Utlandet.

 
Greive Schuvalov held seg enno i Pest. I ei Brevsending til Times heiter det, at Gjetordet um, at Greiven skulde taka Rikskanslerembættet, er aa halda fyr usætande so lenge; han vil no venda attende til London som Utsending, og hans Vitjing i Livadia, medan Ryssekjeisaren var der, var berre som ei Tilbuing til detta. Ved Kjeisarhoffet hev han hentat Upplysningar um, korleids Ryssland stend til det afghaniske Spursmaal og dei austerlendske Utgreidor, tvo Saker, som er nøgje sambundne. Bladet trur, at det eine Spursmaalet ikkje kann verta avgjort, utan at det andre vert løyst samstundes, og det hev den Trui, at dei no samraader seg um aa faa istand ei Millomriks-Nemnd, ei Raadstemna elder eikor onnor Greida, som kann tryggja Gjenomføringi av Berlinsemja. I Austrike hev dei likesom i England teket fast Fotstad i Berlinsemja. Bladi peikar paa det merkelege Samkjømet, som er imillom Talen aat Lord Beaconsfield i Borgmeistergildet og Kjeisar Frans Josef si Helsing til Delegationarne og vil derutav draga Sluttningar um Samhøvet millom dei tvo Land. Ogso Ryssland forsikkrar, at det ingen Ting helder vil enn føra Berlinsemja igjenom i alle Ord og Punktar. Men det er Porten sjølv, som veld, at Ryssland ikkje kann fylgja sin Hug, med di han negtar aa gjera Montenegro og Grekland Rett og Skil og kvider seg fyre aa skriva under ei endeleg Fredsemja med Ryssland. Det ser soleids ut til aa vera den finaste Samstevja millom Magterne, og ein kann difyr hava Rett til aa vona ei fredleg Løysing av Flokarne.
 
Eit av dei Kjæremaal, som hev voret reiste mot Turkiet, er grunnat paa dess Aatferd mot Grekland, og Klaga hev funnet Samhug fraa alle Leider. Det er haldet fyr visst, at dei europæiske Magter vil samlaga seg og strengja Porten til aa uppfylla sine Skyldor mot det vesle Kongeriket. Det var Frankrike som fyrst røyvde paa seg fyr aa hjelpa. Den 28de Oktober sende Waddington eit Umgangsskriv til Magterne um aa leggja seg imillom i Konstantinopel til Bate fyr Grækarne. Tydskland, Ryssland og Italia sagde seg strakst viljuge til aa ganga med, men England negtad. Salisbury hev fyr Waddington skuldat paa Tiderne, dei indre Tilstand i Grekland og Røra i Thesaliaog Albania. Seinare hev ogso England vist seg meir tilvikt til aa arbeida fyr aa faa gjenomført Artikel 24 i Berlinsemja, og det turkiske Riksraad hev gjenget inn paa aa retta paa Landsskilet mot Grekland og jamvel fyresleget den grekiske Sendemann aa nemna Medlemer aat ei Nemnd.
 
Det franske Senat valde ein Bonapartist, ein Legitimist og ein Orleanist til livsvarige Senatorar. Det vert fulla ein av dei sidste Sigrar, Kjeisar- og Kongevener vinn i Senatet og.
 
Den italiske Kongen hev no ogso voret ute fyr ein Mordfreistnad. Kongen og Dronningi kom til Neapel Sundagen den 17de November. Som dei for um Carbonarogata, styrmde det fram ein Kar med ein Dolk i Neven; han gav Kongen ei Skeina i vinstre Armen og snerte Fyrste- ministeren Cairoli i vinstre Foten. Kongen hogg etter Hovudet paa Mordaren. Cairoli treiv’n i Haaret, og ein Soldat gav’n i Henderne paa Vakti. Dronningi syntest nokot skræmd og aggfull. Folkehopen fylgde Kongen til Slotet med ustoggelege Fagnadrop. Mordaren heiter Johin Passumente og hev gjevet til Grunn fyr Mordfreistnaden, at han ikkje vilde hava nokon Konge. Han hev sagt, at han ikkje stend i Samband med nokon.
 

 

Frå Fedraheimen 20.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum