I Telemarki.

 
[Del 2 av 2. Fyrste delen.]
 
2 Hallvard Flug.
 
[Sluten].
 
Og han hemnde seg au alt det han var Kar til. Han slog seg paa alle dei Udygder som fanst: slogst, brukad Kniv, stal, bannad og bar seg fælskeleg. Dette gjekk ei Stund. Men so vart han tekjen og sett fast, ein Gong, og tvo, og tri Gonger, og lenger for kvar Gong. Han svor, at det skulde verta endaa verre, sette so Eld paa Løda aat den Mannen som hadde meldt ’n og fekk no Tukthus paa seks Aar.
           
I desse lange seks Aari tenkte Hallvard Flug mykje. Han tenkte so Haar og Skjegg vart kvitt. Gjekk igjenom alt fraa fyrst til sist, men fann endaa ikkje utav det. –
           
Daa Gunnar slapp fri att, var han ein øydelagd Mann. Han var blaableik og ut-tærd, gjekk og sveiv og slong Gards av Garde liksom ein Skugge. Folk trudde mest han vantad paa Vitet. Ingen fekk nokot utav ’n; Ingenting tottest han bry seg um; han bare liksom livde fram igjenom for aa faa døy. Men ein Ting agtad han seg gløggt for: aa møtast med Faer sin. Gamle Hallvard freistad fleire Gonger, men altid faafengt. Gunnar veik altid til Sides. Han vilde inkje lenger kjennast ved Faer sin. Han nemnde honom aldri ”Faer”, bare ”Hallvard Flug”. Soleids gjekk han og tærdest burt i tri Aar. Daa orkad han inkje meir, vart so lagd inn til ei fatik Ekkje. Der laag han. Mange god-meinte Folk lyddest til Stakkaren og var i alle Maatar snilde mot ’n. Men Faeren forbaud han aa koma.
           
So vart den Gjenta, som Gunnar sagdest hava Barn med, sjuk. Husmannsfolki, ho budde hjaa, trudde ho strauk med, og hentad Presten, ein ung, stillfarande Mann. Han talad lengje med henne um Synde-Naudi og um Naaden. Ho gret fælt, kjende seg liti og arm. Synder og saare Minne kom jagande inn no. Byrdi var tung. Seinst vilde ho tala med Presten aaleine, og Kona i Huset gjekk ut. I Forstoga hadde ho nokot aa stella med. Dei kviskrad mest derinne, so her kunde ho trygt vera. Men strakst etter smaug desse Ordi ut igjenom den halv-opne Døri: ”- - eg hev mykje aa trega, eg . . . men tyngst av alt ligg det paa meg, at eg . . . laug paa Gunnar . . . . og vart Skuld i, at han . . . kom so reint burt . . .” ho higste-gret, so det kjøvde Mælet.
           
Desse Ordi kom ut, kom fyr Hallvards Øyro . . . vitlaus flaug han avstad og vilde inn til Sonen sin. Men Døri var stengd. Han stellte seg attmed det vesle Vindaugat, lagde Andlitet inn mot Ruta, bad, trygglad, naud-tagg um aa koma inn. Men nei. Ein Solstraale smaug seg fram-um Kinnen hans, og inn gjenom Glaset, smeikte og gyllte Gunnars uttærde Aasyn, liksom han vilde leggja si Bøn inn med . . . men Gunnar snudde seg tvert ifraa, og den gamle Faeren laut snu ærendslaus heimatt. Bøygd og broten kom han stavrande upp mot Huset sitt; stilt som ein Syndar smaug han in gjenom Døri og maatte beint til Sengs.
           
Eit Par Dagar etter var Presten hjaa Gunnar. Det var no inkje fyste Gongen. Han var ein Mann, som aldri sparad seg, denne presten. Daa han denne Gongen kom ut att fraa Gunnar, lyste Andlitet hans. Han traskad paa sin Fot beint til Flug. Hallvard laag aa Gruve i Sengi.
           
”No, Hallvard, kann du koma,” sagde Presten.
 
Hallvard skvatt upp. ”Kann eg koma, segjer du?”
 
”Ja. No er Son din reidug.”
           
Den gamle Mannen var uppe i eit Sprang. ”Takk, Takk, Faer, Gud vælsigne deg!” sagde han og var paa Døri. Presten gjekk heim; no lagad det seg best utan Prestehjelp, meinte han.
           
Hallvard var snart framme. Han drog seg stillt fram til Vindaugat og kjeik inn; han kjende seg so uroleg. Jau Gudskelov! der laag Gunnar med eit mildt Drag yver Andlitet sitt. Aa Gud signe Presten! – Hallvard stirde lengje inn; Gunnar gaadde ikkje Faer sin.
           
”Gunnar, Son min, er du reidug?” sagde Hallvard mildt.
           
Gunnar snudde seg, saag det graae Haaret og Skjegget og dei kvite krullhærde Augnebruni inntil Ruta; saag paa det eit Bil, og tagde.
           
”Ja... eg trur eg er reidug no, ... Faer.”
           
Han skalv i Maalet. Men det var og so lengje sidan, at han hadde mælt Ordet ”Faer”.
           
”Maa eg koma, Son min?” bad Hallvard.
           
”Du maa . . . Faer,” sagde Gunnar. Den Gamle steig vart inn. Han tok den skrinne Haandi, som Son hans rekte fram, seig so ned paa ein Stol innmed Sengje-Skori og sat og saag paa Guten sin med vaate Augo.
           
Det vart eit langt Møte, ei lang Uppgjerd. Men alt vart utgreidt, uppklaarat og beinkat. Baade tvo vilde dei taka Skuldi; men Hallvard trygglad og bad, til han fekk alt paa seg. Det var som eit Ljos vart tendrat for Hallvard, ei Hime datt fraa Augo hans. ”Eg hev teket i Mist”, sagde han, ”Gud betre meg so sannt! Men du tilgjev meg, Gunnar, og so kann me skiljast i Fred.” Gunnar saag paa Faer sin med ein sæl Smil: ”No er alt godt!” sagde han. Faae Dagar etter døydde Gunnar. Hallvard leet varleg Augo hans att. ”Vaarherre hev voret god mot oss baade,” sukkad han og saag ut i den klaare Himmelen. ”Farvæl, Son min! Eg kjem snart etter.”
           
Og Hallvard heldt seg stendigt buen til aa ”koma etter.” Men det var paa ein annan Maate no enn fyrr. Han klaarnad – som ein Regndag mot Kvelden. Han vart lettare av Hug, tok til med aa skjera att, og skar endaa reinare og fagrare enn fyrr, tottest Folk, som saag det.                                         
T. O.
 

 

Frå Fedraheimen 20.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum