Skrevel, Skreveling.

 
Skrælingar elder kann- henda Skrælingjar (m. pl.) vert, som Ein veit, Innbuararne av Grønland og Vinland kallade i gamle Sogur (Isl. b. 9, Eyrb. 252, Porf. Karlslfn fl. St., Flateyarb. I. 542,545, Isl. Ann. 1379). P. A. Munch tolkar Ordet: “smaa, fortørrede Folk” (R. F. H. ½ S. 364) Ivar Aasen hev Ordet ”Skræling” (fraa Nordland og Austlandet) og derattaat Adjektivi ”skrælen”,”skrølen” (?) og ”skral”, som han liknar med Hollandskt ”schraal”. I dei Throndheimske Bygder (Leksviki, Skaun o. fl.) bruker dei Ordi Skrevel (Skrevil) og Skreveling (Skrevling) um ein ussel, veik, svikjen Mandsling, som litet duger, altso i same Tyding som det gamalnorske Skræling. Det er vel ogso same Ordet, men kvar er v’en i Innljoden komen fraa? Er det ei Utvidking? Eg trur, at han er upphavleg og høyrer til Ordstomni. Det gamal-norske (elder islendske) Verb skrælna vert i Oxford-Ordboki umskrivet med: to be skrivelled by the sun, og skræl-purr med skrivelling dry (um Høy). Det engelske Verb skrivel tyder ”krjupa” elder ”krøypa seg”, ”skrokna”, leggjast i Rukkur”, Ordet shravel tyder ”turr Risved”, og shravel liksom skrivel kjem av det Angelsaksiske ”rivel”, Rukka elder Skrukka. ”Rukka” (rukkutt) stend i Samhøve til ”Skrukka” (skrukkutt, skrokken) som ”rivel” til shrivel. Den Angelsaksiske Formi (rivel) skil seg vonleg ikkje mykje fraa den germaniske Grunnform. Eit islendskt Ord skrifl finnst ogso. Engelsken hev, som Ein ser, haldet v’en, og paa same Stig stend dei Throndheimske Bygdemaal. ”Skreveling” vert soleids ei egtare, fullare Form enn ”Skræling”, endaa denne er Gamal-Norsk fraa 13de og 14de Aarhundrad. Det skulde vera Gaman aa høyra, um Formi Skreveling (Skrevling) vert brukt i andre Landsbolkar enn Throndheim.                                            
 
H.
 

 

Frå Fedraheimen 20.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum