Fraa Parisframsyningi.

 
Ein dansk Mann, Mekanikus Henriksen i Kaupenhamn, hev uppfunnet ein Maskin til aa sauma Handskar. Han hadde Maskinen paa Wienerframsyningi 1873, men Ingen gaadde honom der. Likeins hadde det nær gjengjet ogso i Paris no. Men ei Dame fekk ein Dag Auga paa Handskar, som var saumade med Maskin, og so vart Maskinen snart framfunnen. Daa Ingen fekk Tingesten til aa arbeida, vart det sendt Telegram til Kaupenhamn etter Eigaren, ”det koste, kvat det vilde”. Henriksen tok Kona si med, kom fram, sette Maskinen i Gong og saumade det eine Par Haadskar etter det andre. Dei baud honom 260 Franks fyr Maskinen, men nokre Landsmenn kviskrade aat honom, at han skulde halda ’n i 200,000 Franks. Kaup vart likvel ikkje av, men Henriksen er sett til Styrar av ei Handskefabrikk med høg Løn; han hev derattaat fengjet høgste Premi og er utnemnd til Riddar av Ærelegionen.
 

 

Frå Fedraheimen 20.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum