Skule og Upplysning.

 
Lærarstemna i Bergen. (Brev).
 
Lærarstemna her tok til den 24de August og heldt paa i 5 Vikur. 54 Lærarar møtte; men Talet minkad mot Sluten. Um Ettermiddagen fraa 4-7 heldst det Skule: i Bokføring av Hr. Anderson, i Song av Hr. Tischendorff, ”Modersmaal” (Literatur) av Hr. Pastor K. Dahl, Rekning og Romlæra av Hr. Løytnant Lie, fysik av Hr. Dr. Crawford, Landkunna av Hr. Lærar Grønsdal, Soga av Hr. Skulestyrar Bendiksen; i Gymnastik underviste Hr. Løytnant Christie i Timen 10-11 f. M. Dessutan heldt Hr. Konservator Lorange 4 Fyredrag paa Museet yver Fornsaker; detta og Dr. Crawfords Eksperiment (Framsyningar) var det mest forvitnelege paa heile Skulen. Av Rekning og Romlæra, som væl skulde vera det vigtigaste Faget, med di det hadde fenget dei fleste Timarne paa Tabellen, lærde me etter Maaten mindst, og det var ikkje Hr. Lie, men Instruksen hans Skuld i, daa dei fleste Timarne gjekk med til Ting, som Lærararne alt hadde lært Skulegutarne sine. Hr. Konservator Jensen synte oss ikring i Dyrsamlingi paa Museet og heldt dessutan Fyredrag um Manns-Augat. Det var sagt, at Hr. Skuleinspektør Irgens skulde halda nokre Fyredrag; det vart ikkje av. Skal Ein døma etter Uppskrifter av dei Fyredrag, han heldt fyr Lærarar i Mai og Juni, so hadde det voret Moro aa lært hans Synsmaatar aa kjenna. Ein hadde no og havt so god Tid til det. Med Hjelp av Hr. Skuledirektøren og den Godvilje, som vedkomande Styre viste, fekk Lærararne fri Inngang til Hr. Prof. L. Dietrichsons Fyredrag yver Katakomberne (underjordiske Graver) og den eldste kristne Kunst. Samtalemøte vart haldne, og Hr. Skuledirektøren gjorde væl og fekk oss Husrom til desse. Der vart rødt um Smaabarnskular – som Meirtalet vilde hava, daa dei tottest ha røynt, at Borni kom mindre væl lærde paa Skulen no enn fyrr, men som andre ikkje likte, daa dei meinte slike Skular endaa meir vilde vidka ut Klova millom Skule og Heim -; um Kveldskulen og densLæregreiner: dei fleste vilde hava Lesning, Skrivning, Rekning og Rettskrivning, daa desse var mest nyttige; men andre trudde, at Ein her helder burde halda seg til meir aandsdanande Fag, som Soga, Diktlesning o. d.; - og so vart det talat um Maalsaki elder um Bygdemaali Aalmugskulen. Um detta heldt dei 3 Møte. Det var Meiningi, at dei berre skulde tala um Skulemaal-Saki. Og der var Ingen som hadde nokot aa segja imot, at Bygdemaalet burde brukast i Skulen. Men hellest gleid dei yver til aa tala um sjølve Maalsaki og. Det Historiske ved Saki kom fram: at endaa Norig er politisk fritt, er det likvæl i Maalvegen ei Utbygd av Danmark, av di det brukar Danmarks Tungemaal, som væl mange prøver aa faa til aa heita”Norsk”, men som vaare fyrste Maalkjennarar likevæl vedkjennest er Dansk. No hev fedrelandselskande Menn sett den Uretten, som aalmenn Mann i Norig lid under desse Maaltilstand, og so hev dei teket til aa strida fyre, at han skulde faa sjaa og høyra sitt eiget Maal i Bok, Kyrkja, Skule og Thing; - detta er daa ”Maalstrævet”, som hellest ikkje er nokot sernorskt Paafund, daa liknande Maalstrid er uppe i mange Land og hev voret uppe i dei fleste. Det er naturlegt, at eit Folk prøver aa faa sitt eiget Maal upp, daa det paa den Maaten betre kann faa nytta ut si Aandskraft og naa den høgste Upplysning og Daning; Tanken er lettast aa skyna og hev mest Magt, naar han kjem i den heimlege Klædning. Og var detta so, so var det berre endefram Rettferd mot Bonden aa lata ’n faa bruka Maalet sitt i Munn og Bok, i Aalvor og Gleda. Dei, som vilde halda paa Dansken, maatte gjerna det. Det saag ut til, at Norsken naar han vart dyrkad, nok kunde bera uppe ein høgre Kultur; me hadde Diktarar og Stilarar paa Norsk, og ingen vantad Ord fyr sine Tankar. Naar Motstærvet prøvde aa gjera seg tilgodes med det, at Bonden ikkje ”vilde vita av” Norsken men heldt seg til det Danske, so kom væl det av Faakunna, og slikt visste Ein og um fraa andre Land, t. D. fraa Sverik. Fekk derimot Bonden full Greida paa Saki, vilde han knapt vera i Tvil um Svaret, naar det vart spurt: Dansk elder Norsk. Dei fleste Talarar var fyr Maalsaki, og det vart sagt, at Ein maatte vera glad med at Storthinget no hadde teket Saki i si Haand, so det kunde verta fast avgjort, at Bygdemaali skulde brukast i Skulen; lika eins var det aa ynskja og vona, at me um ikkje lang Tid maatte faa Lære- og Lesbøker paa Barnets Maal, so Ein kunde vinna inn den Tidi, som no vart burtkastad med Umskriving og Forklaring av Skriftmaalet. Ein Lærar upplyste, at han i dei sidste 12 Aari hadde fortalt Bibelsoga paa Skulen mundtlegt og berre kravt henne att av Borni i deira Bygdemaal; der var Vælsigning i aa bruka Heimemaalet; den Dagen, daa han vart hindrad i aa bruka detta paa Skulen sin, laut han sluta aa vera Lærar, daa han hadde det so fyr seg, at det var Synd mot det 4de Bud aa læra Borni upp til aa vanvyrda Moersmaalet sitt. Ein annan meinte, at me var godt hjelpte med det Bokmaalet me hadde, og han totte ikkje det var nokon Vande med aa faa Borni til aa skyna det. Skuledirektøren, som var med i andre Møtet, mislikte, atOrdkastet var komet inn paa sjølve Maalsaki; han minnte dessutan um, at det var Staten, som kostad desse Samlingarne, og det var ikkje Meiningi at me her skulde arbeida i Maalstrævets Tenest. Han talad hellest sjølv um Maalsaki, som han tok paa med dei same Motgrunnar, som me kjenner fraa hitt Motstrævet. – Daa Lærararne høyrde, at det var Direktøren so imot, at dei hadde talat um Maalsaki, bad Ordføraren um Orsaking, og lika eins dei andre, som hadde lagt eit godt Ord inn fyr henne.                                               
 
 

 

Frå Fedraheimen 20.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum