Meir til Vetle Tunguvard.

 
(Indsendt).
 
I Fedrh. No. 70 segjer Hr. V. T.: “Men Grundtvig vart no inkje standande (paa Sanningsgrunnen, der han fyrst stod); han kom avveges, i di han som so mange andre trudde, at naar Livet og Trui hjaa Mannen (den subjektive Trui) var rang, so maatte og sjølve Trui elder Læra (den objektive 1)) vera rang elder vanta nokot, og so kom han daa med sin ””mageløse Opdagelse””.
 
Eg trur detta er paa Lag det Motsette av den rette Uppfatning. Grundtvig gjekk nettupp inkje ut ifraa, at sjølve Trui (den objektive) ”maatte vera rang elder vanta nokot”. Tvertum, det er just han, som med størst Kraft hev haldet fram, at den objektive Trui er nokot fast og ubrigdelegt. Trui (den objektive) med Daapen er etter Grundtvig ”som det Jordiske og Himmelske, der skal sammensmeltes med Ordet i vort Hjerte, som i Guddoms-Manden, Vorherre Jesus Christus, undfanget ved den Hellig-Aand og født af Jomfru Maria, saa Troen er vel Haabets Moder, men Aanden er dets Fader, og Daaben er, som Fødselen, Frugten af det underlige Favnetag, hvori Troen overskygges af den Høiestes Kraft, hvorfor Børnene kaldes Guds Sønner og Døttre”. - - ”Udtrykket for Menighedens Fælles-Tro og de christelige Saligheds vilkaar er  fra Begyndelsen til Enden uforanderlige og maa lige saa lidt forøges som forkortes”. Desse Ordi er eit Par av Grundtvigs eigne, og eg meiner, at kvar kristeleg Far og Mor her vil halda med Grundtvig og sjaa, at han i detta Stykket stend i heil Samklang med Luther. Me, som meiner so nokorleids aa kjenna Grundtvig rett, finn no ogso, at han i alt stend heilt samd med Luther, berre at Ein maa merkje seg, at Gr. er yngre end L., og difyr stend liksom paa Akslom hans, so han i sume Ting kann sjaa nokot vidare og klaarare; det vert oss soleids klaart, at dei som dei kallar hans ”mageløse Opdagelse” maatte koma nettupp gjenom slik ein Luthers andelege Læresvein og Son, som Gr. var. Og likesom Gr. var i Samstemming med Luther, hans andelege Lærefar, soleids finn me og, alt han, med Luther, stod i heil Samstemming med den kristne Kyrkja. For kvat er Grundtvigs ”mageløse Opdagelse?” Jau det Syn paa Sakramenti, Sakrament-Ordi og deira Tydning, som den kristne Kyrkja heile Tidi hev havt, men som paa Grundtvigs Tid var komet i Gløymeboki. ”Vore Sakramenter” segjer Gr. ”er ikke blot Naade- Tegn, men Naade- Midler, ved hvilke Gud i Christus skjænker og meddeler os hvad vi behøve, for at blive fornyede efter hans Billede, som skabte os til at vandre og voxe som Guds elskelige Børn i hans Ansigts Lys i de Levendes Land!” - - ”Derfor kalder Apostlen Paulus vor Daab Igjenfødelsens og Fornyelsens Bad i den Hellig aand og kalder Nadveren vor Herres Jesu Christi Legems og Blods Samfund eller Delagtighed.” - - ”Og atter siger samme Apostel: ”stræber at bevare Aandens Eenhed i Fredens Baand, som eet Legeme og een Aand, ligesom I have eet og samme Kald og Haab tilfælles, samme Herre, samme Tro 1), samme Daab 2), samme Gud og alles Fader, i og med og over eder alle!” – ”Sertanken” aat Grundtvig, som Vetle Tunguvard kallar det (hans mageløse Opdagelse veit eg?) den er ny segjer han. Nei, det var inkje nytt det Grundtvig stridde fyre, det var nettupp den gamle Kristentrui, som var nedgravi i Fritenkjardom og Vantru, det var den, han med sine megtuge og naadevigde Aandsgaavur, under Haad, Spott og Forfylgjing av Verdi, arbeidde paa aa draga fram i Ljoset. Nei det var ikkje nytt. Grundtvig segjer: ”Ja, det er vor Glæde, som det var vore Fædres, og skal være vore Børns til de sildigste Slægter, til Verdens Ende, at det Huus, som Herren, mens han vandrede i Støvet, grundede paa Troes-Bekjendelsens Ord over Funten og Alteren, over Badet og Bordet, Igjenfødelsens Bad og hans eget Bord, til en guddommelig Daab og Nadver for os, dette Huus blev indviet til den Hellig-Aands Tempel, da Lue-Tungerne satte sig paa Apostlerne, og de blev alle fyldte med den Hellig-Aand, og dette Huus: den hellige, almindelige Kirke, det sank ei i Gruus med Apostlernes Leer-Hytter, thi det er bygt af overensstemmende Hjerter, med den apostoliske Troes-Bekjendelse paa eenstemmige Tunger, og staar derfor urokkelig paa Herrens Ord, trodsende Tiden og Verden og Helvede, allevegne Sakramenterne forrettes efter Indstiftelsen og Tolv eller Tre, eller ogsaa kun To, af Hjertet eenstemmig bekjende Apostlernes Tro.” –  
 
Det er ein leid Maate Folk hev vant seg til aa fara fram paa baade mot Grundtvig og mot alle andre Menn, som dei ikkje likar. Dei bryr seg ikkje med aa randsaka deira rette Tankar; men dei paadiktar deim Meiningar, som dei aldri hev havt, og slengjer so ”Kjættarnavnet” mot deim utan vidare Prov. Naar so den mindre Boklærde ser slikt, so trur han, at denne Kjættarskapen deira millom kunnige Folk maa vera ei so velkjend Sak at Prov ikkje trengst; dermed er Domen fallen. Men slik Framferd samer seg litet fyr sanningskjære – og endaa mindre fyr kristne – Folk. Ho er til Skade baade fyr dei Menn, som med Urett fær Kjættarnamn, og fyr det Folket, som paa denne Maaten ikkje fær læra aa kjenna desse Menn fyr det dei er, og soleids ikkje fær godt av deira Tankar og Arbeid. – Eg hev i detta Stykket dreget fram nokre av Grundtvigs eigne Ord i den Saki det her gjeld, og eg vil vona, at kvar kristen Mann, som det er um Sanning aa gjera, heretter vil leggja mindre Lag paa provlause Paastand, men helder freista aa koma etter, kvat det var, som Grundtvig sjølv meinte og lærte; eg trur ikkje, Folk i det heile vil hava vondt av aa læra denne merkjelege Guds Mann og hans Tankar aa kjenna.
 
1)Merkt ut av V. T.
2) merkt ut her.
 
Vestlandet Oktober 1878.
 
J.
 

 

Frå Fedraheimen 20.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum