Svar til Henrik Krohn.

 
Expeditionschef N. Hertzberg hev i ”Aftenbladet” fyr 13de Novbr. byrjat eit Svar til Hr. Krohn paa det opne Brevet hans i ”Fedraheimen” No. 73. Hr. Krohn vil vel vera den rette til aa svara paa Svaret, um det trengst. Me vil iallfall Inkje segja um detta, fyrr me hev fengjet Høve til aa lesa heile Utgreidingi. Berre ein Ting lyt me nemna, daa den ikkje kjem Hr. Krohn ved. Etter aa ha nemnt Storthingsmann Olafsen og hans Tale i Storthinget ”om Maalsagen” segjer Expeditionschefen, at det er baade løglegt og harmelegt aa sjaa vaare hævaste Bygdemaal lemlestade og hjulbrotne av ”Stympere”, som i Røyndi korkje kann skriva Norsk elder Dansk, og som likvel gjev seg Skin av aa vera (”gebærde sig som”) Styttur og Merkjeberarar fyr Maalsaki. Detta tykkjer no me er helder stygt sagt og uvitugt. For det kann ikkje vera Skilord fyr aa ha ei Meining um den norske Maalsaki, det: aa kunna ”gebærde sig” i Dansk likso lett som Hr. Hertzberg, men me maa ogso leggja til, at me ikkje hev sett korkje Hr. Olafsen elder nokon annar Merkjeberar. skriva klenare Dansk enn dei allra fleste av deim, som er Motstandarar av Maalreisingsarbeidet. Norsk er Hr. Olafsens Morsmaal. Me trur ikkje, at det er gagnlegt, at Menn, som er med i Riksadministrationen, tek til aa kalla Storthingsmenn fyr ”Stympere”.
 

 

Frå Fedraheimen 16.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum