Bismarck um Latin og Grekisk.

 
Ein Gong sa’ Rikskanslaren: ”Daa eg var i Meistarleksa kunde eg baade tala og skriva Latin rett godt; no fell det meg tungt, og Grekisk hev eg reint gløymt. Eg skynar ikkje, korleids dei Lærde kann leggja so stor Vigt paa det; kannhenda dei ikkje vil hava det nedsett i Pris, som hev kostat deim so stor Møda.” Busch svarade: ”Det er nokot, som heiter disciplina mentis” (Aandsgymnastik).
 
Bismarck: ”Daa kann Folk helder læra Russisk; det vilde ogso vera av praktisk Nytte. Det finnst ei Mengd Finessar i det Maal, fyrdi Konjugationen (Verbalbøygningi) er ufullkomen, og dei 28 Deklinationar (Substantivbøygningar) vøre nokot aa øva Minnet paa. No reknar dei vel berre tvo elder tri Deklinationar, men dess fleire Undantak, so det kjem ut paa Eit. Og Ordstomni vert ofta brigd soleids, at det berre vert ein Bokstav att av Ordet.” Det er aalkjennt, at Bismarck lærde Russisk, daa han var Riksutsending i St. Peterborg.
 

 

Frå Fedraheimen 23.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum