66 Folkeslag i eit Rike.

 
Det russiske Rike hadde den 31te Decbr. 1875: 86,952,347 Innbuarar, derav i Kaukasus ikr. 3 ½ Mill. og i Finnland nær 2 Mill. Av Innbuararne var 56,358,773 Russar, 4,789,167 Polakkar og 109089 andre Slavar. Elles: 811051 Litauarar, 1,047,929 Lettar og 623,700 Shmudar (Samogitiarar), 648,464 Rumænar, 997643 Tydskarar, 273021 Svenskar, 1,615,613 Finnar (Finno-Karelar), 303277 Karelar, 13500 tatariske Finnar, 7497 Samar (Lappar), 746522 Estlendarar, 791954 Mordvinarar, 2,154,431 Tatarar, 757311 Bashkirar, 569894 Tshuvashar, 2,457,990 Kirgisar, 324100 Kara-Kirgisar, 741941 Georgiarar, 656400 Tadshiks, 585072 Armeniarar, 2,580,912 Judar og 8,906,224 andre, som høyrer til 43 ymse Folkeslag. Av Bøker utkom i 1873 utanfyr Finnland paa Russisk 2490, paa Tydsk 102, paa Fransk 39, paa Latin 5 og paa Tshuvashisk 1. I St. Peterburg utkom i 1876: 111 Blad og Tidskrifter, i Moskva 34, i Odessa 7 og i andre Byar færre. Avisurna er, som Ein ser ikkje mange i det store Tsharrike.
 

 

Frå Fedraheimen 23.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum