Wisconsin Riks-Universitet, Madison.

 
[Etter Prof. R. B. Anderson.]
 
I 1838 vart det avgjort, at Wisconsin skulde have eit Riks-Universitet, og Sambandsthinget i Washington gav 46,080 Akres Regjeringsland til Universitetsfond. Men sjølve Skulen tok fyrst aat i 1849. Den er soleids berre 29 Aar gamall.
           
Skulen byrjad med 2 Professorar (Chancellor Johan H. Lattrop og Prof. Johan U. Sterling) og 20 Gutar. Sidan hev han gjenget fort fram. Meir enn 600 Menn og Kvinnur hev teket Eksamen derifraa, og no er han aarleg søkt av ikr. 500. Av Lærarar hev han 31, og dei aarlege Inntekter gjeng upp til yver 80,000 Dollars. Fleire av Professorarne er kjende endaa i Europa. ”Præsidenten” fyr Universitetet er John Bascom.
           
Det eig 5 store Bygningar, Præsidenthus, Gymnasium og eit Par mindre Hus, som høyrer til Landbruks-Avdeildi. Dessutan er under Byggjing eit astronomisk Observatorium (Stjernekikarhus), som er ei Gaava av fyrr-verande Governor Washburn, og so ein Forsamlingssal og ein Boksal.
           
Boksamlingi er no paa 10,000 Band, deri medreknat det norske ”Mimers Bibliotek” paa 1000 Band. Studentarne hev dessutan Rett til aa laana i andre Boksamlingar i Byen, so dei i alt hev 100,000 Band aa velja i. Av vitenskaplege Samlingar hev Skulen fleire.
           
Fyr Kvinnur er ein serskilt Bygning med Andagts- og Skule-Rom, Rom fyr Lærarinnur og 80 Studerande, m. m.
           
Fyr aa koma inn som Student ved Universitetet maa Ein kunna lesa og skriva, kjenna engelsk Maallæra, aalmenn og ”fysisk” Landkunna (Geografi) og Soga aat dei sambundne Rike. Alt detta kann Ein læra paa ein god Common-(Aalmann-) Skule. Undervisningi er fri.
           
Universitetet eig eit Legat (Gaava) paa 5000 Dollars, gjevet av Hr. J. A. Johnson; Renta av desse Pengarne skal koma trengjande skandinaviske Studentar til Godes.
           
Av norske Studentar er der no 30. Der er ogso mange av dei amerikanske, som studerar Norsk og Islandsk. Holberg, Tegnér, Bjørnson o. fl. vert lesne; dei fleste av Gutarne hev Samhug med den norske Maalreisning, og Kr. Janson er mykje lesen av dei norske Studentarne. So hev dei eit norskt Song-Lag, der dei syng norske og skandinaviske Songar; fleire Amerikanarar er med.
 
Prof. R. B. Anderson trur, at den nordiske Bokheimen og den nordiske Musikken hev ei stor Framtid i Leiv Eriksons Vinland. Frukter kann væl ikkje visa seg so snart, men – ”planta Aplar, Son min, so vil Barneborni dine samla Frukt av Trei,” segjer Virgil.
 

 

Frå Fedraheimen 20.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum