr denne Saki vaar, so er her daa ein ”liten Flokk”, som av Hjartat elskar ”Maalet hennar Mor”, og denne vesle Flokken er mest Høgskulegutarne. Folkehøgskulen hev kveikt Elsken til Moersmaalet liksom til alt annat ”stort og herligt, vi i Arv har faat.” Men – difyr er og denne Skulen so hatad av vaare Dansk-norske, som nok hev best Hug paa aa ”regjera” sjølve i detta Landet. Høgskulen lærer Folket upp til aa tru, at det helst bør regjera seg sjølv, ja at det bør gjera seg upp sine Meiningar sjølv, - og det er greidt, at slikt maa vera ”revolutionært”! – Men trass i alt Hat veks Talet av Høgskulevener med kvar Dag.
           
Den gilde Læraren H. K. Foosnæs heldt Høgskule fyr Gutar her Vetren 1875. No i Aar ventad me so smaatt me skulde fenget Amtsskulen hit; men det vart ikkje. Eg vil ynskja me fær honom til næste Aar. Det er ein framifraa gild Skule; Five og Vik er Lærarar, som veit aa kveikja upp Ungdomshugen i Elsk til Heim og Folk, og det er just det me treng. Den 18de Novbr. skal Foosnæs byrja ein Gjenteskule i Beitstaden; men det ser dessverre ikkje ut til, at vaare Gjentur enno hev lært aa sjaa Gagn i god Upplysning; det skal ikkje mange ha mellt seg enno. Det er denne syrgjelege gamle Fordomen, som sit i Folk, at Kvinnfolk tarv ikkje læra nokonting, ”for dei kann ikkje bli noko lell.” Men dersom Gjenturne vaare trur, at dei hev uppfyllt sitt Livskall, naar dei berre kann koka Graut og Kaffi og stella i Fjoset o. s. b., so tek dei i Mist. Dei maa læra aa verta Folk, Folk i Aand og Sanning; - men vil dei det, so lyt dei nok paa Skule.
           
Der hender hellest ikkje mykje i vaare Bygder, Hr. Bladstyrar. Daa hender det nok meir der sør i Landet, er det likt til. Som no t. D. det som hende paa Gardemoen den 31te August A. D. 1878 – ja det totte me var merkjelegt. Men ein Ting kann me ikkje rett skyna. Den Presten deruppe sagde, at dei kvite Namneklutarne kom ”fra den himmelske Konges Haand.” Det er daa vel ikkje Raad, at han meinte Vaarherre med detta? Men kven meinte han daa? – Me hev høyrt, at Keisaren av Kina kallar seg Herre av det ”himmelske Rike”; kanskje Presten meinte, at det kvite Merket var eit – kinesisk Paafund? – So høyrer me, at det hev vortet gammaldags no aa ropa 3 Gonger Hurra. Det skal vera 4 Gonger no, segjer dei. Me ropar no sjeldan Hurra utan paa 17de Mai; - men daa er eg nok rædd me kjem til aa halda paa med aa ropa 3 Gonger Hurra fyr gamle Norig, endaa um det er gamalldags. Og – ”3 Gang 3 skal alle Fjeld for Noregs Sønner raabe Held”, heretter som fyrr. Me bryr oss ikkje vidare um ”Reformer”, som me ikkje kann sjaa nokot Gagn i.
           
I Politikken er her stilt. Men – vent til Val-Tidi kjem, so lovar eg me skal møta som ein Mann. Me likar Fridomen her uppe hjaa oss. Det ”Stangske System” bryr me oss ikkje mykje um. Ei Regjering, som driv Tidi med aa gjera Høgbrotssaker utav meinlause Privatbrev, trur me ikkje me kann venta nokot vidare store Verk av. – Ja Løberg, ja. Løberg hev mange Vener her nord; han er fostrad her i Trøndelagen, og han hev i all si Ferd vist seg som ein ægte Trønder. Eg hev ikkje høyrt meir enn ei Meining um det ”Varpet” som Regjeringi gjorde i denne Saki. Folk meiner, at Landsstyret gjorde betre i aa halda Auga med slike Ting som dei ”21 Millioner klingende Argumenter”, enn aa ”verja Kongedømet” paa denne Maaten.
 
Men no er eg komen so reint ut paa Vidaatta, at det er best eg sluttar. Næste Gong skal eg sjaa eg kann vera mindre ”høg-politisk”; fyr denne Gongen lyt De orsaka meg, Hr. Bladstyrar!                                              
S. . . n.
 

 

Frå Fedraheimen 23.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum