Kristiania, den 19de November 1878.

 
Elektrisk Skotskiva. Ein Schweizar hev uppfunnet ei Skotskiva, som viser den Punkten, Kula hev raamat, paa ei Tavla tett ved Skyttaren i same Augneblinken Kula naar Skiva. So snart Kula slær mot Metalplata paa Skotskiva, vert ein elektrisk Straum sett i Verksemd, og paa ei Metalplata ved Sida aat Skyttaren ser han Numret aat den Ring, Kula hev raamat. Uppfinnaren held enno fyr seg sjølv, korleids det hev lukkatst honom aa gjera Skiva so traust, at ho ikkje tek Skade, men Skotet berre verkar ein elektrisk Straum.
 
Umkomen. Paal Bø og Knut Bø rodde ut paa Buknfjorden til aa skjota Fugl. Ein Kval styrte seg yver Baaten og kantade ’n. Mennerne vart førde burt fraa Baaten eit Stykkje, men kom seg umsider upp paa Kjølen, der dei vart sitjande fraa Kl. 1 ½ til 6 ½ um Ettermiddagen. So heldt Paal Bø det ikkje lenger ut og gjekk til Botns. Knut Bø vart derimot frelst av ein Baat fraa Rennesøy, som kom til i siste Liten. Den Druknade hev Kona og 4 uforsyrgde Born.
 
Uppstandet paa den danske Øyi St. Croix. 100 Negrar er avrettade, men dei faae Folk, som liver att, er enno i upprørsk ”Stemning”. Skaden ved Upprøret er 3-400,000 Doll., og paa St. Thomas hev dei lidet ein Skade paa 150000 Doll.
 
Kriminalsak. T’Kint, Kasserar ved den belgiske Bank, som me gat um i eit tidlegare Numer, stend til, at han hev stolet 15 Mill. Franks or Banken i 149 Gongjer. Han nyttade Pengarnetil Børsspekulationar og misste derved 11 Mill. Bankens Direktør er ogso sett under Tiltale, daa Kontrolen hev voret klen.
 
4 Russar er arresterade i Berlin, fyrdi dei hadde Umgang med Førararne fyr Socialdemokratiet; den eine er Dr. med., og dei andre er ogso Studentar.
 
Takksemd. I 1799 dreiv Liket av ein Engelskmann (Weitgelt elder Weigeli) inn paa Strondi paa Sylt (Slesvik). Paa Liket fannst mange Pengar og Dyrgriper, som vart sende til Skyldfolket aat den Druknade. I Sumar (1878), kom ein gamal graahærd Mann, som sa seg aa vera Brorsonen aat den Druknade, Weigeli, til Sylt til aa vitja Gravi aat Farbro’ren. Han gav 1500 Rigsmark til nytt Orgel aat Vesterlands Kyrkja paa Øyi og hev no sendt eit Minnesmerkje til Gravi aat Farbro’ren.
 
Helvitesmaskin. Til Bergverksbyen Zaberze (Yver-Schlesia) kom den 31 Oktbr. i Posten eit digert Brev aat Veigarmeistar Pelka. Kona hans tok Dagen etter imot Brevet av Postbodet. Strakst etter høyrdest ein Smell, og daa Postbodet snøggade seg tilbake, fann han Kona saarad og yverstenkt med Blod. Paa Spursmaal um Smellen svarade ho, at Skotet kom fraa Brevet, og Postbodet fann i detta ei Helvitsmaskin. Vindaugo var knuste. Andlit og Bringa aat Kona var upprivet til Beini, det høgre Auga utrivet og det vingstre skadt; ho leid mykje og do um nokre Dagar. Brevsendaren, ein Uppsynsmann ved Bergverket, Proske, er fengslad. Same Dag som Brevet kom til Pelkas Hus,vart det sendt Brev til Berverksstyret med Trugsmaal um, at Husi skulde verta øydelagde, dersom Pelka ikkje vart jagad burt fraa Verket.
 
Stor Eldbrune. I Byen Edinburgh i Pennsylvania (N.-Amerika) er 225 Gardar lagde i Oska. Skaden reknar dei til 2 Mill. Doll. Edinburgh var ein blømande By, og kjem seg vel upp att paa nytt.
 
Indianararne i dei Nordamerikanske Sambandsrike – Aljaska undanteket – er etter eit Blad berre 278000. Av deim gjeng 113000 klædde i europæiske Klæde. 11500 gjeng i Skule og 40000 kann lesa. Talet er visst for litet. Etter dei Tavlur, som fylgjer Boki ”Dei Erde”, fær me 342134, og derav i Aljaska 42000. Etter andre Uppgaavur er det i Aljaska 75000 Indianarar.
 
Kongen av Dahomen (Afrika) driv paa med Mannaoffring. Sidan Septbr. skal han ha slagtat 500 Mann. Den portugisiske Konsul og andre Europearar held han fangne.
 
Tungur. Det engelske Tungemaal er Mormaal aat 90 Mill. Menneskjur. 75 Mill. talar Tydsk, 60 Mill. Russisk, 53 Mill. Spansk og 45 Mill. Fransk.
 
Praktisk politisk Verk. Revisions-Assistent Sveistrup i Kaupenhamn arbeider paa eit Verk um dei ymse konstitutionelle Lands Forfatningar elder Riksformer og Reglement fyr Riksthingi. Det vert utarbeidt til Bruk fyr Riksdagen, etter Forslag fraa Folkethingets Formann, men vil ogso verta haldet til Sals.
 
I Paris hev fraa 1ste Mai i Aar voret 203157 Utlendingar, som hev teket inn paa Hotel, derav 2705 Svenskar og Nordmenn og 1767 Danskar. Av Engelskmenn 59000, Tydskarar 22000, Italienarar 15000, Spaniarar 10000, men Schweizarar 12000 og Belgiarar 29000.
 
Ein Vognmann i Paris hev i sin Vogn funnet ein Pengepung med 60 Franks og alle Dokument, som gjev Rett til ein Arv paa 1 ½ Mill.
 
Russiske Ny-Testament. Under Krigen fekk Agenten fyr det britiske og utlendske Bibelselskap Løyve til aa gjeva kvar Soldat eit Ny-Testament, og han burtgav 100,000 Bøker. Dei var alle trykte i Wien. I Russland gjeld ei Logn, som forbyd aa innføra Ny-Testament og Biblar, som ikkje paa Titelbladet hev Ordi: ”Med den heilage Synodes Velsigning”. Daa Soldatarne kom heim, vart difyr Testamenti tekne fraa deim. Agenten fyr det britiske Bibelselskap i St. Peterborg vart beden um aa taka imot Bøkerna, men daa han hadde lovat ikkje aa ha Upplag av andre heilage Skrifter enn dei, som Logi hev godkjendt, er han ikkje viljug til aa taka Testamenti.
 
Fyrst Putbus, den store Godseigaren paa Rugen, gjorde Konkurs fyr ei Tid sidan. No hev han fengjet att si Bu, og ”Norddeutsche Bank” hev gjevet honom eit Laan paa 2 ½ Mill. Rigsmark til Avgjerd i 25 Terminar med 140,000 Rigsmark kvart Halvaar. Som Pant hev Banken fengjet Fyrstens Fideikommis-Eigedom, som gjev ei aarleg Innkoma av 280,000 Rigsmark, og dessutan hev høgtstandande Rikmenn sagt seg gode fyr Laanet. Det vert likvel smal Livemaate fyr Fyrsten i dei fyrste 12 ½ Aar. Men ogso Fyrstar fær setja Tæring etter Næring.
 

 

Frå Fedraheimen 20.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum