John Lie som dansknorsk Diktar.

 
[Del 3 av 4]
 
(G.)
                       
Framhald.
 
John Lie hev voret bunnen av Mynsteret sitt. Han kunde ikkje sleppa fraa det, ikkje koma paa sin eigen Grunn, og so gjekk det som det gjekk. Det vart meir poetiskt Stræv enn sann fri Dikting. Det er detta Strævet, som viser seg baade i alle desse uppskrøyvde, yverdrivne Bilæte og i det, at han sumtid vert reint troten og segjer: no kann eg ikkje meir. Herming er Knot, og det er trøyttesamt aa knota.
           
Det var naturlegt, at Lie valde Bjørnson til Mynster. Den Bjørnsonske Romantiken er no sigjen so jamt ned gjenom heile den lesande Aalmenta vaar, at det er snart den aaleine, som gjeld fyr ”Poesi”. 1) Men Lie gjeng lenger i Romantiken en baade Bjørnson og dei andre. Der er Sumt i Boki hans, som minner um den Maaten, tyske Romantikdiktarar kunde drøyma paa. Han læt soleids, utan aa bry seg det Grand med ”naturleg Forklaring”, ei Hulder stiga fram og vera med i Forteljingi; ho gifter seg med ein Bygdemann, fær eit Barn og døyr, og er og fer reint som ”eit annat Menneskje”. Og ho er ikkje ei vanleg Hulder, ikkje ei av dei, som me kjenner fraa Folkediktet, desse ville, halvdyriske Tilverur, som stundom fær Hug paa Menns Elsk, tvingar seg innpaa dei og tøymer dei under seg ved aa vrida Jarnstenger millom Fingrarne sine, - nei! det er ei ”Ljos-Hulder,” ei ”kristeleg” Hulder, som preikar Moral som ei Bok og elskar som ei ”Prestedotter paa Landet”, eit Mynsterkvende, plent av same Slaget som desse som Bjørnson og Ibsen no i nokre Aar hev drøymt um i sine Bøker; og denne krev so John Lie, at me skal tru paa. Det gjev eit forunderleg ”tryllt” og mest uhuglegt Inntrykk detta; Ein kann ikkje verja seg fyr aa undrast paa, um den Diktarhugen, som hev drøymt soleids, kann hava voret full-frisk. –
           
Det, som John Lie, og visst andre med honom, treng, er eit Kursus i god, sunn, ærleg – Prosa. Og det er eit slikt Kursus, eg i detta Stykket hev prøvt aa gjeva honom, so godt eg kunde. Han minner meg med all sin klingrande Bjørnsonske Romantik livande um den gamle Knut Trondson, daa han (i ”Efterskriften”) sit og gnikar og stryk paa den gamle sprukne ”Hermans-Pruna” og innbiller seg, at detta er den einaste Fela i Verdi, som hev den rette Laaten. Var John Lie ein gamall Mann, vilde det vera Synd aa riva fraa’n denne kjære Draumen. Men John Lie er so ung at han kann læra, og daa vilde det vera likso stor Synd aa tigja. Hellest treng han meir ”Prosa”, enn han kann faa av meg her. Eg veit sjølv, kor vandt det er aa faa att sitt sunne naturlege Syn, naar Ein fyrst eingong hev fenget detta romantiske ”Troll-Snittet” i Auga. Er Ein komen til det, att Ein ikkje kann sjaa nokot fagert i ein Skog, utan Ein tenkjer seg, at Tre og Blomar stend og ”elskar” og ”kviskrar” og ”døymer” um forunderlege Ting, so skal Ein liva og læra lengje, fyrr Ein vert god-til aa sjaa det fagre i ein naturleg Skog, som korkje elskar elder kviskrar elder drøymer, og som ikkje eig det Slag av Huldrer og ”Æventyr”. Romantikeren er som ein Opiumsrøykjar; han maa vera draumdrukken, skal han sjaa nokot gildt i Livet; er han fastande, ser han ingenting. John Lie maa ut av detta. Han maa kasta ”Hermans-Pruna” og faa seg ei nyare Fela. I ”Huga-Ljo” hev han synt, at han kann spila reinare Tonar enn desse han her gjev oss. Han bør kasta alle Bok-Mynster. Han bør læra seg til aa fortelja utan ”Kunst”, utan ”Sprikestakkar”, endefram, simpelt, ”prosaisk” hadde eg nær sagt; - so veit eg visst, at han kjem til aa gjeva oss gode Forteljingar. Hadde han fortalt ”Knut Trondson” slik som han fekk Soga fraa Bestemor si, so vaagar eg, me hadde fenget nokot annat. –
           
Naar John Lie fortel Sogur, so hermer han etter Bjørnson; men naar han skriv Dikt, er det snarare Ibsen og Erik Bøgh, som maa gjera Bruk som Mynster. Eg lyt prenta av eit Par Døme.
 
           
Paa Moden.
 
Evangeliets simple Sprog os kjeder –
Paa Smagen gjør det altfor raa Beskatning(?) –
vi Stoffet gir en elegant Indfatning,
Geniets Guldglans om det Hele spreder;
 
Vor Tids Ideer ud fra Helten leder,
og giver ham om Ho’det i Tidsaands-Glorien,
Ja sætter ham til Centrum i Historien -
Slig Klædning ”Nazaræeren” tilsteder
 
at færdes à la mode i Salonen,
at hilse paa Ministeren og Kongen,
Og tale Ord af Vægt om Statens Styrelse:
 
At vi tiltrænger Friheds-Gjennemsyrelse,
Men fremfor alt maa rives hver en Skranke,
Der hinderlig er for ”den frie Tanke.”
 
Det er tydelig ein Freistnad i ”Ibsens Maner.”
 
Her er eit annat, som minner ikkje so litet um Erik Bøghs vælkjende Nyaarspreikur:
 
”Det er Tanken nu, som har grebet Roret,
Gud er af Moden – lagt under Bordet. (!)
 
Ja, den Gud, som før gjaldt for Verdens Skaber,
lever nu paa Pension blandt Darwins Aber. (?)
 
Man siger han studerer sit Værk paany,
Lever ellers tarvelig, har intet at si.’
 
Nei, han tør ikke mukke, han ved vel af:
Overalt staar paa Lur en – Fonograf.
 
- Er det noget, som ikke vor Tanke bunder,
saa kalder jo ingen det længer ”et Under”.
 
Man huske blot paa vore Fædre Aberne,
De kunde ikke engang brumme Bokstaverne.”
 
Der er hellest liksom eit Framstig i detta; for den, som er komen inn paa Ironien (Spotten), er iallfall paa Vegen til aa koma ut or den romantiske Draumsykja. Endaa det er ikkje so godt aa segja. Unge Folk hev mest altid ei Rid, daa dei vert ”Ibsenske” av seg, og det er ikkje sagt, at dei vinn fram til nokot Friskare ved det. Det er stundom berre detta ”flotte” i Ironien, detta flirande, sopande, skal-vera-fornæme, som dreg Ungguten; han tykkjer det maa vera gildt aa kunna sitja slik og ”lorgnettera” Verdi og smaaflira liksom ein liten Gud uppaa ein Skrivekrakk av eit Olympos; men det er ikkje altid det djupe og aalvorlege i Spotten, som fær Tak paa honom. John Lie ser hellest ut til aa vera ein aalvorleg Mann, som arbeider med Tankar, og daa er der altid gode Voner.
           
Fyrr eg slutar, maa eg sjaa litegrand paa Maalet i Knut Trondson.
 
1)Detta er ein av Grunnarne til at Folk ikkje likar Bjørnsons nye Diktingar. Dei er ikkje so ”poetiske” som dei gamle, tykjer Folk.
           

(Meir.)

 

 

Frå Fedraheimen 20.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum